27. april 2019

American Dynasties: The Kennedys (2018)

Det kan ikkje vera mange familiar/slekter der det var så kort mellom suksess og tragedie, og der det var så mange tragiske hendingar. I 1884 vart Patrick Joseph Kennedy valt inn i senatet i Masschusetts. Sonen Joseph Patrick Kennedy var høgt oppe i det demokratiske partiet, var ambassadør i Storbritannina då andre verdskrigen braut ut, og kom då med nokre uttalar som gjorde at han trekte seg ut av politikken.

Han overførte eigne politiske ambisjonar til dei fire sønene sine, og sjølv om tre av dei gjorde det godt som politikarar, kom tragediane tett. Den eldste, Joseph jr., var flygar i flyvåpenet, og miste livet i teneste i 1944. Nummer to, John F. Kennedy, vart skoten i 1963, etter å ha vore president sidan 1961. Den neste, Robert, var justisminister då broren var president. Han var på god veg til å verta nominert som presidentkandidat då han vart skoten i 1968. Den yngste, Edward, vart etter kvart ein stor politikar og demagog, men to ting hindra han frå å verta president: I 1969 køyrde han på ein aude veg saman med ei ung kvinne, truleg for å finna ein stad dei kunne vera i fred. Han køyrde av vegen, og rømde frå ulukka. Han melde ikkje frå før dagen etter, og kvinna vart funnen død. Dette vitna om dårleg handlekraft i vanskelege situasjonar (og det kan henda at han var påverka av alkohol då han køyrde). Han prøvde likevel å verta kandidat i 1980, men fall heilt gjennom i eit fjernsynsintervju.

Det er dei tre siste av desse brørne som får mest plass i serien, men det handlar òg om faren. Og om syster deira, som vart lobotomert. Om mora og konene, som måtte finna seg i at dei fleste mennene gjorde som dei ville med andre kvinner. Om neste generasjon, der spesielt sonen til presidenten, også kalla John F., kunne gjort det bra - hadde det ikkje vore for at han miste livet i ei flyulukke i 1999.

Serien er heilt grei, i alle fall som ein introduksjon til alt dette. Spesielt djupt går ikkje serien, men han vekslar godt mellom arkivklipp, nye intervju med familiemedlemmar, og med forfattarar, akademikarar og journalistar.

Guffen tilrår.

Meir Kennedy på kulturguffebloggen
JFK (film, 1991)
Gerald Posner: Case Closed (1993)

23. april 2019

Jon Savage: The Searing Light, The Sun, and Everything Else (2019)

Dette er ein historie eg har lese og høyrt fleire gonger. Eg har lese bøkene til to av dei tre som overlevde Joy Division (og kjem til å lesa boka til den tredje, når ho kjem ut seinare i vår). Eg har lese boka til Deborah Curtis, som sat att med ei ung dotter. Eg har sett filmen Control. Eg har lese fleire artiklar om bandet. Det var altså noko kjent her, men det var likevel noko heilt anna.

Jon Savage, ein av dei finaste britiske rockjournalistane, har intervjua alle han burde og kunne. Den einaste som manglar er Ian Curtis, men han kjem til orde i sitat frå gamle intervju. Det er ikkje noko komplett biografi, og her er mange motsetnader, men historia står likevel som ein påle.

Fire unge menn kjem saman i Manchester i 1977. Dei finn si eiga stemme, og etter at albumet Unknown Pleasures kjem ut i 1979 går det fort: Dei vert store, dei turnerer, dei skriv nye songar, dei gjev dei ut. Samstundes handlar meir og meir om vokalisten Ian Curtis. Han er den alle ser opp til, og han får ei rolle han ikkje vil ha. Han får eliptiske anfall overalt, han vil ha fred, han vert dregen mellom kona og kjærasten, og han både vil og ikkje vil på turné i Amerika. Kvelden før dei skulle reisa tok han livet sitt. Albumet Closer vart gitt ut to månader seinare, omslaget (som var trykt før sjølvmordet) viste eit gravmonument.

Det er mange fine utsegner i boka, men dei siste kapitla er dei beste. I det siste kapitlet er det omtrent berre dei nærmaste som får koma til orde, og det er uråd å ikkje verta rørt når dei fortel om kor tomt det vart, og kor det plutseleg gjekk opp for dei alle kor store problem Curtis hadde.

Guffen tilrår.

Meir Savage på kulturguffebloggen
England's Dreaming (1991)
Time Travel (1997)
The England's Dreaming Tapes (2010)

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

19. april 2019

Neil Fraser: Long Shadows, High Hopes (2018)

I 1986 gav The The ut albumet Infected, eit album som framleis held seg veldig godt. Der er ein enorm energi, tidvis eit enormt sinne, og der er nok av fengande melodiar og slikt. Då var The The synonymt med Matt Johnson, og sjølv om The The av og til har vore eit band, er det ikkje uvanleg å sjå det heile som Johnson sitt prosjekt.

The The har vore svært mykje av og på. Det går gjerne lang tid mellom kvar ny plate, av ulike grunnar. Denne boka fortel om alt Johnson har gjort i livet sitt, og akkurat der ligg ein av dei to veikskapane ved boka. Den andre er at Fraser er altfor lite kritisk til Johnson/The The - det aller, aller meste Johnson har gjort får positiv omtale her.

Men det er alle detaljane og anekdotane som dreg nivået ned. Det er omtrent som mange Wikipedia-artiklar - utan ein streng redaktør esar artiklane ut, alle små og store hendingar vert med. Slik er det her òg. Forfattar eller forlag kunne med hell kutta ein tredel av boka. Det hadde fått klarare fram kvifor Johnson fortener ein biografi, og det hadde òg gjort lesinga langt meir interessant.

Guffen er lunken.

18. april 2019

Jon Gjerde & Carlton C. Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)

Minnesota Historical Society er ikkje det historielaget eg kjenner best til, men akkurat dette tiltaket skal dei ha ros for: Dei gjev ut ein serie hefte om dei ulike innvandrargruppene som bur der - så langt ser det ut til å ha kome i alle fall ti. Nokre hefte handlar om etniske grupper som ikkje har vore der så lenge, medan andre handlar om grupper som har vore der sidan staten vart grunnlagt og vel så det.

Dette heftet handlar om nordmennene som slo seg ned i Minnesota, og om etterkomarane deira. Heftet er på rundt åtti sider, men det er stappfullt av informasjon. Her står det om kva område i Minnesota innvandrarane frå Noreg slo seg ned i fyrst, det står om kyrkjer og skular, det står om aviser og bøker. Dei to forfattarane skriv innsiktsfullt om korleis nordmennene gradvis vart amerikanske, og korleis dyrkinga av det norske gjekk i bølgjer.

Ei heilt grei bok, som fungerer som ein god introduksjon - både til den etniske gruppa ho handlar om, men òg til meir kunnskap om den gruppa. Dei mange kjeldene som er brukte kan godt fungera som ei liste over lesetips.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

13. april 2019

Motorpsycho (Hulen, Bergen, 11. og 12. april 2019)

Som i september 2017 spelte Motorpsycho to konsertar i Bergen. Då skreiv eg at dette var omtrent som i gamle dagar, men det passa endå betre denne gongen. Dei spelte på Hulen, som var der eg fyrste gongen var på Motorpsycho-konsert, i mars 1992. Det er lenge sidan - på veg til den fyrste av desse konsertane slo det meg at 27 år er om lag halve livet mitt. Og det slo meg igjen kor lenge bandet har drive på, og kor imponerande det er at dei framleis leitar etter noko nytt, at dei framleis er så friske og relevante, at dei framleis er så like og ulike seg sjølv.

Så kom eg inn på Hulen, og det slo meg at noko har endra seg sidan eg budde i Bergen i 1990-åra. Då var det ikkje vanleg at konsertar byrja spesielt tidleg, men slik er det visst no. Eg kom til Hulen rundt ti over ni, og tenkte eg var ute i god tid. Det var eg ikkje - dei var nesten ferdige med "Gullible's Travails". Eg vart møtt av ein vegg av folk på veg inn i konsertsalen på Hulen, og såg ikkje spesielt godt - det tok nesten eit kvarter før eg fekk lirka meg så pass langt inn at eg såg alle fire på scena. Dei har igjen med seg Reine Fiske, slik at dei framstår som ei svensk-norsk gruppe, med to frå kvart land.

Det var ein fin konsert, men likevel eit godt stykke frå maksnivået deira. Hovudtyngda av setlista låg på dei to siste albuma deira, den einaste retteleg gamle songen var vel "Greener".

Den andre konserten vart som venta heilt annleis, og det var ein langt meir vellukka konsert. Eg var (ikkje uventa) ute i god tid, og sikra meg favorittplassen rett framfor miksebordet. Her var lyden god så godt som heile kvelden. Motorpsycho overrraska heilt frå opninga - alle dei tre frontpersonane fann fram akustiske gitarar, Bent sa noko om at alle måtte henta fram den indre hippien sin, og dei fem fyrste songane var alle akustiske. Dei opna med ein cover, "Nature's Way" av Spirit, og fylgde opp med gode og gamle songar - her kom "Starmelt/Lovelight" og her kom ein fabelaktig versjon av "Watersound". Det var faktisk slik at eg tenkte at dei godt kunne halda fram akustisk ei stund til, men det tenkte eg ikkje lenge: Den fyrste elektriske songen var tittelsporet frå "The Crucible", som var sylskarp.

Denne, og dei aller fleste av dei andre songane, hadde lange instrumentalparti, der det som vanleg var rom for alt. Nokre få gonger gjekk det litt skeis, men som regel var det toppnivå heile vegen. Gitaristen Snah var i toppform aboslutt heile kvelden, og kom med nokre soloar og riff som var av ei heilt anna verd. Og setlista var sjølvsagt heilt endra frå kvelden før - berre fire songar vart spelt begge kveldane.

Det var ein stor kveld. Publikum kosa seg, bandet kosa seg. Tomas Järmyr på trommer er ikkje berre ein fabelaktig musikar, han er òg fabelaktig å sjå på - han er den av dei fire som smiler mest, og som ser ut til å kosa seg mest. I alle fall - for min del kan bandet gjerne halda fram med å spela på dei litt mindre scenene i Bergen. Då vert det gjerne ein ekstrakonsert av det, og då veit me at den andre av desse kveldane vert det noko spesielt.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

9. april 2019

Vidar Kvalshaug: Nesten som på film (1998)

Denne boka kom ut i 1998, og er den førebels siste romanen til Kvalshaug. Handlinga er henta frå eit miljø han var meir oppteken av tidleg i forfattarskapen. Hovudpersonen, Monty Friedland, lever litt på kanten av samfunnet. Han greier seg nokolunde godt, men har eit laust forhold til det meste. Jobb. Damer. Familien.

Friedland prøver å bryta opp, men greier det ikkje heilt. Han kjem tilbake til Oslo, der han møter gamlekjærasten. Ho har, utan at han veit det, fått ei fin inntekt frå fantasien hans. Han dikta opp historier i søvne, ho skreiv dei ned, og selde dei til blad og forlag. Ho sette saman historier til eit filmmanus, og filmen var ei storsatsing. Han får invitasjon til premieren, og det kunne vorte eit gjennombrot for han.

Kvalshaug er ikkje den stilsikre skrivaren enno, og det er ei noko ujamn bok. Av og til er det bra, av og til verkar det ikkje heilt ekte. Mange av dialogane og replikkane verkar til dømes tilgjorte.

Guffen er lunken.

Meir Kvalshaug på kulturguffebloggen
Ingen landevei tilbake (1996)
Juling og andre kjærtegn (2000)
Komme hjem og reparere hus (2005)
Den første av dine aller siste sjanser (2009)
Trampolineland (2012)
Alt på stell (2016)
Blodbøksommer (2017)

6. april 2019

Terje Aarset: Den nynorske songskatten (2009)

Terje Aarset har arbeidd mykje med ulike sider av den nynorske kulturhistoria. Han er ein av dei store Aasen-kjennarane, og har òg skrive mykje om songtekstar. I denne boka presenterer han historia til femten nynorske songar, og det gjer han med glans.

Den ferskaste teksten som er med er "Det lyser i stille grender", som fyrste gong stod på trykk i 1931, med tittelen "Julesong". Det kan vera minst to grunnar til det. Det kan vera den perioden han er mest interessert i, og det kan vera den perioden det kan gravast mest i. For Aarset ser ut til å trivast aller best når han kan leita etter detaljar knytt til songane. Det kan vera identifisering av ukjende komponistar, det kan vera leiting etter originalmanus, det kan vera brevvekslingar knytt til songen, osb. Desse delane av kvar artikkel er gjerne dei mest spanande.

Til mange av songane knyter det seg gjerne historier, og desse historiene kan godt motseia kvarandre. Det finst til dømes fleire forteljingar om kvar Tore Ørjasæter skreiv "Å Vestland, Vestland". I slike tilfelle prøver Aarset å finna ut kva som er den rette.

Han skriv òg om dei ulike melodiane som er laga til kvar song, og for meg er det den minst interessante delen av artiklane. Meir spanande er det når han skriv om variantar av tekstane.

Guffen tilrår.

5. april 2019

Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)

For dei som vil skriva bøker om Marx Brothers er det relativt få ledige vinklingar. For nokre år sidan gav Noah Diamond ut ei bok om I'll Say She Is, det delvis gløymde stykket som vart gjennombrotet deira på Broadway. Denne boka legg seg litt i same leia, men resultatet er ikkje like vellukka.

At surrealisten Salvador Dalí var på god fot med Harpo Marx er velkjent. For biografar er det òg vanleg å skriva at Dalí skreiv manus til ein Marx-film som det ikkje vart noko av. Utgangspunktet for denne boka er at dei vil finna ut korleis denne filmen kunne ha vorte. Ein god plan, men boka har diverre ein så uklar introduksjon at det er vanskeleg å sjå kven som har skrive resten av boka. Inntrykket mitt er at dei har utfylt manuset til Dalí. Dei har funne nokre stikkordslister, og frå etterkomarane til Harpo fekk dei noko som kan ha vore eit fullt manus.

Så kjem manuset, som teikneserie. Det er ein einaste lang nedtur. Teikningane er ikkje spesielt gode, historia er ikkje god, og det er aldeles fritt for vitsar som kunne ha skrive seg inn i Marx-historia. I dei beste filmane deira kjem vitsane av dei er gode. I denne boka kjem dei av di forfattarane, anten det er Dalí eller andre, vil vera rare. Det er ikkje vidare vanskeleg å skjøna at dette aldri vart filmatisert.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon AlexanderThe Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)

4. april 2019

Paul Auster: Man in the Dark (2008)

August Brill, hovudpersonen i denne romanen er ein eldre mann. Han bur saman med dottera og dotterdottera, og dei har ein ting felles: Dei har relativt nyleg mist ein dei var svært glad i. Forteljaren har mist kona si, og slit med å få sova.

Den natta denne romanen fortel om ligg han vaken omtrent heile tida. Han får tida til å gå ved å dikta opp historier, og halve boka går med til ein slik historie. Ein mann, Brick, er i eit USA han ikkje kjenner seg att i, det er eit samtidig USA, der det er borgarkrig. Han vert sendt til krigssona, og for å berga livet må Brick ta livet av ein mann som heiter August Brill. Så langt kjem han aldri. I staden for at Brill diktar vidare på historia får han selskap av dotterdotter si, og resten av natta snakkar dei med kvarandre om liva sine.

Det er berre sånn middels vellukka. Romanen handlar (dels) om eit USA som er på veg under, og slik er det òg med boka. Ho veit ikkje heilt kvar ho vil, det vert mange historievendingar som ikkje tek av. Det slo meg under lesinga at romanen minner om noveller som er hekta saman, og at Auster ikkje har gjeve ut noko novellesamling. Det slo meg òg at sjølv om Auster er ein stor forfattar er han ikkje nokon stor humorist. Det som måtte vera av humor i dialogar og slikt verkar anstrengt. Det anar meg òg at poenget med at Brick skal drepa Brill gav Auster større glede enn mange av lesarane hans hadde av det same poenget.

Guffen er lunken.

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Bloodbath Nation (2023)
Baumgartner (2023)

2. april 2019

Gunnar Kagge: Kunsten å sykle USA på tvers (2017)

Gunnar Kagge er journalist i Aftenposten. Han er òg ivrig syklist, og sommaren 2016 fekk han redaktøren med på eit prosjekt han hadde drøymt om lenge: Han sykla gjennom USA, frå Washington D.C. i aust til Seattle i vest. Undervegs snakka han med folk om politikk. Dette var under den amerikanske presidentvalkampen, og han ville finna ut kvifor så uventa mange støtta Trump, og kvifor så uventa mange ikkje likte Hillary Clinton.

Ein kunne brukt uttrykket "mannen i gata" om dei han snakka med, men det ville ikkje vore heilt dekkjande. Vegen hans går utanom alle store byar, der det ikkje er spesielt mange gatene, og der alle butikkar langs gatene gjerne er nedlagde. Han kjem lett i snakk med folk, han syklar langs ei av dei mest brukte sykkelrutene gjennom USA. Han treffer mange syklistar, men han treffer òg mange som hjelper syklistar. Svært ofte roper folk til han at han kan sova hjå dei, og at han kan få dusja og eta der. For han er dette fantastisk, også av di han får snakka litt med folk før han fortel kva han eigentleg vil snakka med dei om.

Det er ein finfin bok. Han skriv godt, og han varierer godt mellom sykling, snakking, og historiske fakta. Han er kunnskapsrik, og ser ut til å vera ein god samtalepartnar.

Guffen tilrår.