27. mars 2010

Motorpsycho & Supersilent (Vossasalen, Voss, 26.3.10)

Motorpsycho er eit leitande band. Dei har vore innom ei rekkje sjangrar, det verkar som om dei har ei innebygd frykt for å stagnera, for å repetera seg sjølv. Dei improviserer støtt på scena, og denne improvisasjonen er langt vanlegare i jazz enn i rock. Dei har mellom anna samarbeidd med fleire norske jazzgrupper, og har saman med desse hatt konsertar på Moldejazz og Kongsbergjazz. Slik sett var det ikkje noko bombe at dei dukka opp på Vossajazz, saman med Supersilent, som ein av dei siste stoppane på ein turné i regi av Rikskonsertane.

Desse to banda er kjende frå før. Supersilent feira 10-årsjubileum i 2008, og inviterte då med seg Motorpsycho til ein konsert i Oslo. Helge Sten, drivkrafta i Supersilent var òg med i Motorpsycho nokre år tidleg i 90-åra.

Det vart ein fin kveld. Dei to banda står godt til kvarandre, både visuelt og musikalsk. Motorpsycho heldt seg på venstre side av scena, Supersilent til høgre. Det var mykje improvisasjon, men langt frå heile tida, slik dei hevda i intervju før turneen tok til. Ved minst tre høve gjekk dei over i Motorpsycho-songar, sjølvsagt i ei ny form, og for meg var dette (ikkje uventa) høgdepunkta. Dei bygde òg opp nokre fantastiske crescendoar, der dei såg ut til å storkosa seg. Spesielt Snah bevega seg meir enn han har for vane, og samspelet mellom han og Sten var framifrå. Nokre få gonger fekk eg flashback til Motorpsycho-konsertar frå tida Sten var med i bandet, og frå platene dei gav ut då.

Lysshowet var innovativt, det var spent eit finmaska nett framfor scena, og med lyskastarar bak scena avteikna det seg mønster og figurar på dette nettet. Det meste var altså bra, men der var nokre daudpunkt - dei gongene det vart for mykje Supersilent og for lite Motorpsycho, vart det ein del gjesping.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater 7.9.16

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar