28. januar 2020

Erlend Loe: Dyrene i Afrika (2018)

Eg har ikkje lese spesielt mange bøker av Erlend Loe. Eg las debuten, og var sånn mellomnøgd. Så las eg halve Naiv. Super, og forstod ikkje poenget. Så las eg eit avsnitt om Kjartan i L, og det er alt. Denne boka var så pass bra at eg kanskje må lesa meir av han.

Utgangspunktet er like greitt som det er usympatisk: Fem personar kjem i snakk etter eit foredrag. Dei er i ulike fasar i livet, og viss dei har noko fellestrekk er det at dei treng litt avveksling, og at dei har ei viss interesse for Afrika. Det er ei kvinne og fire menn, og ein gong dei er samla foreslår kvinna at dei, sidan dei er opptekne av miljø og natur og sånn, bør reisa til Afrika for å skjenda nokre ville dyr. Det viser seg at det finst eit firma som spesialiserer seg i sånn ynskje, og sidan ein av dei fem er tjukk i pengar reiser dei sørover relativt raskt.

Alt går ikkje etter planen. Det går med nokre kroppsdelar, ein flyttar saman med nokre ville dyr, ein skiftar seksuell legning, osb. Og dei får ikkje dokumentert det dei held på med, slik at turen heller ikkje får det resultatet dei vona på.

Det er ein fin bok. Heller ikkje her lo eg høgt, men eg smilte ofte og humra kanskje ein gong eller to.

Guffen tilrår.

Meir Loe på kulturguffebloggen

26. januar 2020

A Hidden Life (2019)

I ein liten landsby høgt oppe i den austerrikske fjellheimen bur Franz Jägerstätter. Han er patriot, men er samstundes overtydd pasifist. Han vert kalla inn til militærteneste seint i 1930-åra, og drøftar alt då ståstaden sin. Etter at krigen bryt ut vert dei fleste austerrikske menn kalla til teneste for det tyske forsvaret. Jägerstätter er bonde, og får difor utsetjing, men i 1943 vert han kalla inn. Han nektar å avleggja eid til føraren, og vert sett i fengsel. Både venar og prestar prøver å få han til å skifta meining. Han nektar, sjølv om han veit at han kjem til å verta avretta.

Historia om Jägerstätter er sann. Malick har basert filmen på ei samling brev Jägerstätter skreiv medan han sat fanga, og ut frå det eg les meg til på nettet ser det ut til at han berre har gjort ei stor endring: Han har tona ned at det kristne livssynet til Jägerstätter var ein av grunnane til at han ikkje ville bera våpen.

Filmen er framifrå. Det går i eit roleg tempo, der kontrasten mellom den usannsynleg vakre fjellandsbyen og måten familien hans vert handsama er dominerande. Kameraet vert oftast sendt tett på dei som snakkar, men det er ikkje den einaste måten me kjem innpå dei. Det rolege tempoet gjev oss òg tid til å tenkja over valet til Jägerstätter. Han får fleire gonger spørsmål om kva som er vitsen. Fleire seier til han at det ikkje vert nokon annan konsekvens enn at han misser livet, og at kona og dei tre borna må leva livet utan han. Han svarar normalt ingenting, men han tenkjer truleg det same som oss andre: Sjølvsagt kan enkeltpersonar endra verda.

Guffen tilrår.

Meir Malick på kulturguffebloggen
Badlands (1973)
Thin Red Line (1998)
The Tree of Life (2011)

25. januar 2020

Sjur Bygd: Valplassen (1921)

Sjur Bygd hadde ei uvanleg publiseringshistorie. Debutboka kom i 1915, og dei neste ti åra kom det tre bøker til. Så gjekk det 24 år til neste bok; i denne perioden arbeidde han som gardbrukar, bankkasserar og ordførar. Tre av bøkene hans formar ein trilogi, og den vart òg publisert på ein rar møte: Holmgang (1917) kom fyrst ut, men avsluttar trilogien. Denne boka kom i 1921, og er opningsbandet i trilogien. I 1949 kom I hamskifte, som altså er bandet i midten.

Desse bøkene vert altså rekna som ein trilogi, men det er mest av di dei same personane dukkar opp. Holmgang opnar med dødsfallet til Hans Bernt Kambe, ein sterkt mislikt kar i bygda. Sidan bøkene vart presenterte som ein trilogi rekna eg med at han skulle vera meir dominerande i denne boka, men han har i beste fall ei birolle. Her er han ein liten gut som berre er med av og til. Han viser rett nok nokre av dei same trekka som vert tydelegare i Holmgang.

Boka krinsar mykje om uvenskapen mellom dei to gardane Svartjorde og Lokkstad. Det er nesten slik at gardane, og for så vidt resten av bygda og dalen, er hovudpersonane i boka. Dalen og bygdelivet vert glimrande skildra, i eit formsikkert språk, og det er lett å kjenna att mange av personane, og måten dei fører seg på.

Det vert likevel aldri noko vellukka roman av dette. Mange av kapitla vert som noveller, der nye personar dukkar opp, får ei sentral rolle, og forsvinn att. Boka er best mot slutten, der det dreg seg til med dramatikk, dødsfall, skuldingar og krangling.

Guffen er lunken.

Meir Bygd på kulturguffebloggen
Holmgang (1917)

20. januar 2020

Ivar Aasen: Ervingen (1855)

Det er velkjent at Ivar Aasen var glad i teater. Han budde i Kristiania i bortimot femti år, og var støtt og stadig på teater. Han var spesielt glad i lette syngjespel, og i fylgje dagboka hans såg han berre to stykke av Ibsen.

Aasen var oppteken av å ta landsmålet i bruk på så mange område som råd, og slik sett var det ikkje rart at han skreiv dette skodespelet. Det kom relativt tidleg i forfattarskapen hans. Det var det fyrste verkeleg skodespelet på landsmål - året før vart I marknaden, også skrive av Aasen, framført på Det Norske Theater. Det er altså eit viktig verk. Kvaliteten er diverre ikkje like høg.

Me er ute på landsbygda. Hermann Sauenbach har eit fint namn, men garden hans er ikkje like framståande. Trond på Bøen siklar etter Inga, dotter til Sauenbach, men ho er ikkje interessert i han - ho har meir sans for Åmund, ein heimkomen son som har odel på garden Sauenbach driv. Me anar altså konturane av eit trekantdrama, men det vert aldri spesielt dramatisk. Åmund og Inga finn kvarandre, faren gjev samtykke til at dei kan gifta seg, og alt er berre velstand.

Med betre replikkar og færre monologar, med nokre meir fart i handlinga, gjerne med nokre uventa vendingar og hendingar, kunne dette vorte langt betre. No er det altså sånn middels. Ein kan godt dra parallellar til arbeidet til Aasen - i stykket er det ein ung mann som kjem på plass att; i arbeidet til Aasen er det eit nytt språk som kjem på plass i landet sitt.

Guffen er lunken.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Garborg, Hovden, Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Symra (2013)
Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)
Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)

18. januar 2020

Sigrid Undset: Fru Marta Oulie (1907)

Sigrid Undset er best kjend for dei historiske romanane sine, og var det opp til ho ville ho også ha debutert med ein historisk roman. Det manuskriptet vart avvist av forlaget, som sa at dei heller ville ha ein moderne roman. Undset svara med denne, som absolutt levde opp til ynsket.

Opningssetninga er velkjend - "Jeg har vært min mann utro". Det er ein dagboksroman, der Marta Oulie fortel om godt og vel to år. Mannen hennar, Otto, er tuberkulosesjuk, og ho skriv dagbok, dels for å forstå det som har skjedd i livet hennar. Der er like mange tilbakeblikk som samtidsskildringar, og det er i desse tilbakeblikka den største dramatikken ligg. Ho hadde eit kort forhold til Henrik, som både var syskenbarnet til Otto, og som dreiv forretning saman med han, og dette er bakteppet for det meste ho skriv om. Ho vitjar ofte Otto på sanatoriet der han er det meste av tida, og av og til dukkar Henrik opp for å drøfta forretningar.

Det handlar sjølvsagt om kjønnsroller, og kor ulike forventningar ein hadde til menn og kvinner. Otto fortalde ho tidleg at han hadde hatt forhold til andre kvinner før, og det gjekk greitt for Marta å akseptera. Sjølvsagt er det litt annleis å ha eit forhold til nokon når ein er gift, men det er likevel tydeleg at ei kvinne ikkje skal halda på slik.

Guffen tilrår.

16. januar 2020

Deadwood, sesong 1 (2004)

Ja, nei, det er jo alltid greitt med litt western-greier. Denne serien har det meste av det western-greier plar ha, med unntak av indianarar. Her er drikking, skyting, damer, sheriffar, sterke menn som passar på kvinner, osb. Men her er òg sterke kvinner, og i all lovløysa er det òg nokre som oppfører seg fint.

Serien er laust basert på verkelege hendingar. Byen Deadwood vaks fram i 1876, og sidan byen ikkje låg i nokon stat var staden i praksis lovlaus. I serien, som i røynda, var bar- og horehuseigaren Al Swearengen den som bestemte mest. Han vert framifrå framstilt her, han er stort sett forbanna på alt og alle, og spesielt mot dei han kan hersa med. Han ser likevel verdien av å halda seg på god fot med andre sterke menn, og motstykket hans er Seth Bullock. Bullock var marshall, men flytta til Deadwood for å prøva lukka der, saman med venen Sol Star. Bullock og Swearengen har respekt for kvarandre, men kranglar av og til så det suser.

Ein av grunnane til at Swearengen har respekt for Bullock er at han veit at Bullock er svært dyktig med skytevåpen. Han var på lag med Wild Bill Hickock, fram til Hickock vert drepen av ein alkoholisert pusling.

Der er mange andre konfliktliner i serien, og Swearengen er involvert i dei fleste. Han kranglar med horene sine, han er ikkje godt likt av alle som arbeider for han, han kranglar med han som opnar bar/horehus tvers over vegen, han kranglar med dei som kjem frå nabobyen, og så bortetter. Det er ein fin serie med god framdrift, og alt ligg til rette for at kranglinga held fram i neste sesong.

Guffen tilrår.

Meir Deadwood på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2005)
Sesong 3 (2006)
Deadwood. The Movie (2019)

15. januar 2020

John Steinbeck: The Short Reign of Pippin IV (1957)

Dette er den nest siste romanen Steinbeck gav ut, og det er ein roman som bryt med det meste anna han har skrive. Det handlar ikkje om hard sosialrealisme og folk med dårleg råd frå California. Dette er ein satirisk roman, som handlar om då kongehuset i Frankrike vart vekt til live i 1950-åra.

Alle politiske parti i Frankrike, både kjende og ukjende, både store og små fraksjonar, kjem saman for å finna ut korleis landet kan reddast. Det kjem framlegg om at landet skal gå tilbake til ordninga med kongedømme, og når det viser seg at Pippin Heristal, ein heller kjedeleg kar som mest av alt vil kika på stjernehimmelen gjennom teleskopet sitt, ættar frå ein konge, vert alle samde om at han er den rette. Det er han ikkje, han likar absolutt ingenting ved å vera konge, og bruker heller tida sida på å anten å forkle seg eller å putra langt vekk på scooteren sin, for å snakka med folk som ikkje veit at han skal forestilla ein konge.

Undervegs sparkar Steinbeck i dei fleste retninga. Eg skreiv at det meste er ulikt, men den politiske grunnhaldninga hans ligg fast. Både franskmenn og amerikanarar får passet sitt påskrive, men dei han vitsar mest med er dei kongelege.

Diverre er det slik at humor ikkje er det verkemiddelet Steinbeck beherskar best. Ideen er god, utgangspunktet er godt, men romanen tek ikkje heilt av. Det vert altså ei bok på det jamne, dette.

Guffen er lunken.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

14. januar 2020

Flannery O'Connor: Everything That Rises Must Converge (1965)

Flannery O'Connor gav ut to samlingar noveller. Dette er den andre, og boka kom ut året etter at ho døydde. I eit føreord skriv Robert Giroux at ho arbeidde med novellene heilt til det siste. Under ein månad før ho døydde hadde dei kontakt om ei av novellene hennar.

Det er ei svært, svært solid samling noveller. Dei er ikkje like lystige som novellene i den fyrste samlinga hennar, A Good Man Is Hard to Find, men her er framleis mykje å smila av. Om komikken er tona noko ned er det religiøse meir til stades, både tema i og namn på novellene vitnar om det - smak til dømes på titlane "Revelation" eller "Judgement Day".

Hovudpersonane er oftast vaksne kvinner, og det er ikkje uvanleg at dei har store fordommar. Dei ser ned på naboar, dei ser ned på familiemedlemmar, dei ser ned på dei som arbeider for seg. Handlinga skjer oftast på landsbygda i dei amerikanske sørstatane, unntaket er "Judgement Day". Der er ein eldre mann på besøk hjå dottera i New York, og alt han kan tenkja på er å koma seg attende til Georgia, der han vil døy og gravleggjast.

Det er stas å lesa desse novellene, men det er òg trist. For eit tap det var at O'Connor berre vart 39 år gamal.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

13. januar 2020

Jon Fosse: Det er Ales (2004)

Frå midten av 90-åra gav Fosse årleg ut minst eitt skodespel. Det gjekk litt meir tid mellom kvar roman, denne kom fire år etter Morgon og kveld og tre år før Andvake. Dei fleste romanane hans frå denne perioden er heller korte, men for nokre leseopplevingar det er. Dette er ein finfin roman, sjølv om det nok er den minst sterke av romanane Fosse har gjeve ut på 2000-talet.

Me er i kjent Fosse-terreng, ved kysten ein stad på Vestlandet. Signe er ei godt vaksen kvinne, som miste mannen sin mange år tidlegare. Han hadde gått ut, eigentleg for å gå ein tur, men fekk lyst til å ta ein tur ut på fjorden sjølv om veret var stridt og bølgjene gjekk kvite. Romanen vert fortalt av ulike røyster, og romanen fortel om hendingar til tre ulike tider. Vekslingane skjer ofte, og utan at ein merkar det er ein nokre generasjonar tilbake i tida, der ein liten gut druknar då han leikar med ein båt han har fått til gebursdagen sin.

Og så er det dette språket til Fosse. Han skriv så vakkert, dei mange repetisjonane gjer det heile til rein poesi, og det er ein fryd å lesa det heile. Fosse har full kontroll på alt, noko han signaliserer greitt ved å lata ein eg-person, som er den eigentlege forteljaren og som godt kan vera forfattaren, dukka opp to gonger - i den fyrste og siste setninga i boka.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

12. januar 2020

Jens K. Styve: Dunce. Lut og kaldt vatn (2019)

Jens K. Styve har gitt ut teikneseriar i nesten tretti år. Han kan såleis faget sitt, for Dunce er ein solid serie. Styve har òg gjeve ut to romanar, der han òg viser at han er ein god historieforteljar.

Dunce er striper, det er altså (som regel) fire teikningar med eit poeng til slutt. I denne boka er det òg ein gjennomgåande historie, der hovudpersonen i serien, teiknaren Jens K., flyttar saman med andre inn i eit nytt kontorkollektiv. Dei får ikkje gjort så mykje der, men for serien sin del er det berre bra. Det skjer òg mykje anna, mellom anna i samspelet mellom Jens K. og sonen.

Det heile er svært vellukka. Stripene kallar fram meir humring enn latter, og det er sjølvsagt heilt greitt. Det er gode teikningar, gode tekstar og gode poeng, og då er det vel slik at eg må få tak i den Dunce-boka som kom før denne òg.

Guffen tilrår.

Meir Styve på kulturguffebloggen
Eg, Ove Kvamme (2008)
Friedland (2013)

Dunce. Apokalypse snart (2020)

11. januar 2020

Brett Anderson: Afternoons With the Blinds Drawn (2019)

Denne boka er eit framhald av Coal Black Mornings, som eg las i desember. Den boka handla om oppveksten til Brett Anderson, og slutta med at bandet hans, Suede, stod rett framfor det store gjennombrotet. Denne boka fortel om tida hans i Suede fram til bandet vart oppløyst i 2003. Eg har korkje høyrt eller sett noko om eit framhald, men for min del kan det gjerne koma eit. Også denne boka er finfin.

Boka er finfin, og ho er langt meir finfin enn musikken. Anderson skriv mykje om korleis songane deira vart skrivne, og korleis dei arbeidde i studio, og rett som det er skriv han at dette er ein av songane deira han set høgast. Eg leitar songen fram på nettet, høyrer på songen, og tenkjer at dette var jo sånn middels.

Det som gjer boka bra er språket til Anderson. Han skriv poetisk og flott, med lange setningar som berre flyt av stad. Han er ein god forteljar, sjølv om fleire av dei korte anekdotane som innleier mange av kapitla er utan noko godt poeng. Han skriv godt om dei som er rundt han, både dei i og rundt bandet og dei han bur saman med elles. Han er open om eige rusmisbruk, men ikkje altfor open - han skriv ikkje namnet på stoffa han brukte, sjølv om me skjønar at det etter kvart vart sterke saker. Han skriv også overraskande lite om bassisten Mat Osman og trommeslagaren Simon Gilbert - dei to andre som var med gjennom heile denne perioden av Suede.

Guffen tilrår.

Meir Anderson på kulturguffebloggen
Coal Black Mornings (2018)

8. januar 2020

Øyvind Holen: Nye Hiphop-hoder (2018)

Dette er oppfølgaren til ei bok eg las i fjor. I den skreiv Holen om dei fyrste åra med hiphop i Noreg, og eg var berre sånn middels imponert. Det spelar sjølvsagt inn at eg ikkje er spesielt begeistra for hiphop, men boka var ikkje god nok. Det stod mykje om dei tidlege artistane, men det som heva nivået på den boka var det han skreiv om kjenneteikna ved hiphopkulturen.

Det siste er diverre heilt fråverande i denne boka. Her skriv om han om korleis norsk hiphop vart større og større. Det er framleis opplagt at dette må vera meir interessant for dei som kjenner musikken og artistane, men for ein som meg, som har sett alt saman frå utsida, og som framleis reknar ein Karpe Diem-konsert på Øya 2010 som rimeleg mislukka, er det ikkje mykje å henta.

Artistane kjem og går gjennom heile boka, nokre har eg høyrt om, andre er heilt ukjende. Holen skriv minimalt om kva som kjenneteiknar musikken deira, og det heile vert diverre redusert til ei lang, lang rekkje med artiklar om framande artistar. Eg er heller ikkje imponert over dei mange utdraga frå tekstar dei har skrive.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Holen på kulturguffebloggen
Hiphop-hoder (2014)

7. januar 2020

Sigbjørn Hølmebakk: Karjolsteinen (1975)

I fjor las eg ei bok der Jan H. Landro skreiv om interessante personar frå bøker i norsk litteratur. Mange bøker var ukjende for meg, mange forfattarar var berre namn. Eg noterte meg dei bøkene/personane som verka mest interessante, og dette er ei av dei. Eg har ikkje lese noko av Hølmebakk før, det nærmaste eg kjem er ein halvtimes prat med bror hans på eit loft hjå Gyldendal.

Romanen har to hovudpersonar. Den eine, forfattaren Olav Klungland, får ikkje til romanen han skriv på. Han vert beden om på vitja ein partikollega som ligg for døden på eit sjukehus i Oslo, han vert beden om å halda eit foredrag på ein politisk konferanse i Sverige, og dette (og andre ting) er med på å dra han vekk frå romanen. På sjukehuset møter han Eilif Grøtteland, ein prest som inviterer Klungland heim, og der får Klungland høyra heile livshistoria hans.

Det handlar mykje om døden i denne boka, både i det Klungland opplever og det Grøtteland fortel. Det heile vert fortalt på ein smidig og god måte, kanskje spesielt i midtpartiet, der Grøtteland fortel om livet sitt. Han hadde eit vanskeleg forhold til broren Lars, ikkje minst av di han (Lars) melde seg inn i NS.

Guffen tilrår.

4. januar 2020

Curb Your Enthusiasm, sesong 9 (2017)

Dette vart eit slags gjensyn med denne serien. Det er nokre år sidan eg såg dei fyrste åtte sesongane, og denne sesongen er alt eit par år gamal. Det var eit godt gjensyn, og eg tenkte fleire gonger at eg ikkje skulle hatt noko problem med å sjå dei åtte fyrste sesongane på nytt.

Det er som før: Larry David spelar seg sjølv, og gjer sitt beste for å koma opp i ubehagelege situasjonar. Han seier det han tenkjer, og bryr seg lite om at dei rundt han bed han tona det ned eller skifta tema heilt. At han har så pass godt forhold til nokre av dei rundt seg er eigentleg uforståeleg.

Han bur åleine, og leiger ut eit hus i hagen til Leon. Dei to er på god fot heile tida, men det er omtrent dei einaste. Me møter òg jamleg manageren til David, og kona hans (som er den David kranglar mest med). Me møter ekskona til David, som er saman med Ted Danson, ein av dei beste venene til David. Me møter ein del andre, mellom anna ei kvinne som er kjærasten hans i nokre episodar.

Den gjennomgåande historia handlar om musikalen Fatwa, som David skal skriva. Etter at han har vore gjest på eit talkshow vert det lyst ut ein fatwa på David, som gjer at han i nokre episodar går med ei fabelaktig forkledning. Det sluttar han med etter at han møter Salman Rushdie forklarar han at fatwaen er reine damemagneten. Fatwaen vert avblåst, men det vert likevel ikkje noko av musikalen, etter eit hendeleg uhell på ein paintball-bane.

Det er mykje humring og litt latter. Det meste vert framleis improvisert, og det meste er framleis meisterleg oppbygd.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 10 (2020)
Sesong 11 (2021)
Sesong 12 (2024)

1. januar 2020

Gerald Posner: Case Closed (1993)

Det står mykje oppsiktsvekkjande i denne boka, og noko av det mest oppsiktsvekkjande kjem alt i den fyrste setninga i føreordet: "More than two thousand books have been written about the assassination of President John Kennedy". Andre meiner rett nok at talet er halvparten, men likevel: Minst tusen bøker på tretti år! Ein skulle tru at det meste var sagt, men denne boka står likevel som ein påle. Posner har gjort ei rekkje nye intervju, mellom anna med nokre som aldri har snakka om denne saka, og han går så langt inn i alle detaljar at det er forståeleg at boka framleis vert omtala som heilt sentral i det som er skrive om mordet i 1963.

Den viktigaste grunnen til det er dei mange konspirasjonsteoriane som handlar om mordet. Dei aller, aller fleste av dei tusen (eller to tusen) bøkene handlar om slike teoriar. Posner plukkar alt frå kvarandre, og viser at den offisielle versjonen er den rette: Lee Harvey Oswald var åleine om drapet på presidenten, og Jack Ruby var åleine om drapet på Oswald. Begge drapa var så laust planlagt at det lett kunne gått annleis.

I den fyrste halvdelen av boka skriv Posner om livet til Lee Harvey Oswald. Han kom frå ein ustabil familie. Han verva seg i militæret så fort han kunne, men fann seg ikkje til rette der. Han utvandra til Sovjetunionen, men returnerte til USA av di han meinte at kommunismen ikkje fungerte. Tilbake i heimlandet kalla han seg ikkje lenger kommunist, men marxist-leninist. Han hadde gifta seg i Sovjet, og fekk etter kvart to døtre, men budde ikkje alltid saman med familien. Han sleit med å finna fast arbeid, han var vanskeleg å ha med å gjera, men to veker før mordet fekk han seg jobb på Texas Book Depository. Frå sjette etasje i boklageret skaut han Kennedy, og vart sjølv drepen av Ruby to dagar etterpå.

Både i skildringa av livet til Oswald og i resten av boka stoppar Posner opp kvar gong dei mange konspirasjonsteoretikarane har konstruert ei alternativ sanning. Han viser, gong etter gong, korleis den offisielle versjonen er rett. Og han viser kor ufatteleg tynn konspirasjonssuppa er.

Guffen tilrår.

Meir Kennedy på kulturguffebloggen
JFK (film, 1991)
American Dynasties: The Kennedys (2018)