8. november 2010

The Beatles Anthology (1995)

Viss ikkje ein serie som denne er vellukka, skulle dei som laga serien ha gjort mykje rart. Ein ting er at musikken jamt over er glimrande, ein annan ting er at det finst så enorme mengder med filmopptak av Beatles, at dei må ha kutta vekk mange godbitar.

Serien vart laga i 1995. Etter mange år med venting og planlegging vart han endeleg realisert, og det som bind det heile saman er intervju med dei sentrale personane. Dei tre attlevande Beatles-medlemmane kjem mykje til orde, men også nære medhjelparar som produsenten George Martin og altmoglegmannen Neil Aspinall snakkar mykje. Andre av dei som stod rett utanfor den næraste krinsen er likevel ikkje med, til dømes Yoko Ono eller Pete Best, trommeslagaren som vart sparka rett før den fyrste plateinnspelinga deira.

Serien har åtte episodar, og varer i rundt ti timar. Det vil seia at det er rom for mange detaljar, og av og til vert det for detaljert. Her kjem mange scener som viser kor hysteriske folk vart når Beatles var i nabolaget, og dei kunne kanskje ha kutta litt her, men på den andre sida er det jo vanskeleg å få vist kor gale det var på ein annan måte. Verst var det på konsertane, der dei knapt høyrde sin eigen musikk. At dei spelte utan monitorar gjorde det ikkje enklare, ikkje ein gong då dei spelte på Shea Stadium, med eit publikum på rundt 55 000, hadde dei monitorar. Ringo Starr snakkar om korleis han var nøydd til å berre spela ein heilt grunnleggjande rytme, kom han ut av det, var det uråd å ta seg inn.

Her er sjølvsagt mange høgdepunkt. Under alle innspelingane deira var George Martin heilt sentral, og sjølv om han stort sett held seg nøktern, er det nesten rørande å sjå korleis han ikkje greier å halda maska når han spelar det aller, aller fyrste opptaket av "A Day In The Life". Han snakkar om at dette var det sterkaste dei gjorde, men her er alle ord unødvendige - det ligg tjukt utanpå han at dette er stort. Eit anna høgdepunkt er då gruppa spelar "Hey Jude" på eit fjernsynsprogram. Dette er ein annan av dei finaste songane deira, og det er stort når publikum flokkar seg rundt dei fire musikantane og syng med på den lange outroen.

Men det er eit heilt anna opptak eg hugsar best. Dei fyrste åra framstår Beatles som nokre gladgutar, som smiler og ler og vinkar og vitsar heile tida. Dei syng glade songar om glade folk, og alt er berre velstand. Etter kvart snik alvoret seg gradvis inn, og fyrste gong dei ser trøytte og leie ut er, paradoksalt nok, når dei framfører singelen "I Feel Fine" på eit fjernsynsprogram mot slutten av 1964. Det er tydeleg at dei er misnøgde med eit eller anna, og for meg var dette det store vendepunktet. Alt endrar seg her, tekstar, musikk, klede, rusmiddel, osb.

Er der ingenting å trekkja for? Jo, absolutt. Der Harrison og Starr framleis heldt stilen (i 1995), og framstår som sympatiske og reflekterte personar som er ferdig med Beatles, verkar McCartney altfor klar over kva status han har. I dei ferskaste intervjua har han nærmast reindyrka det som gjorde han irriterande alt i filmar frå sekstiåra - altfor tilgjorte glimt i auga, altfor open munn når han tenkjer seg om, og altfor heva augnebryn når han snakkar. Det han seier er oftast greitt nok, men måten han seier det på er ekstremt irriterande. Han er flink til å trekkja fram andre, og verkar som den som hugsar deira eigen historie best, men likevel prøver han å snakka seg vekk frå at han hadde ansvaret for den største blemma dei gjorde, filmen Magical Mystery Tour. Til denne serien vart det laga nokre fellesintervju med McCartney, Harrison og Starr, og ut frå desse korte glimta ser det ut som om litt av uvenskapen frå tida rundt oppbrotet i 1970 sat igjen.

Og ein annan ting å trekkja for er at dei avsluttar heile serien med songen "Free As A Bird", den ikkje eingong middelmådige singelen som kom samstundes med serien. Huff og huff.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Williams/Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
 (2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar