20. april 2022

Motorpsycho (Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022)

Av og til vert det tydeleg at eg dreg på åra. I mars var det tretti år sidan den fyrste Motorpsycho-konserten eg var på. Eg har ikkje budd i Bergen sidan 1998, men eg rekna meg fram til at dette var det niande lokalet i Bergen eg har vore på Motorpsycho-konsert. Det er nok ikkje eit heilt ideelt lokale - scena var altfor låg, og gitarist Snah var like godt plassert delvis bak nokre høgtalarar som hang ned frå taket. Lyden var ikkje krystallklar, men det kan jo henga saman med at eg dreg på åra.

Dei er ein kvartett igjen på denne turneen. Reine Fiske er med, og han spelte uventa ofte tangentar. Når han drog fram gitaren vart det av og til for mykje lyd, nyansane forsvann.

Men nok klaging: Det var ein enorm konsert, og her var enormt mykje å gle seg over. Den fyrste halvdelen av konserten låg tyngdepunktet på dei ferskaste albuma. Her var "The Transmutation of Cosmoctopus Lurker" eit høgdepunkt. Så jobba dei seg gradvis tilbake i tid - ikkje i eit rett line, her kom òg relativt ferske songar her, men det kom fleire frå gamle dagar. LLM-suiten var finfin, men høgdepunktet kom rett etterpå: Ein vidunderleg versjon av Plan #1. Klump i halsen, igjen. Som ekstranummer kom nesten like gamle "Fool's Gold", i ein versjon der Motorpsycho både er dei mjukaste mjuke og dei hardaste harde. 

Så dette var stas. Bandet var i kjempehumør, det var mykje smil og latter (eg trur til og med at Reine Fiske smilte litt ein gong). Før ein av dei siste songane ropte ein i publikum "DEMON BOX", og Bent Sæther lo berre og sa "Ja, særleg". Ein fin kveld.

Guffen tilrår. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar