31. mai 2010

No Country for old Men (2007)

Alt Coen-brørne tek i vert ikkje til gull. Det kunne verka sånn mot slutten av 90-åra, men etter tusenårsskiftet har det vore litt opp og ned. Det vert nesten noko pynchonsk over det, av og til kjem det solide verk, innimellom kjem det noko som verkar mindre gjennomarbeida.

Denne filmen vert definitivt til gull. Lewellyn Moss, ei enkel sjel som kjenner att ein rask utveg når han ser han, kjem tilfeldigvis over nokre pengar. Pengane skulle vore betaling i ein narkohandel, men eit eller anna gjekk gale, og alle dei involverte mista livet. Moss tek pengane med seg. Bakmennene hyrer inn Anton Chigurh for å finna pengane, og filmen handlar om korleis Chigurh leitar etter Moss. Den lokale sheriffen, Ed Bell, prøver å få tak i begge to - han vil stoppa Chigurh, og redda Moss.

Det er altså ein film der jakta står sentralt. Med unntak av ei scene der Chigurh og Moss skyt på kvarandre, og ei der dei snakkar med kvarandre i telefonen, er ingen av dei tre hovudpersonane på skjermen samstundes.

Ganske mange liv går tapt. Den ivrigaste dreparen er Chigurh, som er ein av dei kaldaste personane som er framstilt på film. Han har ei brei samling med våpen, og grunnregelen ser ut til å vera at viss du har sett han med våpen i hand, vert du drepen. Viss du av ein eller annan grunn har irritert han, kan du redda livet ved å tippa rett når han slår mynt og krone. Han vert spela av den spanske skodespelaren Javier Bardem, som ser ut som om han er skapt for denne rolla.

Filmen er basert på ein roman av Cormac McCarthy. Det er ei flott forteljing, med passeleg mange vriar og vendingar. Coen-brørne er òg i toppform her, og driv filmen framover på ein svært solid måte. Til liks med andre Coen-filmar er dette ein film som kan sjåast om og om igjen.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)


Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

26. mai 2010

Miller's Crossing (1990)

Ingen Coen-filmar er like, men det er likevel lett å sjå at det er Coen. Akkurat kva som gjer at det er slik, er ikkje lett å setja fingeren på. Er det det stilreine? Den underliggjande humoren? Dei uventa vendingane i historia? Alt dette? Ingenting av dette?

Miller’s Crossing er ein gangsterfilm, i alle fall på overflata. Handlinga er lagt til ein amerikansk by, på 1920- eller 1930-talet. Det er ikkje gjort i ei handvende å gje eit kort referat av handlinga, men hovudpersonen, Tom, er den høgre handa til ein mektig gangstersjef, Leo O'Bannon, som vert utfordra av ein annan gangster, Giovanni Casparo. Det er ein del skyting, ein del slåsting, ein del drikking, Tom skiftar side, i alle fall tilsynelatande, og til slutt er alle utfordrarane til den mektige gangstersjefen døde.

Her er som vanleg glimrande skodespel. Best av alle er Jon Polito, som den italiensk-amerikanske gangstersjefen Giovanni Casparo. Makan til slesk framtoning skal ein leita lenge etter. Han er sjølvsikker og usikker på ein gong, og har nokre enorme humørsvingingar. Albert Finney er òg fin som Leo, og Gabriel Byrne gjer ein god figur i rolla som Tom. Han har stort sett det same uttrykket filmen gjennom, men det passar som hand i hanske.
Det er glimrande filma, og filmen går i eit behageleg tempo. Gangsterane snakkar slik dei skal, med få ord, og mykje usagt, med unntak av italienaren. Det er gangsterfilmar slik me har sett det i årevis, men det er noko nytt, det er noko Coensk. Det er roleg og avslappa, det er god stil.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

Me and Orson Welles (2008)

Det viste seg, kanskje litt overraskande, at det vart ein Richard Linklater-dag på den ambulerande filmklubben. Fyrst Dazed and Confused, så denne. Filmen handlar i alle fall om tre ting: A)Draumen om å verta skodespelar. Richard drøymer om å verta skodespelar, og får ei lita rolle i Cæsar, eit stykke basert på Julius Cæsar av Shakespeare. B) Draumen om å setja opp eit teaterstykke. Gjennom filmen er me med på øvingar, prøvar, premiere og premierefest. C) Draumen om å verta Orson Welles. Stykket vert sett opp av Welles, og filmen er kanskje mest av alt eit portrett av han.

Welles vart tidleg vaksen. Han var berre 26 då han regisserte Citizen Kane, der han like godt spelte hovudrolla sjølv. Tre år tidlegare hadde han sett opp War of the Worlds som radioteater, og året før det igjen, 1937, sette han opp Cæsar på the Mercury Theatre i New York. Då var han altså 22, og stykket vart ein stor suksess.

Gjennom heile filmen er han ein ambisiøs regissør, som heile tida leitar etter den beste måten å framføra stykket på. Han endrar scener, skriv skodespelarar ut av stykket, for så å skriva dei inn att rett før premiera. Han har kontroll på alt, og er aldeles eineveldig. Han er arrogant, han er stormannsgal. Han bruker ein ambulanse som drosje, for å koma fort fram gjennom byen. Han gjer som han vil også med damer; kona hans er gravid i New Jersey, medan han gjennom filmen i alle fall har tre damer på si.

Han veit at å setja opp eit teaterstykke er eit lagspel, men han krev at alle som arbeider for han, gjer akkurat som han seier. Richard, den unge skodespelaren, har så vidt vorte saman med ei av dei unge damene på teateret då Welles finn ut at han vil ha henne. For ho er det greitt, ho er ambisiøs og skjønar at dette kan vera lurt for karriera hennar; for Richard er det ein tragedie. Han tek dette opp med Welles, på ein ufin måte, og får sparken to gonger: Ein gong nokre timar før premiera, og ein gong rett etterpå.

I ei eller anna kasse med bøker ligg det ein Welles-biografi. Det er mange år sidan eg kjøpte den boka, men eg har ikkje lese ho enno. Eg må sjå om greier å finna ho. Eg har ei kjensle av filmen gjev eit nokolunde korrekt bilete av Welles, men det kunne vore rart å lese den boka, for å sjå om det stemmer. Christian McKay, skodespelaren som portretterer Welles, imponerer. At han liknar på Welles er ein ting, men det mest fascinerande er korleis han har lånt mykje av mimikken frå måten Welles portretterte Kane i Citizen Kane. Kane var basert på mediamogulen William Randolph Hearst, og han var jo også relativt eineveldig.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Dazed and Confused (2003)
Before Sunset (2004)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)
Boyhood (2014)

Meir Welles på kulturguffebloggen
Citizen Kane (1941)
The Magnificent Ambersons (1942)
Den tredje mann (1949)
Touch of Evil (1958)
Pauline Kael m.fl.: The Citizen Kane Book (1971)
Charles Higham: Orson Welles. The Rise and Fall of an American Genius (1985)
Robert L. Carringer: The Making of Citizen Kane (1985)
James Naremore (red.): Orson Welles's Citizen Kane (2004)
Harlan Lebo: Citizen Kane (2016)
They'll Love Me When I'm Dead (2018)
Mank (2020)

Dazed and Confused (2003)

Det verkar som om stikkordet for denne filmen er overgangar. Ungdomane me møter er alle på veg inn i noko nytt. Det kan vera ein ny klasse på skulen. Det kan vera ein ny skule. Det kan vera ein gut som vert ungdom, eller ein ungdom som vert vaksen.

Filmen handlar om 24 timar, omtrent, dei fyrste 24 timane av sommarferien i 1976. Det opnar med ein del idiotiske tradisjonar ved ein amerikansk highschool. Avgangsgutane skal bruka balltre på bakendane til yngre elevar; avgangsjentene skal få dei yngre jentene på skulen til å oppføra seg som neper. Slik det sømer seg i amerikanske ungdomsfilmar møter me mange ulike ungdomar – nerdar, idrettsfolk, doparane, skuletaparar. Nokre ser på desse tradisjonane som meiningslause, for andre er det det einaste som gjev meining. Det vert ingenting av den planlagde festen, så løysinga denne kvelden vert i staden å køyra litt rundt, før alle samlar seg ute i skogen. Alle drikk; dei fleste røyker hasj.

Det er ei enkel og grei historie, altså, og det skjer ikkje noko uventa. Det er likevel mange gode underhistorier. Det er godt skodespel, kanskje spesielt frå han 15-åringen som er med dei eldre ungdommane på fest for fyrste gong. Eg var aldri i USA på 70-talet, men det ser ekte ut, utan at det tippar over i parodien. Det ser ut til å vera eit godt tidsbilete, og det er finfin musikk. Det er ein heilt grei film.

Guffen tilrår.

Meir Linklater på kulturguffebloggen
Before Sunrise (1995)
Before Sunset (2004)
Me and Orson Welles (2008)
Bernie (2011)
Before Midnight (2013)

Boyhood (2014)

23. mai 2010

Nord (2009)

Utan Anders Baasmo Christiansen hadde ikkje denne filmen vorte så bra. Av dei unge og profilerte norske skodespelarane er han den suverent beste, og han har mange fine scener her. Det skulle forresten berre mangla, han er vel med i kvar einaste scene i filmen.

Han spelar Jomar Henriksen, ein mann rundt tretti. Han har hatt eit mindre samanbrot, og arbeider på ein skiheis. Det går ikkje så bra, og etter at skiheishuset han bur i tek fyr, stikk han av, og køyrer snøscooter nordover for å finna ei fire år gamal jente han er far til, og som han (truleg) aldri har sett.

Han er ikkje heilt i stand til å klara seg sjølv. Den fyrste delen av turen køyrer han utan solbriller, og vert snøblind. Då scooteren bryt saman, er han ute av stand til å reparera han, men får hjelp av ein lokal gut. Resten av vegen går han på ski. Han går utan kart, og legg av ein eller annan grunn ruta langt vekke frå dei meir trafikerte dalane. Han kjem over samar som er lei av livet, og dumpar òg midt oppi ei militærøving.

Filmen tek aldri heilt av. Det som skal vera komisk vert ikkje morosamt nok, og naturbileta vert heller ikkje storslegne nok. Rundt Baasmo Christiansen er der berre amatørskodespelarar, og alle desse står ikkje fram som imponerande. Der er likevel litt å le av, og Baasmo Christiansen er altså solid. Og filmen er langt betre enn Ni liv, som etter det eg kjenner til er den andre norske filmen der ein kar vert snøblind på veg gjennom eit nordnorsk landskap.

Guffen er lunken.

Per Sivle - ikkje lenger enn min kjærleik rekk (Fraktgodsen, Voss, 22.5.10)

Dette vart ikkje så bra som det kunne ha vorte. Livet til Per Sivle har nok av dramatikk, heilt frå då den gravide mor hans prøver å ta livet sitt i Nærøyfjorden, til han sjølv tek livet sitt i Kristiania. Der er oppturar og nedturar, både litterært og elles, der er nok av vener som kjem og går, og der er ein oppbroten familie. Likevel fungerer ikkje dette stykket. Den viktigaste grunnen til det må vera Jon Eikemo.

Han framstår her som ein svært avgrensa skodespelar. Han er sjølv altfor tydeleg til stades, det vert for mykje Eikemo og for lite Sivle. For Jakob Sande-framsyninga si fekk Eikemo litt kritikk for at han framheva bajasen Sande, og slik vert det òg her. Finn Eikemo noko som kan trigga litt komikk, gjer han det, men det fungerer ikkje i det heile. I fleire av dikta til Sivle er det liner av typen "å hei og hi, å tiriliti", og utan unntak les Eikemo desse med ei falsett-stemme, for å dra litt latter ut av publikum. Han er innom alkoholproblema til Sivle, og prøver òg å gjera dette til noko komisk. Stykket hadde klart seg betre utan desse delane.

Sivle var ein ujamn diktar, men når han er god, er han god. Eikemo har valt ut mange av dei gode dikta hans, men les òg nokre mindre kjende, utan å overtyda oss om akkurat dei dikta burde vore betre kjende. Med eit betre manus og ein annan skodespelar kunne dette vorte bra, no var det knapt nok middels. Det vert ikkje noko betre av at Eikemo, nesten eitt år etter at stykket hadde premiere, ikkje har full kontroll på det han skal seia.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)
Berre ein hund (1975)
Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

Cormac McCarthy: All the Pretty Horses (1992)

John Grady Cole kunne tenkt seg at han var fødd i ei heilt anna tid. Det er 1949, og han bur i dei rurale delane av Texas. Rundt han vert samfunnet meir og meir moderne, og det er vanskeleg for han å realisera draumen om å leva på hesteryggen. Saman med kameraten Lacey Rawlins rir han til Mexico, der dei vil finna seg arbeid på ein gard.

Dei er seksten år gamle, men verkar eldre. Dei har store kunnskapar om naturen, om hestar, og om menneske. Boka handlar om overgangar - om å gå inn i ei ny tid, eit nytt land, frå barn til vaksen, osb. At dei er så unge og så vaksne viser at dei høyrer til i ei anna tid. Dei møter nokre bilar, på veg heim møter Cole ein radioprest, men for han er det heile tida hesten som er transportmiddelet.

Boka opnar og sluttar med to gravferder, på den lokale kyrkjegarden hans. Ringen er slutta, han har vore ei tid i Mexico, men er komen heim igjen, som ein endå eldre 18-åring. I Mexico har han vorte endå flinkare med hestar, men det er ikkje det viktigaste. Han har sett folk verta drepne, han har drepe ein mann sjølv, han har hatt eit forhold til ei jente han ikkje kan få, av di ho ikkje vågar å flykta frå familien, han har vore i fengsel, og kroppen hans har fått både slag og spark og ei kule gjennom låret.

Cormac McCarthy fortel denne historia på ein lågmælt måte. Han har ein særeigen måte å skriva på, han gjer ikkje noko for å framheva dramatikken. At nokon vert skotne på vert skildra i det same, rolege språket som når han skildrar naturen dei rir gjennom. Her er ein total mangel på utropsteikn (som er bra), og omtrent ein total mangel på komma (som òg er bra, men som det tek litt tid å verta van med). Delar av dialogen i boka er på spansk, som sjølvsagt er eit lite hinder for ein som meg, men det er mindre viktig. Boka er den fyrste i ein trilogi - watch this space.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

19. mai 2010

Sykkeltjuvane (1948)

Eg trur eg har vore inne på at me let reisene våre påverka programmet i filmklubben. Etter at me var i Roma i 2008 såg me nokre relaterte filmar, men det var ingen braksuksess. Me konsentrerte oss om episke filmar om keisarar og krigarar som levde for altfor lenge sidan, og det var tidvis eit slit. Verst av alt var Alexander, regissert av Oliver Stone, som var så seig at me måtte dela han opp i tre.

Me burde kanskje ha satsa på litt filmar der handlinga var henta frå litt nyare tid. Kortversjonen av handlinga i Sykkeltjuvane er at det er ein film om ein mann som leitar etter ein sykkel. Langversjonen er omtrent sånn: Filmen skildrar tilhøva i Roma rett etter andre verdskrigen. Det var ikkje akkurat glad-dagar, arbeidsløysa ser ut til å ha vore stor, og butilhøva var ikkje heilt ideelle. Antonio er arbeidslaus, men får seg endeleg ein jobb – han skal klistra opp reklameplakatar. For å få jobben må han ha sykkel, og han greier å henta ut sin eigen sykkel, som har vore hjå ein pantelånar. Fyrste dagen på jobb vert sykkelen stolen, og dei neste dagane leitar han etter sykkelen, saman med son sin på 7-8 år. Det er sjølvsagt fåfengt, Roma er ein stor by, og sykkelen har ingen spesielle kjenneteikn. Dei vitjar eit marknad der stolne syklar er til sals, dei er innom i eit suppekjøken i ei kyrkje, dei er utanfor ein fotballstadion medan det er kamp, og dei går rundt i gatene.

Tilhøvet mellom far og son er sentralt i filmen. Sonen er glad og stolt over at faren har fått seg arbeid, og faren er like glad og stolt for at han kan tena litt pengar. Sonen vil hjelpa faren, men etter kvart som faren vert trøytt og lei av leitinga, greier ikkje faren skjula at sonen er til lita hjelp. Etter at dei har mist kontakten med ein gamal mann som kanskje visste noko om sykkeltjuveriet, seier sonen at dei aldri skulle latt han gå. Faren klakkar til han. Etter kvart greier han å byggja opp tilliten igjen, dels ved hjelp av eit altfor dyrt måltid på ein restaurant, men etter at faren vert teken på fersken når han stel ein sykkel sjølv, er sonen berre oppgitt. Filmen sluttar med at dei begge grinande er på veg heim.

Der er glede i filmen, og der er sorg i filmen. Antonio er desperat etter å halda på jobben, ikkje av di han var spesielt spanande, men av di det var godt betalt. Han har rekna ut kva han vil tena, og er godt nøgd. Alt går til pisis, og då fell alt i fisk. Filmen har heldigvis ikkje noko happy ending, det er viktigare å visa fram korleis det faktisk var i Roma etter andre verdskrigen. Sjølv om der var folk som vassa i pengar, var der òg mange som ikkje fekk ta del i dette. Noko av det som driv Antonio til å stela sykkelen utanfor fotballstadionet, er at han skjønar at viss ikkje han får jobben tilbake, kan han ikkje ta sonen med på fotballkampar.

Guffen tilrår.

16. mai 2010

Here are the young Men (1982)

Nja, eg var åleinefar i nokre dagar. Me tok nokre runder gjennom dei delane av flyttelasset som framleis står i Gamlahuset. Dei to minste brukte tida til å laga klatrestativ av alle pappøskjene, eg kika litt i dei fremste øskjene, og fann ei med videokassettar. Eg tok nokre av dei med til Kvitahuset, og denne filmen var ein av dei. Eg såg nyleg Control, og fekk lyst til å sjå the real thing.

For dette er the real thing, på fleire måtar. Det er utdrag frå fire konsertar mot slutten av levetida til Joy Division, tre frå hausten 1979 og ein frå januar 1980. Alt er filma av amatørar, som sjølvsagt står på same stad konserten gjennom. Det er middels lyd, scena er dårleg opplyst - du får ei kjensle av å vera til stades på ein konsert.

Men det som verkeleg gjer dette til the real thing, er Ian Curtis. Han utleverer demonane sine, for å dra ein klisje, alt det tunge han syng om er ekte. Opningssongen er "Dead Souls", der han syng "They keep calling me!", før han manisk dansar seg som ein propell gjennom instrumentalpartia. Mest av alt ser det ut som om han fysisk prøver å koma seg vekk frå desse døde sjelene.

Dansinga til Curtis er noko av det mest fascinerande ved Joy Division på scena. Eitt anna kjennemerke er bassen til Peter Hook. Han var ikkje nokon stor eller original bassist, men få andre hadde bassen så langt ned mot knea som han. Dei to andre i bandet ser me lite til, dels av di lyset er dårleg, dels av di kameraet så godt som heile tida er retta mot Curtis.

Dei spelar delar av tretten songar. Her er mange av dei store, til dømes "Love Will Tear Us Apart", "Transmission" og "New Dawn Fades", men òg mange mindre kjende og mindre gode songar. Det er ikkje den rette staden å verta kjend med Joy Division, men for dei som alt kjenner musikken deira, er dette ein fin film. Dei som er på jakt etter filmar med klokkeklar lyd får heller leita andre stader.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Control (film, 2007)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

13. mai 2010

Patti Smith: Just Kids (2010)

Eg har aldri hatt noko forhold til Patti Smith. Songen "Because the Night" var med på nokre samleplater me høyrde på i 70-åra, men den gjorde ikkje større inntrykk. Eg har ikkje høyrt mykje anna av musikken hennar, men det eg har høyrt, har vore sånn midt på treet.

Ein som hadde eit forhold til Smith var fotografen Robert Mapplethorpe, og han har eg meir sans for. Eg såg ei utstilling av bileta hans i Wien for nokre år sidan, og las i etterkant biografien Patricia Morrisroe skreiv om han. Der las eg om tida han budde saman med Smith, og det er det som er utgangspunktet for denne boka.

Smith fortel om korleis ho flyttar til New York i tjueårsalderen, og korleis ho litt tilfeldig vert kjent med Mapplethorpe. Dei flyttar i lag, fyrst i Brooklyn, deretter på legendariske hotell Chelsea. Begge vil driva med kunst - ho skriv dikt, medan han lagar bilete. Etter kvart vert ho musikar og han fotograf, men det er etter at dei har flytta frå kvarandre. Han gleid gradvis inn i homomiljøet, og brukte det aktivt i kunsten sin. Han fekk ein sponsor, slik at han vart kvitt alle økonomiske problem. Og dei var det mange av - dei levde lenge på sveltegrensa.

Mot slutten av boka er begge etablerte kunstnarar, men Smith lagar ikkje noko nummer av det. Å vera kjent var ikkje viktig, det var viktigare å laga noko som var bra. Det er i det heile ein flott tone i denne boka, som heilt tilfeldig er den tredje sjølvbiografiske boka eg les på kort tid. Som kunstnar heng Smith lang høgare enn Kent og Hovden, men ho er langt meir nøktern enn dei når det gjeld eigne kvalitetar.

Det er altså ei bok om å verta kunstnar, og om å ta kunsten på alvor. Men det er òg ei bok om å vera glad i nokon. Etter at dei to flytta frå kvarandre hadde dei framleis svært mykje kontakt; fleire av omslaga på platene til Smith er Mapplethorpe-foto. Boka handlar om perioden 1967-76, omtrent, pluss ein siste del om dei siste åra Mapplethorpe levde. Han fekk diagnosen AIDS i 1986. Smith budde då i Detroit, men ho var jamleg til New York for å snakka med han, fram til han døydde i 1989. Heile boka er velskriven, men i denne siste delen vert skrivinga endå betre. Ho skriv flott om korleis det er når ein svært god ven ligg for døden i ein annan by, noko eg diverre veit litt om.

Guffen tilrår.

Meir Patti Smith på kulturguffebloggen
Woolgathering (2011)
M Train (2015)
Devotion (2017)
Year of the Monkey (2019)

10. mai 2010

Control (2007)

It was thirty years ago today. Nesten. 18. mai 1980 hengde Ian Curtis seg. Bandet hans, Joy Division, hadde nyleg gitt ut den usannsynleg vakre singelen "Love Will Tear Us Apart", dei hadde spelt inn den andre LP-en sin, Closer, og skulle på USA-turné dagen etter.

Joy Division er eitt av dei banda eg har høyrt lengst på, og som eg framleis høyrer mykje på. Eg kjende ikkje musikken deira då Curtis tok livet sitt, men då eg omsider fekk høyra dei, vart dei verande blant favorittane. Tekstane høyrde eg lite på den fyrste tida, det var meir det samla lydbiletet som fenga. Bassen låg langt framme, relativt monotone trommer, ein gitar som ofte var som eit bakgrunnsinstrument, og den djupe, kraftfulle og tidvis resignerte røysta til Curtis.

Eg høyrde sjølvsagt på tekstane òg, men eg funderte ikkje mykje over dei. Det tok nokre år ved platespelaren før tekstane vart like viktige som musikken. Dei andre i Joy Division har sagt at dei heller ikkje tok tekstane alvorleg nok, at dei ikkje skjønte kor vondt Curtis hadde det.

Filmen opnar med at Sam Riley, som framstiller Curtis glimrande, les opp eit utdrag av ein tekst Curtis skreiv. "Existence, well what does it matter / I exist on the best terms I can / The past is now part of my future / The present is well out of hand". For Curtis var dette alvor. Han sleit med alt. Han gifta seg før han var tjue, og fekk ei dotter året før han døydde. Han hadde eit forhold til ei belgisk kvinne det siste året han levde, og han greidde ikkje å fnna ut av kva som var det beste - eit liv med kona og dottera, eller eit liv med den meir eksotiske og livlege elskerinna. Han var òg misnøgd med bandet, og meinte at det andre albumet ikkje var like bra som det fyrste, og han mislikte sterkt at publikum kom for å sjå han, utan å skjøna kor mykje han gav av seg sjølv. På toppen av alt hadde han epilepsi, og han fekk fleire gonger epileptiske anfall midt under konsertar. Det vart for mykje, og 23 år gamal tok han altså livet sitt.

Control er ein film om dei seks-sju siste åra han levde. Filmen er regissert av fotografen Anton Corbijn, som flytta til England av di han likte Joy Division, og som tok fleire glimrande foto av dei, mellom anna nokre ved nedgangen til ein undergrunnstasjon. Filmen er i svart-kvitt, og det passar både tida og musikken og stemninga flott. Filmen gjev eit truverdig og godt bilete av korleis Curtis hadde det, og er eit flott tidsbilete.

Noko av det beste med filmen er sjølvsagt musikken. Den står seg godt, det er ikkje mykje anna musikk frå inngangen til 80-åra som held seg så bra. Dei fire skodespelarane som spelar bandet framfører like godt musikken sjølv, i alle fall i konsertscenene.

Guffen tilrår.

Meir Joy Division/New Order på kulturguffebloggen
Here are the Young Men (konsertfilm, 1982)
Chris Ott: Unknown Pleasures (2004)
Peter Hook: The Hacienda. How Not to Run a Club (2009)
Kevin Cummins: Joy Division (2010)
Peter Hook: Unknown Pleasures. Inside Joy Division (2012)
Ian Curtis: So This Is Permanence (2014)
Bernhard Sumner: Chapter and Verse (2014)
Kevin Cummins: New Order (2015)
Peter Hook: Substance. Inside New Order (2016)
Jon Savage: This Searing Light, The Sun and Everything Else (2016)
Stephen Morris: Record Play Pause (2019)
Stephen Morris: Fast Forward (2020)
Kevin Cummins: Joy Division, Juvenes (2021)

9. mai 2010

Nick Kent: Apathy for the Devil (2010)

Dei fyrste musikkavisene eg las fast var Nye Takter og Puls. Noko av det som slo meg var at mange av journalistane hadde svært god kontakt med artistane dei skreiv om. Geir Rakvaag i NT framstod til dømes som ein nær ven av The Aller Værste!, eg hugsar korleis han skreiv om festar dei hadde vore på i lag. Han var ikkje den einaste som kjende musikantane så godt, og det var kanskje heller ikkje så rart. Noreg er eit lite land, og musikkmiljøet var mykje mindre enn det er i dag.

Men òg i større land og større musikkmiljø var det tidvis nær kontakt mellom artist og journalist. Nokre av journalistane såg ut som og levde som rockestjerner, og han som tok han heilt ut var Nick Kent.

I denne boka fortel han om korleis han opplevde 1970-åra. Same kor ein snur og vender på det, er dette truleg det mest interessante tiåret i rockehistoria. Ideala frå 1960-åra var på veg ut. Dei store stjernene var på veg til å verta altfor store. Den fyrste halvdelen av tiåret var nokre band så store at dei kunne oppføra seg som dei ville, medan dei, omtrent utan unntak, mot slutten av tiåret var kraftig reduserte av for mykje alkohol og dop. Og i 1976 kom sjølvsagt punken.

Livet til Kent, som altså stort sett var journalist, følgde omtrent dette mønsteret. I 1972 sleit den engelske musikkavisa NME med sviktande opplagstal, og redaksjonen fekk tolv veker på seg til å snu det. Dei hyra inn tre lovande journalistar - Charles Shaar Murray, Ian MacDonald og Nick Kent. Desse greidde å snu trenden, slik at NME dei neste åra hadde ein glansperiode. Ein av grunnane var artiklane til Kent. Ein ting var at han desse åra skreiv glimrande, to andre ting var at han såg ut som ei rockestjerne, og festa som ei rockestjerne. Slik ulike rusmiddel tok knekken på Led Zeppelin og Rolling Stones, to av dei største banda i fyrste del av 70-åra, tok òg dop knekken på Kent.

Han får kontakt med stjernene til å verka som noko daglegdags. Han vert godt kjend med fleire av dei, men kunne òg skriva glitrande artiklar om stjerner han aldri møtte. I 1975 vart han ein av dei fyrste som skreiv utfyllande om Nick Drake, dels som ein reaksjon på at ingen av musikkavisene hadde trykt ein nekrolog om Drake då han døydde i 1974. Same året, altså 1975, skreiv han ein lang artikkel om Brian Wilson. Men kvaliteten på skrivinga vart dårlegare og dårlegare, og han fekk etter kvart sparken frå NME.

Då punken kom, var han på innsida. Han hadde spelt i ei tidleg utgåve av Sex Pistols, dei hadde ingen konsertar medan han var med, og dette var før Johnny Rotten (og Sid Vicious) kom med i bandet. Han vart likevel støytt ut av det miljøet, Vicious banka han opp med ei sykkelkjede under ein konsert, og etter det var det fleire andre punkarar som prøvde å få høgare status gjennom å banka Kent opp. Ved utgangen av 1970-åra går han på heroin, og det var ikkje før i 1988 at han endeleg vart rusfri.

Kent verkar rimeleg arrogant. Han har høge tankar om seg sjølv, og framstiller seg sjølv som ein som ikkje berre var til stades der viktige ting skjedde, men som gjerne var sentral i desse tinga. I ein sjølvbiografi må ein ta ting med ei klype salt, men det som gjer arrogansen til Kent enklare å svelja enn arrogansen til Anders Hovden, er at Kent ikkje kvir seg for å skriva om dei negative sidene sine.

Guffen tilrår.

Per Petterson: Jeg forbanner tidens elv (2008)

Dette er ei fin bok. Handlinga er lagt til 1989, omtrent då den politiske todelinga av Europa smuldrar opp. For mange vart dette eit skilje, der framtida truleg ville verta mykje betre enn fortida.

Eg-personen i boka er midt i livet. Han likar ikkje heilt det han ser av seg sjølv, same om han ser framover eller bakover. Han er på veg ut av eit ekteskap, mor hans har nett fått vita at ho har kreft, og han slit med å rettferdiggjera at han var med i AKP i 70-åra.

Den einaste måten han prøver å løysa desse problema på, er gjennom alkohol. Og gjennom å vitja mor si, som har reist til Danmark for å sjølv finna ut korleis ho skal takla livet som kreftsjuk. Det er ingen god idé - mellom dei to er det ein usynleg vegg som har bygt seg opp i årevis, og som ikkje kan fjernast berre av di mora er sjuk.

Petterson fortel dette på ein god og truverdig måte. Annakvart kapittel er eit tilbakeblikk, eit grep som ikkje er heilt uvanleg, men som fungerer fint her. Fortida og samtida vert på dette viset synlege parallelt, slik at me gradvis vert kjent med korleis eg-personen var på ulike tider i livet. Det er ein lågmælt prosa, som får fint fram at eg-personen både er og var svært usikker på eigne vegner.

Guffen tilrår.

Meir Petterson på kulturguffebloggen
Aske i munnen, sand i skoa (1987)
Ekkoland (1989)
Det er greit for meg (1992)
Til Sibir (1996)
I kjølvannet (2000)
Ut og stjæle hester (2003)
Månen over Porten (2004)
Jeg nekter (2012)
Menn i min situasjon (2018)
Ut og stjæle hester (film, 2019)
Mitt Abruzzo (2021)

6. mai 2010

The Big Lebowski (1998)

Der finst nokre filmar du kan sjå om og om igjen. Dette er ein av dei. Eg anar ikkje kor mange gonger eg har sett han, men eg finn framleis ting å le av. Det kan godt vera ein av dei beste filmane som er laga.

Fyrste gongen eg såg han var i Bergen, saman med Brynjulv og Hilde og Marit. Eg hugsar enno delar av samtalen etterpå, me var alle samde om at det var ein kanonfilm, og me snakka mellom anna om kven The Dude minte oss om, og at me snart måtte bowla igjen.

Filmen handlar om The Dude, ein laidback slacker som eigentleg heiter Jeff Lebowski. Han vert forveksla med ein velståande forretningsmann som heiter det same, og vert dregen inn i noko som kan vera ei kidnapping. Det viser seg at det ikkje er det, til liks med Fargo er det noko kødd med kidnappinga, men før ein kjem så langt, har The Dude fått herpa bilen sin; bowla ein del med Walter, ein Vietnam-veteran, og Donny, ein kar som ikkje kjem til orde; han har røykt ein del hasj og drukke ein del; han har gjort dotter til han andre Lebowskien gravid; han har vorte plaga av nokre nihilistar, og han har vore på fest hjå ein pornokonge. Heile tida har han god stil, og er så avslappa at det er uråd å ikkje lika han.

Han og Walter og Donny er eit bowlinglag, og mykje av handlinga i filmen er lagt til ein bowlinghall. Likevel trur eg ikkje at me ser at The Dude bowlar, og me ser vel heller ikkje Walter i aksjon. Dei snakkar stort sett, dei har alle fabelaktige replikkar, og utfyller kvarandre godt. The Dude skal vera laidback, men hisser seg opp omtrent kvar gong han snakkar med Walter. Walter snakkar heile tida, og kjem støtt med referansar til Vietnamkrigen, og til at han er jødisk, og han avbryt Donny kvar gong han prøver å seia noko.

Her er ei lang rekkje av minneverdige replikkar. Det er fascinerande korleis ulike personar har dei same replikkane til ulike tider i filmen. Alt i opningsscena ser me til dømes ei fjernsynssending der dåverande president George Bush snakkar om den irakiske invasjonen i Kuwait, og seier "This aggression will not stand". Nokre minutt seinare seier The Dude nøyaktig det same, om ein heilt annan invasjon - han snakkar med nokon som har brote seg inn i husveret hans.

Språket er òg friskt, slik at før filmen vart vist på fjernsyn i nokre land, måtte ting endrast. I Italia vart til dømes replikken "See what happens when you fuck a stranger in the ass?" dubba til "See what happens when you find a stranger in the Alps?"

Det er glimrande skodespel heile vegen. Hovudrolla er som skapt for Jeff Bridges, og dei to Coen-veteranane John Goodman og Steve Buscemi er finfine som Walter og Donny. Musikken er bra, filminga er bra, her er nokre draumesekvensar som er sterkt Wagner-inspirerte - det er i det heile ein film å verta glad av. Og glad i.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

Landhandleren i Provence (2007)

Eg veit ikkje om me plukkar feil filmar når me handlar fransk, eller om det rett og slett er slik at fransk film er midt på treet. Me har sett nokre andre franske filmar det siste året, og det vert aldri meir enn sånn middels.

I denne filmen møter me Antoine. Foreldra hans driv ein butikk i Provence ein stad, og då faren får eit hjarteanfall reiser Antoine, litt motviljug, heim for å vikariera. Mora passar butikken, medan han køyrer rundt på landsbygda og sel varer frå bilen. Omtrent som ein gamal og god fiskebil, berre at han har eit meir variert vareutval. Han er ein dårleg seljar, han likar ikkje kundane, og dei likar ikkje han. Han har med seg ei jente han likar godt, men det skjer seg, før ho kjem attende heilt på slutten.

Alt i filmen er sånn halvveges. Historia er fin, men manglar det vesle som gjer at ho fengar. Karakterane er berre sånn middels interessante. Det som kunne vorte interessante konfliktar mellom folk i filmen, tek aldri heilt av. Filminga irriterer, det vert for opphakka og fragmentert. Og nokre bilete manglar heilt. Då Antoine og ho jenta prøver å friska opp bilen han køyrer rundt i, og målar eit fargesprakande bilete på eine sida, får me aldri sjå det i nærbilete. Bortsett frå på omslaget til DVD-en.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

4. mai 2010

Anders Hovden: Attersyn (1943)

Sjølvbiografiar er ein spanande sjanger. Her har forfattarane sjølve sortert vekk det dei ikkje vil ha med, dei har høvet til å framstilla seg i eit betre ljos enn ein annan forfattar ville gjort, om dei skulle skrive biografi om vedkomande. Likevel finst det sjølvsagt sjølvbiografiar som er nøkterne, og som ikkje reknar ein sjølvbiografi som ei skrytebok. Anders Hovden er ikkje ein av dei. Sjølv om han av og til freistar å tona seg sjølv ned, greier han det ikkje. Mest av alt framstår han som ein spradebasse.

Hovden var ein viktig mann, i den tidlege målreisinga. Han var nynorskprest i fire bokmålsområde, og auka nok toleransen for nynorsk desse stadene. Han skreiv mange dikt og salmar, og nokre få av desse er framleis mykje brukt, til dømes "Fagert er landet". Han var med i nemnda som arbeidde fram Nynorsk Salmebok i 1925. Han var mykje brukt som folketalar, og var òg med i mange ordskifte om nynorsk.

At han var viktig er likevel ikkje det same som at han er sympatisk. Sjølv om han fortener respekt for alt han gjorde, framstår han i denne boka sjeldan som ein person eg kunne tenkt meg å ha kjent. Han verkar altfor oppteken av å framheva seg sjølv. Han smør òg tjukt på, det er ikkje måte på kor gale dei som har det gale har det, medan dei som har det bra har det ekstremt bra.

Sjølv om han arbeidde som prest i mange år, eg trur han skriv at det var førti, står det lite om kvar han står teologisk. I denne boka er det viktig for han å få fram kva rolle han spelte i målreisinga. Han har fire store heltar - Ivar Aasen, Per Sivle, og foreldra sine. Desse går igjen gjennom store delar av boka,s om fyrste gong kom i 1926. Denne utgåva, som kom same året Hovden døydde, har eit tillegg, der han ramsar opp ei rekkje andre målfolk han har hatt kontakt med. Det tillegget fungerer dårleg.

Han har eit godt og variert språk. Det er litt forelda, her er ei rekkje ord og uttrykk eg ikkje kjenner. Om oppveksten i Hovdebygda skriv han til dømes at "det var slit og sleping, ideleg tjåk og trav frå tidleg morgon til seine kvelden året rundt på desse tungbrukte gardane, og vinningi var syrgjeleg liti." Au au au.

Han var oppteken av at ting skulle vera norsk. Som alle gode målmenn var han ein tur til Island, men der var han skuffa over kva som møtte han: "Men då me kom inn på hamni i Reykjavik, helste eit dansk krigsskip oss med å spela: "Kon Christian ved højen mast i røg og damp". Er det dansk "røg og damp" her med? Er det ikkje rein norsk luft her dess heller? Kor danskdomen hev ete og pjatta seg inn på alt som norskt er!" Han var til USA i 1913, og på båten heim såg han for fyrste gong "denne amerikanske negerdansen, og vart plaga av den tome, buldrande musikken på heile heimferdi; me eignar til oss berre bermen av den engelsk-amerikanske påverknad." Også ein annan stad i boka er han inne på dette, at me ikkje tel til oss det som er godt ved det amerikanske samfunnet, berre det dårlege. Sjølv minner han ikkje så reint lite om ein amerikanar, i alle fall i veremåte.

Hovden har skrive ei lita bok om Ivar Aasen. Dei som er mest interesserte i fakta bør halda seg vekke frå den boka. Også i Attersyn er det fare for at fakta må dobbelsjekkast med andre kjelder. Ser ein bort frå slike innvendingar, kan ein få utbyte av boka. Viss ein ikkje får nok av Hovden.

Guffen er lunken.

3. mai 2010

1900 (1976)

Hm. Det verka som ein god idé, der eg stod i butikken. Eg såg denne filmen i filmklubben på Voss midt i 80-åra, og hugsa det som ein god film. Slik opplevde eg det ikkje no. Filmen varer like godt i fem timar, og det verka som det dobbelte.

I filmen møter me to gutar som vert fødde på same dag i 1900. Dei vert fødde på same garden, men den eine, Alfredo, er arving til garden, medan den andre, Olmo, er som til ei av dei som arbeider på garden. Dei to har god kontakt gjennom heile filmen, trass i at dei har heilt ulike levekår.

Med unntak av ein kort epilog handlar filmen om utviklinga i det italienske samfunnet frå århundreskiftet og fram til slutten av andre verdskrigen. Det er ein viktig periode, der fascistane kjem til makta, parallelt med at sosialismen òg får eit visst fotfeste. På sett og vis passar dette inn med nokre seriar me har sett det siste året, me såg den glimrande tyske serien Heimat, og har òg sett seriar som handlar om amerikansk historie, mellom anna Centennial. Likevel var dette lange timar. Det er altfor lite framgang i historia, som heller ikkje er godt nok fortalt til at ho engasjerer. Då hjelper det lite at filmen har solide skodespelarar i tre av dei viktigaste rollene - ein solid Robert de Niro, ein svært ung Gerard Depardieu, og ein svært usympatisk Donald Sutherland.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

1. mai 2010

Brad Gooch: Flannery (2009)

Flannery O'Connor er ein av desse (relativt) unge døde kunstnarane som vert meir og meir omtykt etter kvart som tida går. Ho døydde i 1964, 39 år gamal, og hadde då gitt ut to romanar og éi novellesamling. Det kom ei ny novellesamling året etter at ho døydde. Omdømet hennar veks og veks, så langt er det i USA skrive nær 200 doktoravhandlingar om bøkene hennar.

Då eg tok engelsk grunnfag, las me novella "Good Country People", og på mellomfag tok eg eit seminar om heile forfattarskapen hennar. Eg likte det eg las. Det var mykje humor, det var mykje svart humor, men det var mykje meir enn det. I novellene, som var det eg likte best, var det mange fine portrett av vanlege folk, og det aula av gode setningar og formuleringar. Også privat var ho glitrande verbalt. Ho fekk ein gong eit brev frå ein av lesarane sine, som skreiv at den siste boka hennar "left me with a strange taste in my mouth". O'Connor svara "You weren't supposed to eat it"

Mange av lesarane hennar reagerte på liknande vis. O'Connor var katolikk, og tok religionen sin seriøst. Så lenge ho hadde helse til det, gjekk ho til messe kvar morgon. Ho var einebarn, miste far sin tidleg, og etter at ho fekk sjukdomen lupus som 25-åring, budde ho heime hjå mor si utanfor Milledgeville i Georgia, der store delar av omgangskrinsen var katolikkar. Og dei likte altså ikkje bøkene hennar spesielt godt.

Boka til Gooch er den fyrste biografien om O'Connor. Det er ei flott bok. O'Connor var ein ivrig brevskrivar, og han har hatt tilgang til fleire brevsamlingar etter ho. Han følgjer O'Connor tett gjennom livet, men har såpass respekt for ho at han ikkje lagar sensasjonar der andre kunne gjort det. Han går ikkje altfor langt inn i litteraturen hennar, men hentar fram døme der det passar seg slik. Han viser korleis fleire av novellene er baserte på eigne opplevingar, og korleis ein kan lesa heile forfattarskapen som den religiøse utviklinga til O'Connor.

Religion dominerer i det ho har skrive, men der er altså mykje meir. Denne biografien gjev meg lyst til å henta fram att bøkene hennar, for å lesa dei opp att. Det bør fleire gjera - O'Connor er av dei fremste amerikanske novelleforfattarane.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
The Complete Stories (1971)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)