27. august 2019

William Gay: The Lost Country (2018)

Då William Gay døydde i 2012 hadde han gjeve ut seks bøker. Dette er den andre posthume utgjevinga hans, og det vert hinta om at det kjem minst éi bok til.

Etterordet fortel om korleis boka vart til. Gay skal ha skrive henne alt i 1970-åra, tjue år før han debuterte som forfattar. Eit års tid før han døydde skal han ha sagt at han ikkje visste kvar manus var. Då familien gjekk gjennom papira hans etter at han var død, fann dei litt her og litt der. Alt var ikkje paginert, men med litt hjelp fekk dei sett det saman.

Det er ei ujamn bok. Hovudpersonen, Billy Edgewater, er på veg austover gjennom staten Tennessee. Far hans ligg for døden, og sjølv om dei ikkje har hatt noko godt forhold har syster hans bede han om å koma heim før det er for seint. Edgewater er ikkje altfor oppteken av det, og tek dei omvegane som byr seg. Han møter mange folk, han drikk mykje, han pular litt, han får bank, han giftar seg, han skil seg frå kona, han er innom eit fengsel, osb. I det heile verkar staten Tennessee som ein stad der alle er kriminelle, halvparten sel heimelaga whisky, og der så godt som ingen er ærlege.

Det heile verkar som eit uferdig manus. I opninga glitrar det, og det verkar som om dette er den delen av romanen som er mest gjennomarbeidd. Utover i boka dukkar det opp for mange bipersonar, nokre av hendingane kunne vore strokne, og flyten i boka er ikkje god. Likevel dukkar det svært opp nokre fabelaktige setningar og dialogar, slik at det ein tenkjer mest på under lesinga er kor god denne boka kunne vorte dersom Gay hadde fått arbeida meir med manus.

Guffen er lunken.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)

Little Sister Death (2015)

25. august 2019

Morten Ståle Nilsen og Arne Svingen (red.): Beat: De klassiske artiklene (1995)

Frå 1980 las eg mange norske musikkblad. Av dei store blada kjøpte Torstein Nye Takter kvar månad, eg kjøpte Puls. Dei to blada utfylte kvarandre, og me var nok begge mest på line med Nye Takter. I 1985 kom redaksjonen i Puls på kant med eigarane, og grunnla avisa Beat. Musikksmaken var om lag den same som i gamle Puls, men trykken var betre, og artiklane vart lengre. Til tiårsjubileet laga dei denne boka, der dei samla åtte artiklar dei altså kalla "klassiske".

Eg kan ikkje fatta at dette var dei åtte beste artiklane. Med eitt unntak er det ei heller tynn suppe som vert servert. Seks av artiklane er intervju og/eller artiklar om band. Dei to siste artiklane er dei veikaste: Herman Willis er ei veke i Stockholm for å prøva å forstå den byen, og Willis og Torgrim Eggen skriv (under pseudonym) om harry-fenomenet. Begge artiklane er pinleg dårlege. Stockholm-artikkelen har ein veikskap ein finn att også i fleire artiklane om musikk: Journalisten trur at hans eigen person er viktig. Det kan fungera viss du er Hunter S. Thompson; det fungerer ikkje her.

Den eine artikkelen som ragar over alle andre er skriven av Sindre Kartvedt. Han skriv om og intervjuar Keith Richards. Det er den klart lengste av artiklane i boka, og Kartvedt gjer det han burde gjera: Han skriv om Richards. Etter ein introduksjon på fire sider går det over i eit intervju, og her er det heile tida Richards som står sentralt. Han får gode spørsmål, og snakkar både lenge og vel om musikken sin.

Slik kunne Beat vera, og det var det ofte. Beat var eit bra blad, sjølv om dette heftet tyder på noko anna.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. august 2019

Mike Walsh: Bowling Across America (2008)

Bowling. Der har du ein sport eg ein gong var ein habil utøvar av. Persen er 209, omtrent. No bowlar eg diverre altfor sjeldan.

Mike Walsh har bowla ein del. Boka opnar med nokre fine kapittel om far hans, som hadde ein draum om å spela handball (ein slags squash utan racket) i alle dei femti amerikanske statane. Han døydde før han fekk fullført det, og Walsh, som var rundt 27 år, fann ut at han skulle seia opp jobben for å fullføra prosjektet til faren, med ein liten vri - bowling i staden for squash.

Det opnar heilt greitt. Walsh er ikkje nokon stor skribent, men det han skriv er greitt. Problemet er at dei femti kapitla vert altfor like. Han køyrer litt, han bowlar litt, han drikk litt, han leitar etter sponsor og får etter ei stund napp hjå eit bryggeri, han vert intervjua av ein del mediefolk, han overnattar hjå slekt og vener og andre, og han prøver å verta betre kjend med mange damer utan å lukkast.

Det skjer altså altfor lite. Skulle dette ha fungert måtte Walsh ha vore ein langt større humorist og/eller skribent. No er det same om att og om att, og det vart etter kvart eit strev å koma vidare. Det vert ikkje akkurat betre av at han oppsøkjer Lebowski Fest, ein årleg festival, og er misnøgd med det han ser.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. august 2019

Once Upon a Time in Hollywood (2019)

Handlinga i denne filmen er lagt til Los Angeles, 1969. Nye tider er i emning. Det merkar òg skodespelaren Rick Dalton (Leonardo DiCaprio), som ikkje får like store roller som før. Han gjer sitt beste, men bruker mykje tid på klaging og drikking saman med den faste stuntmannen sin, Cliff Booth (Brad Pitt). Dalton bur øvst i Celio Drive, og dei nærmaste naboane er Roman Polanski og Sharon Tate. Undervegs i filmen tek Booth på ein haikar, ei jente som bur på Spahn Ranch saman med dei andre i Manson-familien. Filmen sluttar med at tre Manson-disiplar legg vegen til eit hus i Celio Drive for å drepa alle som bur der.

Det heile er altså laust inspirert av verkelege hendingar, men denne gongen verkar det ikkje som om Tarantino fyrst og fremst vil fortelja ei historie. Filmen er ei hylling til Hollywood, og kulissar og scenografi er glitrande. Det er òg skodespelet, spesielt Pitt strålar. Dalton tenkjer ofte tilbake på filmar og seriar han har gjort før, og desse filmglimta er òg flotte - det same gjeld scenene der han har ein rolle i ein ny film.

Andre Tarantino-filmar har gjerne meir nerve enn denne. Det er eit drag av uhygge ved det heile når Booth vitjar Spahn Ranch, og den siste halvtimen er òg langt meir brutal enn resten, men elles er det meir enn film å smila av. Dei heilt store replikkane kjem dei siste fem minutta, då filmen får ei happy Hollywood-ending. Det er enormt stilreint, visuelt er filmen så godt som feilfri, og skodespelet til Pitt og dei andre er frå øvste hylle.

Guffen tilrår.

Meir Tarantino på kulturguffebloggen
Reservoir Dogs (1992)
Pulp Fiction (1994)
From Dusk till Dawn (1996)
Jackie Brown (1997)
Kill Bill 1 (2003)
Kill Bill 2 (2004)
Inglourious Basterds (2009)
Django Unchained (2012)
The Hateful Eight (2015)
Once Upon a Time in Hollywood (roman, 2021)

17. august 2019

Ole Idar Kvelvane: Astronautar (2004)

Hovudpersonen i denne boka, Dag-Olav, bur hjå foreldra i Stavanger. Han er oppteken av to ting - musikk og seg sjølv. Han er ein person det er vanskeleg å lika, og han har då heller ingen altfor nære vener.

Bandet han set aller høgast er The Stone Roses. Han nemner fleire gonger dei to konsertane dei hadde i Oslo, i 1990 og 1995, og snakkar om kor fantastiske dei var. [Eg var på den fyrste sjølv, og har aldri høyrt ein vokalist syngja så surt gjennom ein heil konsert.] Han får, med litt flaks, jobb på Platekompaniet, der han òg gjer sitt beste for å dra fram musikken deira.

Boka vert aldri meir enn middels. Nokre parti er greie, medan andre er aldeles malplasserte. Mange band og personar vert nemnde med fullt namn, andre med pseudonym. I to fantasisekvensar stoppar romanen heilt opp - ein der Dag-Olav vitjar Stone Roses-gitaristen John Squire, og ein der ein musikkjournalist og ein musikar i Oslo har den vanlege måndagslunsjen sin.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

16. august 2019

Behind the Curve (2018)

Det finst mange rare konspirasjonsteoriar der ute, og det har vorte langt lettare å spreia slike teoriar etter internett. Denne filmen handlar om slike som trur at jorda er flat.

Mark Sargent har den mest sentrale rolla i filmen. Han er i førtiåra, bur heime hjå mor si utanfor Seattle, og er ei stjerne i dette miljøet. Den statusen har han fått etter å ha lagt ut ei rekkje filmar på Youtube, anten åleine eller saman med Patricia Steere. Det dei presenterer er det reinaste visvas, sjølvsagt. Dei meiner altså at jorda er flat, og at det over heile jorda er plassert eit avrunda glastak, der nokon fører sola og månen og stjernene. Kven som står bak dette veit dei ikkje, og dei trur heller ikkje at nokon andre veit det.

Me møter dei kvar for seg eller samla, og me vert òg med på ein konferanse der dei møter fleire hundre som trur på det same (eller som er svært nyfikne). Innimellom desse klippa kjem det klipp frå nokon som skal prova at jorda er flat, ved å gjera eit enkelt eksperiment. Den fyrste gongen mislukkast eksperimentet, den andre gongen viser eksperimentet at jorda er rund.

Filmen er artig, mest av di Sargent er ein god forteljar, og ein underhaldande person.

Guffen tilrår.

14. august 2019

Draumen om månen (2019)

Det er femti år sidan fyrste gong nokon var på månen, og denne amerikanske dokumentarserien fortel historia om månekapplaupet på ein eksemplarisk måte, frå seint i 1950-åra til 1969.

Det var eit kapplaup, i alle fall på papiret. Sovjetunionen slo USA på mange felt, men var langt unna å senda nokon til månen. USA hadde utvikla teknologi som gjorde at fartøy kunne koplast saman i verdsrommet, Sovjetunionen var ikkje der i det heile. Det visste ikkje USA, slik at det vart brukt store ressursar på å få nokon til månen. Det greidde dei i juli 1969, og der og då var verda samla om ei einaste hending. Fram til dess hadde òg kvart nye steg i verdsrommet vore ei storhending; frå då av fall interessa stort.

Noko av det som gjer serien stor er at alle bileta er samtidige. Der er intervju med mange av dei som var der då det skjedde, medrekna ein frå sovjetsk side, men alt me ser frå 1960-åra. Det gjer det heile meir levande, også av di alt av klede og interiør og røykevaner er autentisk.

Guffen tilrår.

12. august 2019

Steffen Kverneland: En frivillig død (2018)

Steffen Kverneland lagar glimrande teikneseriar. Denne gongen går han meir alvorleg til verks enn elles, og fortel om far sin. Han tok livet sitt då Steffen var 18 år.

Kverneland er open, truleg om det aller meste. Han fortel om ein far som var god, som gjorde mykje saman med sønene, og som koste seg når han kunne byggja ting. Samstundes drakk han altfor mykje, og ei av dei tyngste scenene i boka er då Steffen finn ut at han skal overraska faren og sykla ut på hytta, der faren er. Faren er åleine, og det viser seg at det einaste selskapet hans er ei flaske brennevin.

Faren tok livet sitt på kontoret der han arbeidde. Då ville ikkje nokon i familien finna han heime, og han venta til begge gutane var over 18.

Igjen - det er eit finfint album. Av og til bruker Kverneland foto som illustrasjon, og det fungerer heilt fint. Det fungerer ?og fint (men litt skremmande) at han av og til teiknar seg og sonen i same stilling som han og faren hadde tretti-førti år tidlegare.

Guffen tilrår.

11. august 2019

Jeff Tweedy: Let's Go (So We Can Get Back) (2018)

Jeff Tweedy var med i Uncle Tupelo, og berre det er grunn nok til å lesa denne boka. Uncle Tupelo gav ut (minst) to framifrå plater, men var oppløyst då det skar seg mellom Tweedy og Jay Farrar. Farrar gjekk vidare i gruppa Son Volt; Tweedy gjekk vidare med Wilco. Det er òg ei finfin gruppe, som mellom anna gav ut tre plater saman med Billy Bragg, der tekstane var upubliserte tekstar av Woody Guthrie.

Denne boka er glimrande. Tweedy skriv godt, han fortel historier godt, og boka er eksemplarisk oppbygd. Det står minimalt om oppveksten, og deretter går det rett på sak. Han fortel om korleis han vart glad i musikk, korleis han tok til å spela musikk, og så vidare. Han verkar svært open og ærleg, og fortel både om godt og gale. Sjølv om brotet med Farrar var vondt, får Farrar svært mykje skryt i boka - det er ikkje mange av dei andre bandmedlemmane hans som får like mange godord. Han fortel òg om familien, både den han vaks opp i og den han har saman med kona og ungane, og det er fin flyt heile vegen.

Guffen tilrår.

8. august 2019

Geert Mak: In Europe (2004)

Utgangspunktet her er heilt fint: Gjennom heile 1999 reiste Mak gjennom Europa, i fotspora til den europeiske historia på 1900-talet. Han reiser frå by til by, frå plass til plass, og fortel om ting som hende der. Nokre av hendingane han fortel om endra verdshistoria, nokre endra den europeiske historia, andre endra den nasjonale historia, medan andre igjen kanskje ikkje var så viktige for andre enn den eller dei det handlar om.

Innvendingane fyrst: Det er ikkje alltid like greitt å få tak på kvifor Mak reiser. Mange stader snakkar han med folk, og nokre kapittel opnar med fleire sider lange sitat frå ulike folk. Desse sitata er fine, men Mak trong ikkje reisa i dagevis for å gjera dei intervjua. Han kjem òg til stader der han ikkje snakkar med nokon, men berre fortel kvifor denne staden var viktig. Det kunne han òg gjort frå skrivebordet heime. Språket er òg stivt, men det reknar eg med at skuldast omsetjaren.

Men det meste i boka er bra. Han er ein god forteljar, og får godt fram korleis utkantane av Europa er mindre viktige, korleis Europa heile tida har vore prega av maktkampar mellom dei største landa, korleis Europa vert meir og meir homogent, og korleis nokre få personar prega hundreåret som gjekk. Den andre verdskrigen får størst plass, sjølvsagt, og Hitler og Stalin er av dei det står mest av i heile boka.

Guffen tilrår.

Meir Mak på kulturguffebloggen

5. august 2019

Jan Wiese: Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede (1990)

Rammehistoria i denne romanen handlar om ein bibliotekar ved vatikanbiblioteket. Han har arbeidd der lenge, og kjenner etter kvart arkivet godt. Eit måleri som heng ein stad i Vatikanet vert ny-oppdaga. Måleriet viser ei kvinne med eit barn, og alle ser at dette er eit meisterverk. Ingen veit kven som har måla det, bortsett frå bibliotekaren.

Hovudhistoria i romanen er det bibliotekaren har lese seg fram til i gamalt arkivmateriale. Han veit kven som har måla det, han veit kvar det vart måla, han veit kven som stod modell, han veit at det opphavleg var meint som ei altertavle, osb. Han veit alt om biletet. Dette fortel han, og dette har han tid til å fortelja. Han sit i fengsel, for ei handling som er heilt parallell til historia han har funne i arkiva.

Det er ei fin bok. Wiese skriv uvanleg fint og godt, og har komponert romanen godt. Det var den einaste romanen han gav ut.

Guffen tilrår.