25. mai 2015

Tormod Haugland: Heller (1997)

Eg liker bøkene til Tormod Haugland. Dei er korte, skrivne i eit språk utan dei store faktene, men dei har djupe og kloke innhald. Slik er det også i denne boka, som går i eit så roleg tempo at ein nesten ikkje trur det då det mot slutten av boka viser seg at to vaksne sysken er elskarar. Også den scena er skriven i det same, rolege tempoet; sjølv måtte eg dobbelsjekka at det faktisk var bror og syster det var snakk om.

Eg-personen er den som kryp oppi senga til syster si. Boka har to delar, som kjem i omvendt kronologisk rekkjefølgje. I opningsdelen har han nett kome tilbake til Bergen, etter å ha vore vekke i fem år. Det kjem ikkje klart fram kvifor han vore vekke - fyrst tenkte eg han hadde vore i fengsel, men det er heller truleg at han har vore sjuk. Det han gjer og seier tyder på at han slit med det sosiale, og det er òg tydeleg i den siste delen. Der har systera nett mist dotter si, og familien er samla i gravferd og etterpålag.

Guffen tilrår.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)

Joan Lindsay: Picnic at Hanging Rock (1967)

Hanging Rock er ein steinformasjon i Australia. Denne romanen fortel om ein skuletur dit i 1900, der fire elevar og ein lærar forsvinn på mystisk vis. Den eine eleven vert funnen i live ei veke seinare, dei andre dukkar aldri opp att. Kostskulen dei var knytte til sleit alt økonomisk, og at fire liv gjekk tapt på ein skuletur var så dårleg reklame for skulen at mange foreldre tok døtrene sine ut av denne skulen. Romanen sluttar med at styraren for skulen tek livet sitt. På Hanging Rock.

Boka er ikkje så mykje å skryta av. Ho er skriven i eit altfor ordrikt og altfor livlaust språk, og her er altfor mange personar. Svært få av desse har noko spesielt ved seg, og dei som stikk seg ut, vert skildra altfor tydeleg av Lindsay. Har ho sagt éin gong at Emily ikkje er spesielt skarp, treng ho ikkje ta det opp mange gonger. Etter at dei fire forsvinn er der to tema som går att i boka - dels handlar det om å løysa mysteriet, dels handlar det om korleis dei attverande prøver å famla seg vidare i livet. Det går seigt, og det engasjerer ikkje i det heile.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

24. mai 2015

Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Mai 1985. To tragediar på europeiske tribunar. I den eine (og best kjende) miste 39 personar livet på Heysel stadion, i europacupfinala mellom Juventus og Liverpool. I den andre, nokre veker tidlegare, miste 56 personar livet i ein tribunebrann i Bradford. Denne boka handlar om den brannen i Bradford. Granskingskommisjonen konkluderte fort med at dette var eit uhell. Dei meinte at noko, truleg ein tent sigarett, var kasta inn under tretribuna, der det hadde samla seg opp rusk og rask i minst sytten år. Det tok fyr, og brannen spreidde seg ekstremt raskt i det turre treverket.

Martin Fletcher var der ved eit tilfelle, og redda livet ved eit tilfelle. Han var tolv år gamal, og familien hadde nyleg flytta frå Bradford til Nottingham. Dette var siste kamp i sesongen, og Bradford hadde alt vunne fjerde divisjon. Mange i familien kom saman for å feira dette, og Martin sat saman med bror sin, far sin, onkel sin og bestefar sin. Han var den einaste av desse som overlevde. (Han vart etter kvart Nottingham Forest-supportar, og var, utruleg nok, til stades på Hillsborough-tragedien fire år seinare.)

Fletcher prøver fyrst å leggja alt bak seg, men det er for mykje som ikkje stemmer. Han tek ikkje studiane altfor alvorleg, og bruker heller tida på å lesa gamle aviser, og å undersøkja resultata til granskingskommisjonen. Han seier det så rett ut som han kan utan å seia det rett ut: Den dåverande eigaren av klubben, Stafford Heginbotham, har truleg fått nokon til å setja fyr på tribunen, for å få utbetalt forsikringspengane. Noko prov for dette fører han ikkje, men der er mange spørsmål utan svar, og Heginbotham, som var ein tidvis suksessrik forretningsmann, hadde mist minst åtte eigedomar på same måte før. I tida etter brannen verka det som om han hadde noko å skjula, og sjølve granskinga var òg så overflatisk at mange lause trådar vart verande lause.

Er eg overtydd? Nja. At granskingskommisjonen kunne vore grundigare, er sikkert. Dei kunne ha brukt meir tid og krefter på det heile. Det er òg opplagt at klubben gjorde altfor lite for å sikra tribunane i åra før brannen, men det er ikkje det same som at det er snakk om ein mordbrann.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

Super Size Me (2004)

Morgan Spurlock, regissøren av denne dokumentarfilmen, ville finna ut kor skadeleg fastfood eigentleg er. I ein månad et han berre mat frå McDonald's - tre måltid kvar dag. Det vert ikkje nokon lystig månad. Det meste går feil veg - han legg på seg, helsesjekkane viser at kroppen forfell ekstremt fort, han vert i dårleg humør, osb. Det siste er noko av det mest tydelege - når han kjøper mat på dag 1 er han glad og lystig, men det tek ikkje mange dagar før han vert kvalm av alt han stappar i seg. Dag 3 eller 4 kastar han like godt opp det han har ete. Det var rett nok ein av dei ekstra store måltida - han har bestemt seg for å takka ja kvar gong han får tilbod om å supersiza måltidet sitt.

Dokterane bed han om å slutta når det er ei veke att, men han fullfører. Då er han altså tjukkare og svakare, og det er opplagt at kosthaldet har skulda for det. Likevel skapar det eit inntrykk av at fastfood er meir skadeleg enn det faktisk er - det kan ikkje vera mange som utelukkande et McDonald's-mat, dagen lang. Det høyrer òg med at Spurlock er sambuar med ein vegankokk, slik at han, sjølv om han ikkje er vegetarianar, truleg har eit ekstremt sunt kosthald i det daglege. Å gå rett frå eit sunt kosthald til å berre eta fastfood må ha gjeve kroppen eit stort sjokk.

Spurlock oppfører seg omtrent som Michael Moore. Også Spurlock set ting heilt på spissen, og bruker mykje humor for å få fram poenga sine. Begge to er kritiske til mykje i det amerikanske samfunnet; ein skilnad er likevel at Spurlock faktisk bruker seg sjølv som forsøkskanin.

Guffen tilrår.

23. mai 2015

Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)

Odd Lovoll har skrive svært mykje om den norske utvandringa til USA, og svært mykje av det han har skrive er svært godt. Denne gongen skriv han om eit oversett tema i den tidlege utvandringa frå Noreg, og det gjer han som vanleg godt.

Den vanlege oppfatninga er at dei fleste som emigrerte frå Noreg til USA reiste om New York. Det stemmer for så vidt, men ikkje heilt: Frå 1854 til 1865 reiste dei fleste - 94 prosent - via Quebec i Canada. At det var så mange var nytt også for meg, og det er med på streka under kor stor forskar Lovoll er: Han runda åtti år i fjor, men er framleis nyfiken nok til å avdekkja og presentera ukjende sider ved den norske utvandringa.

Dei fleste som kom til Quebec reiste vidare, og dei fleste av desse reiste vidare til USA. Nokre stader i Canada, til dømes ved utløpet av Lawrence-elva, var det mindre norske bygdelag, men også mange herfrå braut opp og reiste vidare til statane i Midt-Vesten. Mange vart likevel verande, spesielt etter at det vart lagt til rette for at folk kunne slå seg ned på den canadiske prærien, men dette fell utanfor temaet for denne boka. Det er likevel, som Lovoll skriv, noko som "awaits the interested historian and is much desired".

Lovoll flettar inn historier om mange av dei som utvandra. Dei aller fleste, i alle fall i denne tidlege perioden, reiste inn i det ukjende, og var takksame for hjelp frå dei nordmennene som alt var i USA. Det er påfallande kor mange av desse som lurte innvandrarane, og som altså utnytta folk når dei var på sitt mest sårbare.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Breaking Bad, sesong 2 (2009)

Ein glimrande sesong, med ein av dei mest glitrande cliffhangerane eg har sett. Walter White er kjemilærar. Han har fått lungekreft, og har, i følgje dokteren, små sjansar til å stå det over. For å sikra framtida til familien, og for å betala for cellegiftkuren, lagar han metamfetamin, i eit slags partnerskap med ein tidlegare elev, Jesse Pinkman. Butikken går så det susar, heilt til ein av seljarane deira vert skoten. Dei har store mengder stoff på lageret, og veit ikkje korleis dei skal få selt det. Heilt til den ikkje heilt stovereine advokaten Saul Goodman seier at han har ein kontakt. White kjem i kontakt med han, og får beskjed om å levera alt stoffet på ein truckstop. Om éin time.

Dei neste minutta er glitrande. Stoffet er lagra hjå Pinkman, som har valt denne dagen til å prøva heroin for fyrste gong, saman med den ikkje altfor stabile husverten sin, ei ung jente. Alt White får ut av han er kvar stoffet er gøymt, og me kan føla hastverket hans når han skal pakka dette, og nå avtalen på truckstopen. Og så ringjer den høggravide kona hans. Han ignorerer oppringinga, men så kjem det ei tekstmelding der ho skriv at fødselen er i gang. White vert heilt sett ut, sjølvsagt - kva skal han gjera? Gå glipp av fødselen? Eller gå glipp av ein narkohandel som kan gje han pengane han treng for å gjennomføra ein nødvendig operasjon?

Forholda mellom White og Pinkman, og mellom White og kona, er begge sentrale i serien. White er på lag med begge to, men er det samstundes ikkje. Han greier ikkje ta Pinkman heilt på alvor, han irriterer seg over narkobruken hans, og han irriterer seg meir over at Pinkman ikkje kan halda tett. Kona til White veit sjølvsagt ikkje noko om korleis han finansierer behandlinga si. Men ho anar at det er uglar i mosen, og til slutt får ho nok av alle løgnene hans.

Det er altså ein fengande serie. Og her er ei rekkje gode bipersonar - sonen til White er lettare handikappa; svigerbroren jobbar i narkotikapolitiet, til dømes. Og far til husverten/kjærasten til Pinkman jobbar som flygeleiar - sesongen sluttar med eit godt eksempel på kva som kan skje når flygeleiarar har tankane andre stader enn i jobben sin.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

19. mai 2015

Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)

Norsk-amerikanarane skreiv mykje skjønnlitteratur. Det meste av dette var heilt på grensa til hjelpelaust, men nokre bøker heldt høgt nivå. Den beste norsk-amerikanske romanen eg kjenner er Giants in the Earth av Ole Edvard Rølvaag. Den boka fortel om nokre familiar som utvandrar frå Noreg, og som slår seg ned på prærien, der dei går gjennom gode og mindre gode dagar. Og heile tida ligg gamlelandet der som noko dei ikkje kan fjerna seg frå.

Rølvaag var sjølv innvandrar, og skreiv altså om eit miljø han kjende frå innsida. Johan Bojer budde aldri i USA, men har likevel kjent miljøet. Vår egen stamme fortel om nokre familiar som utvandrar frå Noreg, og som slår seg ned på prærien, der dei går gjennom gode og mindre gode dagar. Og heile tida ligg gamlelandet der som noko dei ikkje kan fjerna seg frå.

Dei to bøkene er altså bygd opp omtrent identisk. Det er nærliggjande å skulda ein av dei for plagiat, hadde det ikkje vore for at bøkene kom ut omtrent samstundes - Rølvaag slo Bojer med ein månad. At dei liknar kvarandre er altså tilfeldig, men når dei fyrst begge hadde fått ein idé om å skriva ei slik bok, er det ikkje så rart at dei fortel om mykje av det same. Det er rett nok lenge sidan eg las Giants in the Earth, men likevel: Det handlar om draumen om eit betre liv i USA. Det handlar om lovnader om å koma tilbake til Noreg etter nokre år. Det handlar om å bryta nytt land på prærien, med alle dei vanskar det førte med seg - dei strir med både pengar og naturkrefter. Og så bortetter. Hovudpersonane i denne boka dannar bygda/byen Nidaros, som etter kvart vert eit økonomisk senter i Red River-dalen.

Boka er omtrent fri for overraskingar, det ligg litt i korta kva vanskar og gleder som møter dei. Han skriv heller ikkje spesielt godt, det er heller ordinære setningar heile vegen. I alle fall nesten heile vegen - det siste kapitlet, der den lengstlevande av emigrantane reiser heim for siste gong, er godt skrive.

Guffen er lunken.

Meir Bojer på kulturguffebloggen
Den siste Viking (1921)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

16. mai 2015

John Steinbeck: The Moon is Down (1942)

Romanen kom ut midt under andre verdskrigen, og sjølv om det ikkje vert sagt noko om kvar handlinga går føre seg, er det rimeleg opplagt at det skjer i Noreg, og at det heile refererer til den tyske invasjonen. Landet ligg langt mot nord, snøen ligg tjukk, mange flyktar over havet til England, og statsleiaren for invasjonsmakta vert omtala som "The Leader".

Romanen minner mykje om eit skodespel. Kvart av kapitla opnar med ei side som presenterer kvar scene, og deretter er det berre replikkar resten av kapitlet. Kvart kapittel går òg føre seg i berre eitt rom, og med eitt unntak er dette rommet i borga. Eller tinghuset.

Okkupantane er overraska over at dei møter motstand, merkeleg nok. Dei prøver å oppføra seg sivilisert, som dei seier, men får ikkje mykje sympati. Dei vert møtt med vald, vald avlar vald, og når dei invaderte får hjelp av flyslepp, svarar okkupantane med endå meir vald.

Romanen engasjerer ikkje så mykje. Eg anar ikkje om han vart smugla inn i Noreg under krigen, eller om han var kjend her i det heile - viss han var det, kan han ha vore med på å halda oppe kampvilja. Eg les éin Steinbeck-roman i månaden dette året, og dette var den suverent svakaste så langt.

Guffen er lunken.

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)

Geert Mak: USA. En reise (2012)

Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Twin Peaks igjen. Eg såg serien om igjen (om igjen) for litt sidan, og var ikkje komen langt før eg kjøpte denne. Så vart serien dårlegare og dårlegare, langt dårlegare enn eg hugsa han, og entusiasmen for denne boka var ikkje altfor stor.

Og det fortener ho truleg heller ikkje. Dukes har intervjua svært mange av dei som laga serien - nokre skodespelarar manglar, det same gjer David Lynch. Han får mykje ut av dei, men det er òg mykje svada. Det var ei eiga stemning på settet. David Lynch er genial. Me laga fjernsynshistorie. Osb. Ordet "fun" går igjen og igjen.

Boka er meir interessant når det handlar om Twin Peaks som fenomen. Serien vart hausa opp før premieren, og tok verkeleg fjernsynsverda med storm. Alle i serien vart (og vert) prega av det; rutinerte skodespelarar vart brått meir kjende for rolla si i Twin Peaks enn for andre roller dei har gjort. Serien vart merkbart dårlegare etter at David Lynch trekte seg ut, og etter at også Mark Frost vart meir perifer, og ABC kansellerte serien midt i sesong to. Ein folkeaksjon overtydde dei om at det kunne lagast nokre fleire episodar, men mange vart det ikkje.

For dei som framleis set denne serien høgare enn alt anna må dette vera ei interessant bok. For oss andre er boka om lag som serien - ho slit med å halda eit høgt nivå heile vegen.

Guffen er lunken.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)

14. mai 2015

Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)

Jon Fosse er ikkje den som slepper journalistar eller andre tettast innpå seg. For nokre år sidan kom det ei fin bok av Cecilie Seiness, der Fosse opna seg meir enn eg hadde venta. Men også der sette han grenser - han ville ikkje snakka om den religiøse sida si.

Det gjer han i denne boka. Eskil Skjeldal skulle eigentleg intervjua han for det katolske årsskriftet Segl, men emnet vart så omfattande at Fosse i den andre samtalen deira sa at dette måtte dei laga ei heil bok om, skulle han få forklart seg grundig nok. Her får han forklart seg grundig nok, og det er tidvis ei ekstremt interessant bok.

Utgangspunktet er at Fosse, etter å for lenge sidan ha meldt seg ut av statskyrka, for nokre år sidan konverterte til katolisismen. Skjeldal, som eg får før kjenner som ein god skribent i Dag og Tid, har gått omtrent same vegen - han utdanna seg til prest, men har òg gått statskyrkje til katolisisme. Skjeldal stiller gode spørsmål, og får Fosse til å snakka om ting eg aldri hadde venta at han skulle snakka om. Eller - som det kjem fram alt på fyrste sida av boka - han skriv om dette. Samtalen deira er omarbeidde i etterkant, slik at boka altså er skrivne tekstar.

Fosse snakkar altså mykje om religion. Det er dei delane av boka som engasjerer meg minst, sjølv om det også her gjev meining å lesa det han skriv. Han er mindre katolsk enn paven, og er djupt usamd i mykje av det katolikkar flest står for, og er òg djupt usamd i korleis andre religiøse les og tolkar Bibelen. Men Skjeldal får òg Fosse til å snakka om skriving, om nynorsk, om kommareglar, om litteratur, om andre forfattarar, om filosofi, og det er her boka er på sitt aller, aller beste. Han snakkar òg mykje om seg sjølv, om korleis det er å arbeida som forfattar, om si eiga helse, og også dette er interessant. Dette er ei bok eg veit eg vil henta fram att - det var ein fryd å lesa ho.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

13. mai 2015

Harald Fossberg: Nyanser av svart (2015)

I 1990-åra var eg fast lesar av det engelske musikkmagasinet Q. I ein kort artikkel om black metal, som truleg stod på trykk rett etter at Greven vart mordar, skreiv dei noko slikt som at heile musikkverda såg på black metal som ein vits, men nokre nordmenn skjønte ikkje vitsen og tok musikksjangeren på alvor.

Boka til Fossberg tek òg sjangeren på alvor, og han får godt fram at dette ikkje er ein vits. Sjølvsagt går det an å smila av dette jaget etter å vera ved vondaste, eller all liksminkinga, eller alle dei rare pseudonyma, men det går òg an å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, og heller konsentrera seg om musikken. Det er det Fossberg gjer, og han dvelar ikkje spesielt lenge ved dei ekstreme handlingane (og haldningane) til Greven.

Boka er lagt opp som ein artikkelserie, der Fossberg skriv om nokre utvalde band, og om nokre utvalde personar. Han ser nokre fellestrekk - svært mange av musikarane vaks opp på landsbygda, omtrent alle passa ikkje inn, dei aller fleste er svært gode musikarar, og overraskande nok vart mange av dei kjende med Kiss etter å ha funne bilete av dei i godteposar. Det er ei underhaldande og grei bok, sjølv om ho ber litt for mykje preg av å vera skriven for dei som alt kjenner banda det er snakk om. Eg gjer ikkje det, og saknar gjerne litt meir om sjølve musikken.

Guffen tilrår.

11. mai 2015

Åsmund Svendsen: Halvdan Koht. Veien mot fremtiden (2013)

Halvdan Koht var ein markant aktør på mange område. Han var med då Noregs Mållag vart skipa i 1906, og sat som formann nokre år tidleg i 1920-åra. Han var professor i historie i 25 år, og hadde ein svært omfangsrik vitskapleg produksjon. Han gjekk av som professor i 1935, då han vart utanriksminister. Han var redaktør i Syn og Segn tidleg på 1900-talet. (Og omtrent samstundes organiserte han ein innsamlingsaksjon som redda Norsk Barneblad, men det vert ikkje nemnt i denne biografien.)

Svendsen legg mest vekt på historikaren og politikaren. Koht kjempa for at Noreg skulle halda seg nøytralt, og hadde ei altfor sterk tru på at politikarar, også dei frå andre land, var gode menneske som ville respektera den norske nøytralitetspolitikken. Alt under krigen fekk han mykje av skulda for at Tyskland såpass lett tok kontrollen over Oslo. Noko av dette var nok rett, men det er vanskeleg å sjå at sterkare norske politikarar, eller eit sterkare norsk forsvar, ville ha ført til noko anna enn at fleire menneskeliv gjekk tapt.

Det er hendingane rundt den andre verdskrigen som får mest plass her. Boka er lagt opp strengt kronologisk, og i kapitla som fører fram mot krigsutbrotet verkar det nesten som om Svendsen skriv av plikt, altså at dette er noko han må ha med, utan at det engasjerer han så mykje. Han greier i alle fall ikkje å engasjera meg som lesar, det vert mykje oppramsing, og det hadde truleg vore ei betre løysing å skriva ein tematisk biografi, ikkje ein kronologisk. Boka vert betre når krigen endeleg kjem i gang, men her vert det nesten for mange detaljar. Boka gjev god innsikt i kven Koht var, og kva han fekk gjort, men eg trur det hadde vorte betre om stoffet hadde vorte disponert annleis.

Guffen er lunken.

9. mai 2015

Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)

Arne Garborg er stor. Eg las Skrifter i samling for ti-tolv år sidan, og koste meg med det aller meste. Aller best er Fred, ein glimrande roman. Kvar gong eg ser ei ti på topp-liste over norske romanar utan Fred, ser eg ei liste det ikkje går an å ta alvorleg.

Haugtussa er ei anna glimrande bok av Garborg. Det er ein diktsyklus som fortel om Veslemøy, ei synsk jente frå Jæren. Ho ser det andre ikkje kan sjå. Veslemøy forelskar seg i Jon, men han vel ei anna, og skapningar frå åndeverda oppmodar ho om å hemna seg på Jon, men ho let det vera.

Diktet har vore framført på teater fleire gonger. Ofte er det akkompagnert av folkemusikk; i denne framsyninga, som fyrst vart spelt på Det Norske Teatret, er det eit tyngre musikalsk uttrykk som møter oss. Musikken vert framført av Sjur Miljeteig; som saman med skodespelar Ane Dahl Torp er den einaste på scenen.

Når alt fungerer er det stort, men alt er ikkje like vellukka. Tekstutvalet var, i alle fall for meg, for snevert til at forteljinga kom klart fram. Mange av replikkane til Dahl Torp forsvann òg i effektboksar; det var rett som det var vanskeleg å høyra kva ho sa. Men samstundes var det òg lange parti der samspelet mellom dei to var flott. Musikken heldt seg i bakgrunnen, slik at dei fantastiske diktlinene til Garborg kom til sin rett.

Guffen tilrår.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.17)
Kimen (Det Norske Teatret, 20.1.2018)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)


Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Snøkvit (14.10.2017)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

4. mai 2015

Howard Zinn, Mike Konopacki, Paul Buhle: A People's History of American Empire (2008)

Eg ser (framleis) altfor lite fjernsyn. Desse timelange foredraga til Frank Aarebrot har eg berre sett nokre få minutt av, sjølv om eg er sikker på at eg hadde hatt godt av å sjå meir. Denne teikneserien er lagt opp på om lag same vis. Howard Zinn, ein amerikansk historieprofessor, fortel om den amerikanske utanrikspolitikken frå 1890 og framover.

Zinn er ingen kvensomhelst. I 1980 gav han ut den aldeles glimrande boka A People's History of the United States, der han fortel den amerikanske historia frå 1492, sett frå dei undertrykte sin synsstad. I denne serien handlar det mest om utanrikspolitikk, og han får godt fram korleis president etter president invaderer andre land, for å gjera sitt eige land rikare. Nokre gjer det ope, andre langt meir skjult.

Det er heller trist lesnad, sjølvsagt, og det er lett å verta nedtrykt etter ei slik bok. Rett nok sluttar boka med at Zinn tek nokre spørsmål frå salen, mellom anna eitt om der finst håp, og Zinn er optimistisk: Det er initiativ frå grasrota som har endra viktige borgarrettslover i USA før; det kan skje igjen. Seier han. Optimistisk.

Guffen tilrår.

Meir Zinn på kulturguffebloggen
You Can't Be Neutral on a Moving Train (2002)

3. mai 2015

House of Cards, sesong 2 (2014)

Det går framleis bra med Claire og Frank Underwood, og dei gjer framleis det dei kan for at det skal gå bra. Frank er visepresident, og er slettes ikkje så lojal mot presidenten som han burde vera. Han køyrer ofte sololøp, og set andre politikarar og aktørar opp mot kvarandre. Han siktar høgt, og han spelar høgt.

Han gjer ikkje dette åleine. Han har alltid med seg andre, men ikkje alltid dei same. Den éine som heile tida står ved sida hans er kona Claire. Dei har eit merkeleg forhold - som regel er det nok med eit kyss på kinnet, fram til ei høgst uventa scene som er opptakta til ein trekantrunde, er det ikkje noko teikn til intimitet mellom dei. Dei delar ambisjonane sine, dei refererer ofte til ein plan dei har lagt saman. Den planen ser ut til å vera at fyrst han, seinare ho, skal verta president i USA.

Serien fengar framleis. Det er ein serie der så godt som all handlinga ligg i dialogane. Folk snakkar fort, folk er ikkje alltid like opne om kva dei meiner, så det er ein serie der ein verkeleg må fylgja med på kva som vert sagt. Ein liten tur på kjøkenet er nok til at ein går glipp av viktige ting.

Guffen tilrår.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 5 (2017)
Sesong 6 (2018)