30. juli 2023

Oppenheimer (2023)

I filmen Apollo 13, etter at NASA har greidd å få eit skada romfartøy med tre astronautar trygt tilbake til jorda, bryt alle i lokalet ut i ekstatisk jubel. Det er ei liknande scene i denne filmen, men bakteppet er heilt annleis: Dei har greidd å skapa ei atombombe. Det handlar altså ikkje om redda liv, det handlar om det stikk motsette. Nokre veker seinare vart over 100 000 menneske drepne i Hiroshima og Nagasaki.

Filmen handlar om Robert Oppenheimer, som leia heile prosjektet. Tre historier vert fortalde parallelt. I tillegg til arbeidet med og kampen for å få til bomba får me to historier frå etter krigen. Den eine er rein mccarthyisme - Oppenheimer hadde hatt nær kontakt med mange kommunistar og med kommunistpartiet før krigen, og etter ei høyring mista han sikkerheitsklareringa si. Den andre handlar om ei høyring der Strauss, ein Oppenheimer kom på kant med, prøver å verta klarert som statsråd. 

Det er altså ein film med mykje snakking, og ein film der me veit mykje av det som kjem til å skje. Det fungerer likevel finfint, her er meir enn nok av dramatikk i alt dei gjer. Skodespelet er glitrande, og det kjem godt fram korleis forskarane vert dregne mellom dei faglege utfordringane med å skapa bomba og konsekvensane av at dei får det til. Bileta er smakfulle og lydbiletet er fabelaktig.

Guffen tilrår. 

28. juli 2023

Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)

Breaking Bad igjen. Eg har sett serien nokre gonger, og er like fascinert kvar gong. Eg trur eg har fått med meg mykje - karakterutvikling, interne referansar, små og store detaljar, osb. Så las eg denne boka, og skjønte at eg berre hadde fått med meg ein liten brøkdel.

Sepinwall er (visst) ein respektert fjernsynskritikar i USA. I føreordet fortel han at han, då Breaking Bad vart vist fyrste gong, skreiv meldingar av kvar episode. Det er litt same metoden han har brukt her - meldingane/kapitla er annleis, men han skriv berre om det som har skjedd til då. Sjølv om boka kom ut nokre år etter at siste episode vart sendt, kjem det ingen frampeik i tekstane hans.

I nokre episode-omtalar kjem det noko som kan minna om referat, men denne boka er ikkje for dei som vil vita alt som skjer. Sepinwall konsentrerer seg om det som er viktig, og skriv nokre sider om det. Og det er her styrken til boka ligg: Han fortel kva som er viktig, og viser kvifor det er det. I tillegg er her ei rekkje fotnotar, og desse inneheld som regel trivia. Som at det vidgjetne pizza på taket-kastet var gjort utan hjelpemiddel. Eller at det fyrste huset til Jesse Pinkman måtte seljast fordi serien ikkje fekk leiga det lengre. Osb. 

Det er ei finfin bok, som gjer at eg nok må sjå serien igjen (igjen).

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

22. juli 2023

Bergljot Hobæk Haff: Skammen (1996)

Forteljaren i denne boka, Idun Hov, er ikkje heilt til å stola på. Ho har ei utruleg og rik historie å fortelja, men fleire gonger kjem det fram at ho ikkje er truverdig. Det kan skuldast ein rik fantasi; det kan skuldast at ho er litt ustabil. Opningssetninga seier mykje: "Så er jeg tvangsinnlagt igjen".

Historia vert delvis fortalt i dagboksform. Idun har funne dagbøkene bestefaren skreiv i 1917, 1934 og 1944, og skreiv òg dagbok sjølv i 1954. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldige år som er valt; det som skjedde desse åra er viktig for det Haff vil fortelja. Det heile er ei familiekrønike, der mykje krinsar rundt det som skjedde under krigen. Bestefaren var skipsreiar, dominerande, og ein nøkkelperson i eit lokalt trussamfunn. Far hennar var prest, som utan heilt å villa det sjølv datt ned på feil side under krigen og fekk ein landssvikardom etterpå. 

Idun slit med dette og meir til. Ho fartar rundt i Europa, der ho heile tida møter farlege situasjonar. Ho kjem seg heim att, får gitt ut nokre bøker, men den langvarige konflikten med tvillingsystera gjer at ho vert tvangsinnlagt. Igjen.

Det er ei fin bok. Haff er ein svært solid forfattar, som gjev oss litt og litt informasjon, og som ofte kjem med tilbakeblikk eller nye opplysningar som overraskar oss. 

Guffen tilrår. 

Meir Haff på kulturguffebloggen

19. juli 2023

The Fire Within (2022)

Ein merkeleg film, og ein uvanleg flott film. Det handlar om ekteparet Katia og Maurice Krafft. Dei reiser verda rundt for å filma vulkanar (og, i litt mindre grad, andre naturfenomen). Alt me ser er deira eigne opptak, og det heile vert kommentert i eit veldig roleg tempo av regissøren av filmen, Werner Herzog. 

Det heile opnar med slutten: Saman med andre filmfolk gjer dei seg klare for å filma eit vulkanutbrot i Japan i 1991. Herzog fortel at dette vart det siste dei gjorde, før me går tilbake i tid, og følgjer livet deira kronologisk. Og Herzog seier det som det er: Dei fyrste opptaka er dårlege, det er tydeleg at dei gjer seg kjende med kamera og filmteknikk.

Men i den siste halvdelen av filmen har dei fått det til. Herxog snakka sjeldnare og sjeldnare, og me ser berre dei usannsynleg vakre bileta av vulkanar og lava. Flotte fargar og flotte formasjonar, alt er like fengande filma. For ein flott film.

Guffen tilrår.

10. juli 2023

Gunnhild Øyehaug: Hjartet i skalkeskjulet (2022)

Denne boka inneheld ni essay og eitt etterord. Det er finfine greier heile vegen.

Grovt sett skriv Øyehaug om bøker, om kunst og om kunstnarar. Ho taklar essay-forma svært godt, og gjer ei rekkje språklege krumspring. Det er klokt, det er morosamt, det er lærerikt, og boka er ei av dei som sluttar altfor fort. For min del kunne det godt vore plass til fleire essay.

Essaya er personlege, slik dei skal vera. Det beste (og lengste?) essayet i boka handlar om forholdet hennar til Nikolai Astrup. Bestefaren hennar hadde eit Astrup-trykk på veggen, og sjølv om ho ikkje var altfor imponert over det måleriet då ho var lita (det "minte mest av alt om søndag"), får ho sansen for Astrup då ho som student vitjar Rasmus Meyers samlinger i Bergen. Boka inneheld òg eit essay om Edvard Munch, og fyrst og fremst måleriet "Kvinnen i tre stadier". Ho viser korleis biletet har inspirert både Undis Brekke og filmen Kvinner i for store herreskjorter. Her er òg ein ørliten detalj å trekkja for - det hadde vore fint om boka hadde bilete av måleria ho skriv om.

Guffen tilrår.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Kvinner i for store herreskjorter (film, 2015)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023)

9. juli 2023

Carl Frode Tiller: Flukt (2021)

Sakarias og Elisabet har flytta frå kvarandre etter at son deira døydde, 12 år gamal. På jolaftan har dei avtala å gå saman til grava til sonen, og då dei er ferdige der vert dei (etter kvart) samde om å feira jol saman. Om natta skjer det noko merkeleg - begge opplever at sonen kjem innom for å vitja dei, der dei ligg i høvisk avstand i dobbelsenga. 

Tiller har sagt at den episoden er inspirert av noko han sjølv opplevde mange år tidlegare. Det stemmer sikkert, men den hendinga er likevel mindre vellukka. Noko anna som ikkje fungerer godt, i alle fall ikkje i den fyrste delen av boka, er overgangane frå ein forteljar til ein annan. Boka vert fortald av foreldra og sonen Johannes, og det vekslar gjerne midt i ei setning. I den fyrste delen av boka var desse overgangane litt tilgjorte og kunstige, seinare flyt det betre. 

Bortsett frå dei innvendingane er det ei fin bok. Tiller hoppar i tid og rom, og viser oss meir og meir av det som skjer/har skjedd. Det er mykje krangling, og mykje går ut over Johannes. Foreldra vil gjerne at han skal vera meir aktivt og verta kjend med fleire; sjølv har han mest lyst til å kle seg ut som den jenta han inst inne (truleg) er. 

Guffen tilrår. 

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Det framande landet (2022)

8. juli 2023

Jeffrey Toobin: Homegrown (2023)

Dei fleste av oss (som er gamle nok) hugsar eksplosjonen i Oklahoma City i 1995. Nokre hugsar òg namnet på han som gjorde det, Timothy McVeigh, men for meg var det omtrent der det stoppa opp. Denne boka fortel historia om McVeigh, men forfattaren går lengre enn det: Gong etter gong viser han korleis dei som storma den amerikanske kongressen i januar 2021 var/er påverka av det same tankegodset som McVeigh. Det er noko av det mest skremmande med denne boka, korleis det som midt i 1990-åra var ekstreme tankar, i dag vert uttrykte av mange politikarar og mediafolk.

Mcveigh vaks opp i New York. Han fekk ikkje heilt til det med skular, men arbeidde litt før han verva seg i militæret. Alt før militæret var han prega av høgreekstreme tankar; i militæret trefte han fleire likesinna. Han var med i Irak-krigen, og vel heime att vart han meir og meir kritisk til dei nasjonale styresmaktene. At Clinton vart president var for han ein skandale, dels av di han ville stramma inn på våpenlovene. Den statlege aksjonen mot sekta i Waco var òg gale for McVeigh - han reiste faktisk til Waco for å sjå kva som skjedde. (I det heile er det nesten ufatteleg kor store distansar McVeigh la bak seg i bilen.)

Saman med Terry Nichols, ein han kjende frå militæret, kjøpte han det som trongst for å laga ei bombe. McVeigh var åleine om å plassera ho; Nichols vart seinare dømt for å vera medskuldig. 168 menneske miste livet. McVeigh vart arrestert same dagen, lenge før nokon fann ut at det var han som hadde gjort det. Han vart arrestert for noko så uskuldig som å køyra bil utan nummerskilt. Han vart dømd til døden, og vart avretta i 2001.

Toobin fortel det heile på ein glimrande måte. Han held tunga rett i munnen, og me får med oss alt som skjer, inkludert all handel og vandel frå advokatane si side. Toobin er heile tida kritisk til den ekstreme høgresida, han dreg liner fram til i dag, og skriv mellom anna at Trump er ein fare for landet. For oss som bur i Noreg er det andre ting som merkar seg ut: Også me har jo vore offer for terroristar som lagar bomber, plasserer dei i ein varebil, og parkerer varebilen utanfor eit statleg bygg, Tankane til McVeigh er ikkje berre amerikanske.

Guffen tilrår. 

7. juli 2023

David Hepworth: Uncommon People (2017)

Det handlar om rockestjerner, om dei rockestjernene som var så store og vidgjetne at dei verka som noko anna enn menneske. Hepworth, ein svært røynd britisk musikkjournalist, tek oss med gjennom rockehistoria og skriv om éin artist eller gruppe frå kvart år, frå 1955 til 1994. Eller 1995, viss me reknar med det siste kapitlet: Der skriv han om folk frå nett-bransjen. Viss videoen drepte radiostjernene var det internett som drepte rockestjernene.

Hepworth skriv ikkje reine biografiar. Det er det ikkje plass til; kvart kapittel er på rundt ti sider. Av og til er det med mange biografiske opplysningar, men han skriv mest om grunnen til at akkurat den stjerna vert skriven om akkurat det året. Han gjer ofte overraskande val - han skriv til dømes eitt kapittel om Ian Stewart, mannen som var den viktigaste i Rolling Stones dei fyrste åra, men som aldri vart offisielt medlem. Ein viktig grunn skal ha vore at han ikkje var spesielt fotogen. Hepworth skriv at ein vanleg reaksjon til dette argumentet er at "how could he possible say that this man was too ugly to be in a group that seemed to be chock-full of uglies". 

Det er mykje å smila og le av her, men det er òg mykje alvor. Hepworth viser korleis drikk og dop påverka rockestjernene, han viser korleis altfor mykje pengar endra dei, han viser korleis fjernsyn og video påverka dei, og han viser korleis det på eit eller anna tidspunkt vart slik at me visste altfor mykje om rockestjernene. I gamle dagar var dei mystiske og lite tilgjengelege; tidleg i 1990-åra endra det seg.

Kapitlet som handla om akkurat det handla om Madonna, noko som var eit rart val. Ho er sjølvsagt ei stjerne, men er ho ei rockestjerne? Ikkje slik eg ser det. Der er kanskje andre val som er rare òg, her er kapittel om Quarrymen, Lennon, Starr og McCartney, men ikkje om Harrison. Det er vel òg rart at Spinal Tap får eit eige kapittel.

Guffen tilrår.

6. juli 2023

Rain Man (1988)

Charlie Babbitt, ein luring frå California, får beskjed om at faren er død. Han reiser til gravferda i Ohio, der advokaten til faren bed om eit møte. Advokaten les opp testamentet, og det viser seg at Charlie berre har fått den gamle bilen til faren. Alle millionane til faren skal gå til eit lokalt sjukehus, og då Charlie kjem dit oppdagar han at han har hatt ein bror heile livet.

Broren, Raymond, er autist, og taklar ikkje brot på dei daglege rutinane sine. Han må eta til faste tider, han må sjå dei faste fjernsynsprogramma, han må leggja seg til same tid, osb. Han fungerer ikkje sosialt, men er sylskarp, og har eit ekstremt minne. Charlie tek han med til California, for å finna ein måte han kan ta pengane på. På vegen er dei innom Las Vegas, der autismen til Raymond gjer at dei vinn store pengar. 

Det er ein einaste grunn til at denne filmen fungerer, og det er Dustin Hoffman. Han spelar glimrande, frå start til mål. Det kan det òg henda at Tom Cruise gjer, men han (eller rollefiguren hans) er irriterande å sjå på. Figuren til Hoffman er sympatisk.

Guffen tilrår. 

5. juli 2023

Alice Munro: The Love of a Good Woman (1998)

Boka inneheld åtte noveller (eller forteljingar). Som vanleg er nivået skyhøgt, og nokre av novellene er reine meisterverk. Dei handlar alle om daglege hendingar, og sjølv om mange opnar roleg og vanleg, utviklar det heile seg. Det er uråd å vita kvar novellene endar opp.

Munro vekslar som regel mellom notid og fortid. Ho har det ikkje travelt; dei fleste novellene er rundt 30 sider, tittelnovella er på nesten 80. Av og til er det tilbakeblikka som dominerer, tilbakeblikk der me vert betre kjende med hovudpersonen (som alltid er ei kvinne) eller nokre av bipersonane. 

Novella som gjorde størst inntrykk på meg var "Before the Change". Kva endring det er snakk om vert ikkje tydeleg før langt ute i novella. Ei kvinne vitjar faren, som arbeider som dokter. Ho ser seg sjølv som moderne; ho ser på han som litt tradisjonell. Ho undrar seg over kvifor han tek mot så mange pasientar på kveldstid, men spør aldri og får difor heller ikkje svar. Ikkje før ho må vikariera som medhjelpar, og oppdagar at faren driv ein hemmeleg abortklinikk i kjellaren. The Change viser altså til legaliseringa av abort i Canada. Heile novella er utforma som brev frå forteljaren til ein kjærast som nett har gjort det slutt med ho, men som ein gong pressa ho til å ta abort. 

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

4. juli 2023

The Banshees of Insherin (2022)

For ein fin film. Det aller meste stemmer - historia er god, dialogen er midt i blinken, skodespelarane er perfekte, her er ting å le av og ting å grina av, osb. Eg er ikkje spesielt oppdatert på nye filmar, men skal eg døma ut frå det som vert vist på den lokale kinoen er dette gull blant gråstein. 

Me er på ei øy utanfor den irske vestkysten, i 1923. På fastlandet er det borgarkrig; på øya Insherin er det heller ikkje fred. Den godt vaksne musikaren Colm vil ikkje lenger vera ven med den noko yngre og litt enklare Pádraic. Den yngste skjønar ikkje kva og kvifor, og vert ikkje klokare av svara han får. Pádriac prøver å verta ven med Colm igjen, og Colm vert så irritert at han seier at no må det vera slutt: Kvar gong Pádriac snakkar til han i framtida, kjem han til å skjera av seg ein finger. Det er tullete nok i seg sjølv, men for ein felespelar er det jo ikkje så lurt å missa fingrar på venstrehanda. 

Karakterane rundt desse to glitrar òg. Pádriac bur saman med systera, som er eit fast punkt i livet hans. Bartenderen snakkar med både Pàdriac og Colm, kvar for seg. Den endå enklare Dominic snakkar med dei fleste, og det gjer òg faren hans, som er politimann. Den litt hekse-aktige Mrs. McCormick viser seg i mange av dei sentrale scenene. 

Guffen tilrår. 

3. juli 2023

Jon Fosse: Flaskesamlaren (1991)

Det er ikkje eit heilt ukjent Fosse-landskap, dette. Han har fleire gonger skrive om unge eller halvgamle musikarar som ikkje får det heilt til, som gjerne er glade i å drikka, og som ofte tenkjer på damer. I dei tidlege bøkene var han rett nok noko meir frimodig i språket kring damene, men likevel.

Men her er òg noko nytt her, og det er vel det som gjer at boka fungerer. Boka har ei rekkje forteljarar, som fortel sine eigne kapittel. Nokre får fleire kapittel, nokre kapittel har (truleg) fleire forteljarar. Same hendinga vert fortalt frå fleire kantar av bordet, og nokre av forteljarane fortel om andre forteljarar, gjerne slike som berre fortel eitt kapittel. Og då anar me at Fosse prøver å seia noko om kven me er, korleis me skapar eigne identitetar og eigne rom, og korleis me er ulike alt etter kven me snakkar med.

Dei to me møter oftast er musikaren Fredrik og journalisten Bjørn. Begge møter ei kvinne med krøllete gult hår; kanskje er det same kvinna, kanskje er det to ulike. Ingen av dei har eigentleg lyst til å møta ho, dei er begge gifte og har to ungar, og begge ser ut til å ha dårlege røynsler med ho med det gule håret. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Enkelt og djupt (2022)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

2. juli 2023

Lars Amund Vaage: Det uferdige huset (2020)

Gabriel Hallvardsson vert fødd i april 1889. Mora døyr i barselseng, og faren døyr nokre år seinare. Gabriel veks opp på gard, men han ser ikkje føre seg eit liv som bonde. Han vil skriva, han vil dikta. Han går to år på Avaldsnes folkehøgskule, han får tidleg gjeve ut diktsamlingar, og han skjønar at det er diktar han skal vera. 

Forteljinga om Gabriel er sterkt inspirert av livet til Ragnvald Vaage, bestefar til Lars Amund Vaage. Ragnvald Vaage gjekk rett nok på Voss folkehøgskule, men bortsett frå det stemmer svært mykje. Både Gabriel og Ragnvald reiste til Askov højskole i Danmark; den mest grundtvigske av alle folkehøgskular.

Det er ei fin forteljing, der Vaage briljerer i språkføringa. I historia er det fletta inn glimt frå den tidlege norskdomstida, der nokre forfattarar vert sette veldig høgt. Boka er ikkje like bra heile vegen, nokre av kapitla vert litt lange, men her er fleire høgdepunkt. Opningskapitlet, der faren (og onkelen) til Gabriel ror over fjorden etter dokter til mor til Gabriel, er glimrande, og det same gjeld skildringa av tida på Avaldsnes.

Guffen tilrår. 

1. juli 2023

Cormac McCarthy: Stella Maris (2022)

Det er ikkje ofte eg skriv om to bøker av same forfattarar rett etter kvarandre, men her gjev det meining: Dei to romanane heng tett saman. Dei kom ut med ein månads mellomrom i fjor haust, og handlar om dei same personane.

I denne boka handlar alt om Alicia og dokteren hennar. Ho har lagt seg inn på hospitalet Stella Maris, der ho òg har vore før, og dokteren vil gjerne verta betre kjend med ho. Det vert han, men han lærer fort at han ikkje kan ta alt ho seier for god fisk. Ho er lynskarp, ho er bitter, ho har god fantasi, og mange av vitsane hennar fell på steingrunn. 

Ho snakkar mykje om sjukdomen sin, om dei skapningane som kjem fram når ho hallusinerer, om matematikarar og alle bøkene ho har lese. Og ho snakkar mykje om bror sin, Bobby. I denne boka vert det stadfesta at ho var forelska i han og at han avviste henne då ho fortalde det til han. 

Det er ei finfin bok, dette òg. McCarthy skriv godt, som me veit. I denne boka er det rett nok berre dialog, men han har eit uvanleg godt øyre for korleis me snakkar. Nokre gonger kuttar me ut ord, nokre gonger skjønar me lite, osb. Eit flott punktum for ein flott forfattarskap.

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)