11. juni 2016

Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)

Denne boka har eg visst om lenge, men aldri kjøpt. Eg trudde det var ei rein oversikt over trykte Marx-kjelder, og sjølv for ein marxist som meg var det litt i overkant av kva eg ville utsetja meg for. Så las eg eit eller anna om at boka var obligatorisk lesnad, så eg slo til likevel. Det angrar eg ikkje på.

Boka er firedelt. Ho opnar med ein lang og god biografisk artikkel, der Gehring skriv om livet til dei fem Marx-brørne, både før, under og etter at dei laga filmar saman. Størst vekt legg han sjølvsagt på dei tre sentrale brørne, altså Chico, Harpo og Groucho, men han gløymer ikkje dei andre to, altså Gummo og Zeppo. Gehring skriv uvanleg innsiktsfullt, han veit kva han skal ta med, han veit kva han skal hoppa over, og resultatet vert ein artikkel det var ein fryd å lesa. På vegen tek han òg livet av nokre myter, han argumenterer til dømes overtydande for at den vidgjetne brevvekslinga mellom Groucho og Warner Brothers, i samband med lanseringa av filmen A Night in Casablanca (1946) var eit planlagt marknadsføringstriks.

Den neste artikkelen er òg god. Gehring går meir akademisk og analytisk til verks, og plasserer Marx-brørne i den amerikanske komediefilmhistoria. Artikkelen er langt kortare, men også denne var stas. Så fell nivået litt - fyrst kjem det ein bolk med to artiklar av Groucho og eit intervju med Gummo. Til slutt kjem det eg altså trudde boka handla om - ein oversikt over dei viktigaste Marx-kjeldene. Han opnar med å skriva om bøkene om eller av Marx-brør, og sidan eg har lese dei fleste av desse var dette interessant. Favorittane våre var nokolunde overlappane, og det er jo eit godt teikn. Men den siste delen av boka, der det handlar om sentrale artiklar og filmmeldingar, vart for seig for meg. For studentar og forfattarar er det eit nyttig kjeldeskrift, men sjølv om Gehring heile tida kommenterer kjeldene han skriv om, vert det litt for mykje.

Guffen tilrår.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993)

Bøker
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks (1961)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012)
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014)
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar