19. mars 2011

Motorpsycho (Byscenen, Trondheim, 18.3.11)

Etter mange år på Sunnmøre har eg omsider igjen busett meg i nærleiken av stader Motorpsycho gidd å spela. Denne våren ville tilfellet at eg var vekke frå Hordaland den veka dei spelte tre konsertar der, og det var jo nedtur. Tilfellet ville òg at eg fekk høve til å sjå dei i Trondheim den veka dei spelte to konsertar der, og det var jo opptur.

Motorpsycho gjer jamt som dei sjølve vil. Ingen konsertar er like, ein ting er at dei vekslar mellom kva songar dei spelar, ein annan ting er at dei improviserer mykje på scena. Dei omtalar musikken sin som dynamisk, og er klar over at det rett som det er kan gå på trynet. Slik var det diverre nokre gonger i kveld, eit par av improvisasjonspartia vart for diffuse og nærmast kjedelege. Minst eitt av dei var òg malplassert, mot slutten av ein aldeles fabelaktig "Manmower" kom der eit langt instrumentalparti som ikkje fungerte i det heile. Rett etterpå omtalte bassist/vokalist Bent Sæther det som ein bærtur.

Dei har gitt ut bortimot tjue CD-ar, og har såleis ei rekkje songar å velja mellom. I kveld låg tyngdepunktet på dei tre-fire siste platene, og her er det mykje godt å ta av. Høgdepunkta for meg var likevel nokre eldre songar. Midt i konserten kom der eit Kings of Convenience-parti, der både Sæther og gitarist Snah fann fram akustiske gitarar, og spelte "Feel", "Come On In" og "Upstairs - Downstairs". Finfine versjonar heile vegen.

Det absolutte høgdepunktet var likevel ein annan song. Ein av grunnane til at eg røysta på Demon Box før Øyafestivalen i fjor var at eg ville høyra "Mountain" igjen. Det er ein monumental song, og var den fyrste Motorpsycho-songen som verkeleg imponerte meg på konsert. I 1993/94 var songen eit relativt fast innslag på konsertane deira, men etter 1995 spelte dei han sjeldan, før dei henta han fram att i fjor. Fy fasan kor stas det var å høyra opninga på den songen igjen, og vita at no kjem det nokre massive minutt.

Alt i alt var det ein ujamn konsert, der dei altså ikkje trefte heilt med jamminga. Eg er likevel godt nøgd, her var nok av godbitar, og når Motorpsycho er bra, er det ikkje mykje som kan måla seg med det.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.15
Røkeriet, Bergen, 9.4.16
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.16
Landmark, Bergen 26. og 27.9.17

3 kommentarer:

  1. Eg ser at du vekslar mellom Sverige og Sverieg i etikettane dine. Noko mønster her?

    SvarSlett
  2. Og med tanke på kor mange som aldri har lese denne bloggen, det må vere millionar, kunne det ha vore ein ide å lenkje den betre til Guffeguff-bloggen?

    SvarSlett
  3. Og kvifor spelte dei ikkje nopkre songar frå gamlabandet til trommisen? Det var Bros sant?

    SvarSlett