5. august 2023

Olaug Nilssen: Ikkje tenk på det (2019)

I dette skodespelet møter me mellom anna forfattaren Oddlaug Nilstun, som slit med skrivesperre og som difor har teke seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag. Namnet er ikkje heilt ulikt namnet til forfattaren av denne boka, men innhaldet tyder ikkje på at Nilssen slit med skrivesperre. 

Handlinga er henta frå forlags- og forfattarmiljø. Forlaget til Nilstun er rimeleg opptekne av at forfattaren Michel Sørbrøt kjem ut med si fyrste bok på ti år. Me vert med på boklansering og bokbad. Ingen av delane går spesielt godt, og meldingane av boka er heller ikkje spesielt lystige. For forlaget vert dette ei utfordring dei kastar seg over - korleis skal dei få selt ei bok som er slakta.

Stykket har heilt sikkert mange referansar forlagstilsette plukkar opp fortare enn oss andre. Det gjer ingenting. Det er rimeleg artig lesing likevel, der ingen er interesserte i at Nilstun snakkar om manuset til den komande boka si, der det går synlege og usynlege trådar mellom aktørane i boka, og der alle er på sosiale medium heile tida.

Guffen tilrår. 

Meir Nilssen på kulturguffebloggen
Hybrideleg sjølvgransking (2005)
Få meg på, for faen (film, 2011)
Stort og stygt (2013)
Tung tids tale (2017)
Yt etter evne, få etter behov (2020)
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly (2020)
Uønska åtferd (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar