14. mai 2015

Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)

Jon Fosse er ikkje den som slepper journalistar eller andre tettast innpå seg. For nokre år sidan kom det ei fin bok av Cecilie Seiness, der Fosse opna seg meir enn eg hadde venta. Men også der sette han grenser - han ville ikkje snakka om den religiøse sida si.

Det gjer han i denne boka. Eskil Skjeldal skulle eigentleg intervjua han for det katolske årsskriftet Segl, men emnet vart så omfattande at Fosse i den andre samtalen deira sa at dette måtte dei laga ei heil bok om, skulle han få forklart seg grundig nok. Her får han forklart seg grundig nok, og det er tidvis ei ekstremt interessant bok.

Utgangspunktet er at Fosse, etter å for lenge sidan ha meldt seg ut av statskyrka, for nokre år sidan konverterte til katolisismen. Skjeldal, som eg får før kjenner som ein god skribent i Dag og Tid, har gått omtrent same vegen - han utdanna seg til prest, men har òg gått statskyrkje til katolisisme. Skjeldal stiller gode spørsmål, og får Fosse til å snakka om ting eg aldri hadde venta at han skulle snakka om. Eller - som det kjem fram alt på fyrste sida av boka - han skriv om dette. Samtalen deira er omarbeidde i etterkant, slik at boka altså er skrivne tekstar.

Fosse snakkar altså mykje om religion. Det er dei delane av boka som engasjerer meg minst, sjølv om det også her gjev meining å lesa det han skriv. Han er mindre katolsk enn paven, og er djupt usamd i mykje av det katolikkar flest står for, og er òg djupt usamd i korleis andre religiøse les og tolkar Bibelen. Men Skjeldal får òg Fosse til å snakka om skriving, om nynorsk, om kommareglar, om litteratur, om andre forfattarar, om filosofi, og det er her boka er på sitt aller, aller beste. Han snakkar òg mykje om seg sjølv, om korleis det er å arbeida som forfattar, om si eiga helse, og også dette er interessant. Dette er ei bok eg veit eg vil henta fram att - det var ein fryd å lesa ho.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teatret, Bergen, 2.6.2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar