26. august 2018

Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)

Kort repetisjon: Ein svensk-amerikansk nybyggjar fann ein runestein i Minnesota i 1898. Alle ekspertar som såg innskrifta, som skulle vera frå 1362, sa at dette var humbug. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen, vart overtydd om innskrifta var ekte, og gav ut ei bok om steinen i 1932. Seinare kom det fleire bøker. I 1958 gav Erik Wahlgren ut ei bok som i stor grad var eit svar til Holand, og Wahlgren viste på ein overtydande (og kanskje litt for krass) måte at innskrifta ikkje kunne vera ekte.

Fire år seinare, i 1962, gav Holand ut denne boka. Det vart den siste boka hans, han døydde året etter. Han forsvarar seg mot åtaka frå Wahlgren, han finn feil i det Wahlgren skriv, og tek opp att det som var hovudpoenget hans gjennom det meste av livet: Innskrifta er ekte. Ho fortel om ein norsk/svensk ekspedisjon som leitte etter Vinland frå 1355 til 1364, og som altså i 1362 var i det som seinare vart Minnesota.

Han overtyder ikkje denne gongen heller. I 1355 bad den dåverande kongen om at Paul Knutson skulle reisa til Grønland for å finna ut kva som hadde hendt med dei som budde der. I eit brev skrive mange år seinare, i 1577, vert det referert til Jacob Cnoyen, som skal ha sagt at det i 1364 kom åtte menn frå Grønland til Bergen. Holand legg saman desse to hendingane, og meiner at dei åtte må ha vore med på Knutson-ekspedisjonen. To problem melder seg: Ingen historikarar trur at Knutson nokon gong reiste - midt i 1350-åra var kongestyret svært ustabilt, og det var òg kort tid etter at svartedauden hadde herja. Og i brevet frå 1577 står det klart at dei åtte ikkje hadde vore på nokon ekspedisjon, men at dei åtte var etterkomarar av dei som budde på Grønland.

Holand finn som regel det han leiter etter, og bruker det som passar inn med hypotesen hans. Han har funne langt fleire steinar med hol i, "mooring stones", og meiner med det å ha funne alle stadene gruppa med svenskar og nordmenn tok kveld. Han viser til ei rekkje funn av gjenstandar han skriv må vera nordiske, og meiner at dette må stamma frå ekspedisjonen. Og han meiner at mandan-indianarane, som var lysare i huda enn andre indianarar, må ha den hudfarga av di dei på eit tidspunkt må ha slege seg saman med ekspedisjonsmedlemmane. Ingen av desse tre hypotesane vert støtta av forskarar i dag. Holand omtalar dei likevel som prov. Han er altså like sikker som før, og er diverre like nøyaktig i metodane sine.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar