Viser innlegg med etiketten Polen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Polen. Vis alle innlegg

8. oktober 2024

Jack Fairweather: The Volunteer (2019)

Historia er nesten for god til å vera sann: Witold Pilecki var soldat i den polske hæren og kjempa mot Tyskland i september 1939. Etter at Polen kapitulerte vart dei polske soldatane beordra til å flykta til Frankrike, men Pilecki var ein av dei som nekta. Han vart att i Polen, der han var med på å dra i gang ein motstandskamp. Han kom på kant med den andre leiaren, Wlodarkiewicz. Dei høyrde rykte om at fangane i Auschwitz vart handsama dårleg, og vart samde om at dei burde senda ein av sine inn der. Wlodarkiewicz meinte at Pilecki var den beste, og etter nokre dagar var han ovetydd: Han melde seg frivillig til å verta sett inn i Auschwitz (rett nok under falskt namn).

Han skjøna sjølvsagt fort kva han hadde gjeve seg ut på, men vart verande, ut frå ein merkeleg tanke om at det var det beste for landet. Han greidde å senda (munnlege) rapportar ut med dei som fekk fri, og han oppmoda heile tida om at dei allierte måtte bomba Auschwitz. Fleire og fleire vart drepne, det kom etter kvart toglaster med jødar, osb, og Pilecki sende ut fleire rapportar. Ingenting skjedde, og etter kvart greidde han å rømma. Resten av krigen var han med i motstandskampen. Sovjetunionen okkuperte Polen, men heller ikkje då ville han flykta. Han vart teken til fange av okkupantane, som drap han.

Det er ei utruleg historie, som vert fortalt på ein ryddig og god måte. Etter krigen skreiv han ned livssoga si, og det manuskriptet er sjølvsagt hovudkjelda i boka. Men Fairweather bruker ei rekkje andre kjelder, og tek oss med inn i Auschwitz, der det sjølvsagt aldri var spesielt trygt.

Guffen tilrår. 

17. august 2023

Bruno Schulz: Kanelbutikkane og andre forteljingar (1933)

 Denne serien, Skalds klassikarar, er eit glitrande godt tiltak. Bøkene i serien kjem frå mange land, men får her ei ny form, både fysisk og språkleg. Det har kome ut litt over tjue bøker så langt, og eg har lese dei fleste med stor glede. Diverre er ikkje dette ei av dei beste bøkene i serien.

Schulz var frå Polen. Han gav ut ikkje ut mange bøker - nokre manuskript gjekk truleg tapt under andre verdskrigen. Han vart skoten av tyskarane i 1942. Denne boka vert kalla ei novellesamling, men forma minner like mykje om ein roman. Dei femten novellene handlar om dei same personane, og ser ut til å vera rimeleg kronologiske. Det handlar om det jødiske miljøet i ein ukrainsk by. Mange av novellene er fortalde av ein gut, og det er gjennomgåande at faren hans er dårleg. 

Språket er det beste ved boka. Her er mange flotte setningar og fine stemningar (og det er alltid gledeleg når ordet "fnokkballar" vert brukt). Mange gonger er det ei fantastisk eller uverkeleg stemning over det som skildra, det er som om me er i ein draum. Men likevel - desse gode periodane varar ikkje så lenge. Nokre av kapitla var litt for livlause og for lite engasjerande.

Guffen er lunken. 

3. november 2011

Joseph Conrad: Heart of Darkness (1902)

Ein båt glir ut frå London. Ein av mennene ombord, den røynde sjømannen Charlie Marlow, fortel om ein båttur han hadde oppover ei elv i Afrika. Det vert aldri sagt kva elv det er, men referansane til ein belgisk koloni tyder på at det er Kongo-elva.

I Kongo fekk Marlow i oppdrag å sigla opp elva, for å henta Kurtz. Han handlar med elfenbein, og har vore så lenge i jungelen at han må hentast ut att. Det greier Marlow, i alle fall nesten: På veg attende til sivilisasjonen døyr Kurtz.

Heile vegen oppover elva er det Kurtz folk snakkar om, og tenkjer på. Ved huset til Kurtz møter Marlow fyrst ein russisk mann, og det er ikkje måte på kor mykje ros Kurtz får frå russaren. For meg vart Kurtz ein mindre spanande figur etter at han sjølv dukkar opp - før det skjer, er han ein nesten gudeliknande person, i alle fall for dei som bur rundt han i jungelen.

Det er ei heller tynn bok, på rundt hundre sider. Det tek likevel litt tid å lesa ho, det er eit tungt språk, kanskje av di engelsk ikkje var fyrstespråket til Conrad. Han bruker mange lange setningar og mange lange avsnitt. Det er òg ei intens bok, som vert meir og meir klaustrofobisk jo lenger inn i jungelen Marlow og mennene hans kjem.

Guffen tilrår.

11. februar 2011

Dekalog (1998)

Eg flytta til Bergen for å studera hausten 1990. Eg såg omtrent ikkje fjernsyn dei fyrste åra der, eg hadde ikkje fjernsyn sjølv, og sakna det ikkje. På ein eller annan måte fekk eg tips om å sjå denne serien, så litt utpå kvelden, ein gong kvar veke, gjekk eg til eit kollektiv på Møhlenpris, der eg såg serien saman med Knut. Han såg ikkje alle episodane, men eg trur eg såg alle. Merkeleg nok kan eg ikkje hugsa at nokon av dei tre andre som budde der nokon gong såg dette saman med oss - eg reknar med at eg tek feil.

Serien er fabelaktig. Det er ingen eigentleg fjernsynsserie, det er ti nesten frittståande filmar, laga av den polske regissøren Kieslowski. Filmane tek utgangspunkt i dei ti boda. Dei heng saman, alle hovudpersonane held til i ei blokk i Warszawa, det er altså noko bikubesongsk over det. Personar frå ein episode kan godt dukka opp i andre episodar. Der er i tillegg éin gjennomgangsfigur, som er med i dei aller fleste episodane, ein ung mann som berre viser seg ved det dramatiske høgdepunktet i episoden. Han seier aldri eit ord, han berre observerer, og sidan serien handlar om dei ti boda er det nærliggjande å forstå denne mannen som noko guddommeleg.

Bortsett frå det er ikkje religion spesielt synleg. Det er stor filmkunst, der kvar film er ei novelle som krinsar rundt sentrale og viktige spørsmål. Spørsmåla personane strir med er slettes ikkje enkle. Kva gjer du viss du er gravid med elskaren din, og den sterile mannen din kanskje ikkje overlever sjukehusopphaldet sitt - tek du abort? Viss du finn ein brev frå far din, som han ikkje vil skal opnast etter at han er død - opnar du det likevel? Når du har brukt heile livet ditt på å seia at vitskapen har alle svara, og du nyttar denne vitskapen til å rekna ut at det er trygt å leika på isen - kva gjer du når son din går gjennom isen og druknar?

Det er noko novellistisk over det heile. Det er få personar i kvar episode, og me vert godt kjende med desse - fiilmane er fulle av nærbilete. Musikken er fin og avdempa, og det heile går i eit roleg og godt tempo. Me får god tid til å sjølve tenkja gjennom spørsmåla karakterane strir med.

Alle dei ti episodane er ikkje like gode, men fem-seks av dei er glimrande, og to-tre av dei andre er òg svært bra. Eg har brukt nokre veker på å sjå dei ti episodane, og eg er kanskje farga av at eg hugsar dei siste filmane best, men eg likte avslutningsfilmen best av alle. To brør som ikkje har hatt kontakt på nokre år møtest etter at far deira er død. Dei går inn i husveret hans, der det er fire-fem låsar på døra, der alle vindauga er spikra att, og der det er låsar på eit stort skåp i stova. Der viser det seg at den største frimerkesamlinga i Polen ligg, og når dei les notata til faren, får dei lyst til å få tak i det merket han brukte lengst tid på å leita etter, eit rosa merke som ville gjera ein austerriksk serie frå 1851 komplett. Dei får tilbod om dette, men må byta det med ei nyre frå den eldste broren. Han seier ja, men medan han vert operert bryt nokon seg inn og stel heile samlinga. Alt dei sit med er eitt frimerke og ei manglande nyre. Likevel sluttar det heile med at dei to ler godt - i farten trur eg det er einaste gongen det skjer i heile serien.

Guffen tilrår.

29. november 2010

Fuglane (1968)

Det er vel ingen grunn til å leggja skjul på at Fuglane er ei av favorittbøkene mine. Eg las ho fyrste gong på gymnaset, og viss det er éi bok som viste meg at god litteratur kan vera noko meir, noko som kan gje meg som lesar andre og sterke opplevingar, er det denne. Eg har lese ho fleire gonger, og har alltid noko att for det.

Det kan ikkje vera lett å filmatisera Vesaas. Mykje av handlinga i bøkene hans skjer inne i hovuda til personane han skriv om, og det er vanskeleg å overføra det til film. Fleire har prøvd, men dei filmane eg har sett har vore langt unna niåvet i bøkene. Med unntak av denne.

Filmen er laga av den polske regissøren Zywot Mateusza. Han er ikkje heilt trufast mot boka, men det treng han heller ikkje vera. Han har sjølvsagt kutta ein del, og det er greitt. Det som er verre er slutten på filmen. I boka er slutten meir open, der er ikkje Mattis medviten om at han kjem til å drukna. I filmen, derimot, verkar det som om Mattis heilt medvite tek livet sitt, han trør hol i båten sin. Fleire av dei fabelaktige aforismane i boka manglar òg, her er til dømes ingen flate steinar til å sitja på.

Det er likevel ein svært flott film. Det heile går i svart/kvitt, og det er ein svært open film, viss det er det rette ordet. Det er god plass her, det er romslege bilete, landskapet er heilt ulikt det landskapet eg trudde Mattis budde i. På lydsida er her òg god plass. Det er lite musikk, som oftast er fuglesong det einaste som akkompagnerer handlinga. Hovudrolla vert spelt av Franciszek Pieczka, og gradvis vert han Mattis.

Filmatiseringa gjev ikkje like stor klump i halsen som boka gjer, men likevel. Det ror og ror.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Tarjei Vesaas: Is-slottet (1963)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)