30. juli 2016

Alfred Hauge. Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)

Dette er det avsluttande bandet i ein trilogi om Cleng Peerson. Han vert gjerne omtala som den norske utvandringa sin far - han var ikkje den fyrste, men det var han som trekte i trådane då den fyrste organiserte gruppa nordmenn utvandra i 1825. Det andre bandet slutta med at mange frå den gruppa slo seg ned i staten New York, og at Peerson søkte nytt land lengre vest i USA, i Illinois. Slik var Peerson. Alltid på farten, alltid rastlaus, alltid på leit etter ein stad han kunne slå seg ned. Boka er forma som eit langt brev, og når han skriv det, er han ein gamal mann i Texas.

Boka er berre delvis vellukka. Hauge nyttar seg av den fridomen han har som forfattar, og plasserer Peerson i fleire viktige hendingar. Såleis vert dette like mykje ei bok om framveksten av USA og framveksten av eit norsk Amerika, som om Peerson. Fleire av hendingane handlar om religion - det var viktig for emigrantane, men her vert det for mykje av det. Spesielt mormonane står det altfor, altfor mykje om, men det er òg i meste laget om drøftingane mellom lekpredikanten Elling Eielsen Sundve og den ordinærte presten J.W.C. Dietrichson.

Guffen er lunken.

Meir Alfred Hauge på kulturguffebloggen
Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Gå vest - (1963)
Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Ungdom (1977)

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar