21. oktober 2010

Carl Frode Tiller: Innsirkling 2 (2010)

Del to av noko som i utgangspunktet skulle vera ein trilogi, men som det no vert mumla om at kanskje vert ein ... eh, heiter det kvadrologi? Eg las Innsirkling i sommar, og likte den svært godt. Denne boka er like imponerande.

Dei to bøkene er bygd opp på same måte. Det heile tek til med ei avisannonse, der det vert fortalt at David, mannen på biletet, har mist minnet, og at han bed om at dei som veit noko om fortida hans, tek kontakt med han og fortel han det dei veit. I del 1 vart det hinta om at det heile er ein bløff frå David si side, og i denne boka vert hintinga sterkare. Inntil vidare let eg likevel det spørsmålet stå ope, noko av det som kjenneteiknar desse to bøkene er at forteljarane ikkje er heilt til å stola på.

I denne boka er det tre nye personar som skriv til David. Boka har ei grei tredeling, og i kvar av desse delane vekslar Tiller mellom brev til David, og innblikk i livet til avsendaren sommaren breva vert skrivne. Dei tre som skriv, Ole, Tom Roger og Paula, har ulike relasjonar til David. Ole var barndomsven, Tom Roger var skulekamerat, og Paula er ei eldre dame som kjende mor til David godt. Alle tre fortel litt om David, men dei fortel mykje meir om seg sjølv, ikkje berre i breva. Boka handlar òg like mykje om Otterøya utanfor Namsos, eit tilsynelatande idyllisk lokalsamfunn der det skjer veldig mykje mange veit om, men ingen snakkar om. Kriminialitet. Heleri. Narkotika. Alkohol. Incest. Voldtekt og drap.

Alle dei tre bihistoriane, altså det som vert fortalt mellom breva, endar med familiære konfrontasjonar. Det aular med dysfunksjonelle familiar på Otterøya, og familiar der krangling ser ut til å vera ein av favorittaktivitetane. Boka er strålande skrive, det er gode forteljingar og godt språk, og eg ser alt fram til neste del.

Til slutt: Då eg skreiv om Innsirkling i sommar hadde eg to ankepunkt, mellom anna at det var ei svært haltande rettskriving. Språket er heldigvis mykje betre no, så i framtida skal eg ikkje pirka på det. At Tiller framleis ligg tett opp til Fosse i skrivestil er ikkje uventa. Eg trur det er i Naustet at Fosse bruker setninga "ei uro er kommen over meg" mange gonger, og eg skvatt litt då eg i Innsirkling 2 kom til setninga "Eg kjenner ei lita uro komme idet eg går ut". Ole er på veg ned til ein fjordarm saman med to andre, og eg venta nesten at dei skulle slå seg ned ved eit naust. Det gjorde dei ikkje.

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar