9. januar 2021

Michael Smith: An Unsung Hero (2000)

Både utanpå og inne i denne boka er det teke med nokre sitat frå andre bokmeldingar. På framsida står det eit sitat frå avisa Sunday Tribune - "This is a remarkable book about a remarkable man". Det er lett å vera samd i den siste delen av setninga; litt verre å vera samd i den fyrste.

Den britiske Antarktis-ekspedisjonen alle kjenner til er den som vart leia av Scott, den som enda med at dei kom til Sydpolen fem veker etter Amundsen, og der dei fem som hadde vore på Sydpolen miste livet på veg nordover att. Den britiske Antarktis-ekspedisjonen alle òg burde kjenna til er den som vart leia av Shackleton, den som enda med at dei ikkje eingong kom seg i land i Antarktis, og der seks av dei som var med tok seg i ein liten båt frå Elefant-øya til Sør-Georgia. Tom Crean var med på begge desse ekspedisjonane, og han utmerka seg begge stadene.

Scott: Her berga han livet til to andre alt før sydpolturen tok til. Han var med i laget som gjekk sørover, men var ein av dei tre som snudde 270 kilometer frå polpunktet. Tilbaketuren var eit slit, ein av dei to andre var slått ut av skjørbuk, og Crean gjekk for å henta hjelp. Åleine, så godt som utan mat, gjekk han 56 kilometer på 18 timar, og fekk henta hjelp til dei to andre.

Shackleton: Skuta Endurance fraus fast, og gjekk etter kvart under. Dei 28 i ekspedisjonen gjekk nordover, og laga seg ein enkel leir på Elefant-øya. Her var det inga von om at nokon skulle finna dei, så Shackleton tok med seg Crean og fire til på ein 1500 kilometer lang båttur. Båten var liten, sjølvsagt utan motor, men dei greidde å ta treffa øya. Dei kom til sørsida, og sidan båten vart noko øydelagt då dei kom inn til øya, tok Shackleton med seg Crean og ein til på ein fottur tvers over øya. Ingen hadde gått der før, dei hadde ikkje kart, dei måtte kryssa fjellovergangar og brear, dei hadde knapt ete på fleire dagar, og dei hadde ikkje med seg soveposar eller vern mot ver og vind. Dei gjekk (omtrent) utan stopp i 36 timar, hadde flaks eit par stader, kom seg fram til Stromness, der dei fekk hjelp til å redda dei tre andre på øya. Seinare fekk dei òg redda alle som venta på Elefant-øya.

Spesielt den siste turen er fantastisk, men boka er altså ikkje like bra. Her er mykje godt, men forfattaren må støtta seg på det andre har skrive om Crean. Crean skreiv aldri dagbok sjølv. Då vert det mykje skryt, og det vert òg mange repetisjonar. Desse handlar ikkje berre om Crean - dei tre fyrste gongene Smith skriv om Roald Amundsen legg han til at Amundsen var "the finest polar explorer of all time" (side 12), "the finest of all polar explorers" (side 38), og "who would become the greatest of all polar explorers" (side 40). Sidan Crean berre har ei birolle i ekspedisjonane, og sidan Smith til dømes fortel om det som skjer med både Amundsen og Scott, er det nok betre å lesa om ekspedisjonane i heilt andre og betre bøker. Sjølv om Crean var ein eventyrar av dei sjeldne. 

Guffen er lunken.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
David Roberts: Alone on the Ice (2013)
Amundsen (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar