7. august 2023

Jonathan Eig: King (2023)

Martin Luther King jr. vart fødd i 1929 og vart drepen i 1968. Han vart altså berre 39 år, men han fekk gjort mykje på dei åra. Denne boka fortel livshistoria hans på ein eksemplarisk måte, mellom anna av di Eig har hatt tilgang til store mengder kjelder. Nokre av desse er han den fyrste biografen som får sjå. 

King utdanna seg til teolog. Han vaks opp i Georgia, ein av sørstatane, og vart dermed kjend med rasisme alt som liten. Det meste i samfunnet var segregert, og etter at King var ferdig utdanna var det kampen mot raseskiljet som tok det aller meste av tida hans. Han var sterkt involvert i buss-boikotten i Montgomery, Alabama, og var sentral i mange av dei seinare aksjonane. Han var pasifist, påverka av ikkjevald-haldninga til Gandhi, men vart sjølv offer for vald fleire gonger. Han vart òg fengsla ei rekkje gonger, men slapp ut att etter kort tid. 

Dei pasifistiske haldningane hans skapte konfliktar blant dei svarte. Nokre, som Malcolm X, var til dømes djupt usamd, og mange meinte at når dei vart angripne av kvite under aksjonar, måtte dei få forsvara seg. King stod på sitt, sjølv om han visste og merka at USA var eit valdeleg samfunn. Han merka òg at rasismen i USA ikkje var avgrensa til sørstatane, slik han opphavleg trudde. Då han sette i gang aksjonar i Chicago var motstande frå dei kvite like sterk som i sør.

Det er ei fin bok, som gjorde at eg no veit langt meir om King enn før. Eig er sympatisk innstilt til King, men er likevel klar på at King hadde mange dårlege sider. 

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar