10. mars 2013

Tormod Haugland: Verd (2000)

Verd er ein kort roman. Boka fortel om stort sett heilt vanlege hendingar, og strekkjer seg over eitt døger, omtrent. Ein hund forsvinn. Ei ku får tvillingkalvar. Ein prest vitjar ei kvinne som nyleg har vorte enkje. Ein son har med seg kjærasten sin heim. Ein familie handlar inn til middag. Og - ei litt mindre vanleg hending - eit hus brenn ned.

Hovudpersonen er 16 år gamle Mill. Ho er relativt sjølvstendig og ansvarsfull, det er til dømes ho som tek mot den fyrste kalven, og ho tek seg godt av den litt reduserte bestefaren som bur i kjellaren. Mill er likevel ikkje eldre enn at ho let ting skje - ho gjer det som er venta av ho, sjølv om det kanskje ikkje er det ho har mest lyst til.

Boka kan på ein måte minna litt om Vårnatt av Tarjei Vesaas. Også i den boka er handlinga lagt til eit sterkt avgrensa tidsrom, også den boka er prega av daglegdagse hendingar, og også der er det unge menneske som får glimt inn i vaksenverda. Og, som med Vårnatt, det vert ei bok som ikkje grip meg nok. Haugland nyttar eit enkelt og daglegdags språk, som passar fint til historia, men det er ikkje nok. Det vert litt for stilleståande, og det skulle gjerne ha skjedd noko meir.

Guffen er lunken.

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar