7. mars 2010

The Gooner (1987- )

Fotballinteressa har vel alltid vore der. Midt i 1980-åra vart interessa større, mest av di Arsenal tok eit steg opp, og vart eit topplag igjen, men òg av di det via ulike fjernsynskanalar vart vist fleire og fleire kampar frå engelsk fotball. Eg vart med i den norske supporterklubben for Arsenal i 1986, trur eg, og har vore medlem sidan. Dei fyrste ti åra var medlemsbladet deira, The Gunners Post, ei av få gode kjelder for informasjon om Arsenal; i tida etter har eg vore medlem av gamal vane, og av di medlemskapet gjer det lettare å få billett til Arsenal-kampar.

Ein annan grunn til at interessa har vore høg, er at det vart råd å reisa til England for å sjå fotball. Det har ikkje vore mange turane, eg har vore på under ti kampar totalt. På ein av desse turane, saman med Steinar i 1993, var me på veg inn på Highbury då ein kar kom opp til oss og lurte på om me ville kjøpa eit nummer av The Gooner.

Eg hadde høyrt om bladet; det hadde stått om det i The Gunners Post. Eg var lite nøgd med det norske bladet, det var altfor positivt, og hadde altfor enkle portrett og artiklar. Eg var såleis på leit etter noko anna, kjøpte bladet, og likte det med ein gong. Eg har vore abonnent sidan, og har òg fått tak i dei fleste av dei tidlegare utgåvene. Dei eldste utgåvene var sjølvsagt dei vanskelegaste å få tak i, men dei tolv fyrste vart samla i bokform i 2000. Den grafiske utviklinga er massiv - dei fyrste utgåvene er kopierte på ei dårleg kopimaskin; dei siste har fargetrykk tvers gjennom. The Gooner har òg gjeve ut to hefte om Arsenal i 80-åra og 90-åra.

Her var teksten det viktige. Bladet var fullt av innsiktsfulle artiklar, skrive av folk som hadde fulgt Arsenal i årevis. Dei kunne historia si, og var òg i stand til å koma med gode vurderingar av det som skjedde på banen. Gooner har òg hatt mange artiklar om omveltingane rundt klubben, og alt som har skjedd med engelsk fotball dei siste tjue åra.

Noko av det beste og mest forfriskande med bladet er korleis dårlege spelarar vert omtalte som dårlege. Det same gjeld andre som er knytte til klubben, inkludert Arséne Wenger, som tidvis får svært mykje pepar. Denne evna til å vera kritisk gjer at The Gooner legg seg på eit langt, langt høgare nivå enn The Gunners Post. The Gooner les eg same dagen som det kjem; The Gunners Post kan liggja i plastomslaget sitt i nokre veker før eg opnar det.

Eitt anna sentralt emne i The Gooner er humor. Der har vore vitseteikningar, teikneseriar, parodiar og humoristiske skribentar gjennom heile levetida til bladet, men det humoristiske høgdepunktet er likevel baksida. Denne sida er alltid dekt av eit bilete. Ofte er det ein variant av ein filmplakat eller ein reklame, andre gonger er det eit bilete som får ein uventa og god bilettekst. Her handlar det ofte om vitsing med andre topplag, eller om Tottenham, men det kan òg vera utdriting av eigne spelarar. Eitt høgdepunkt i forbifarten - eit bilete av ein toåring som pisser på ein Tottenhambutikk, med teksten "Arsenal school of excellense, lesson one".

Alle kan senda inn artiklar til bladet, men der er ein fast kjerne av skribentar. I kvart nummer er det to faste spaltistar. Ingen av dei har vore med heilt sidan starten, men begge tok til alt i 1980-åra. Den eine av dei, The Highbury Spy, er ein relativt konservativ kar, som er best når han er misnøgd, og kan slengja drit i alle retningar. Spalta hans er eitt av høgdepunkta i bladet, i alle fall så lenge han skriv om fotball, og ikkje politikk eller klima. Bladet har berre hatt to redaktørar - grunnleggjaren Mike Francis, og Kevin Whitcher.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar