Viser innlegg med etiketten Bråtveit. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bråtveit. Vis alle innlegg

26. august 2023

Inger Bråtveit: Vassarv (2023)

Den førre romanen til Bråtveit hadde ordet vatn i tittelen. Denne gongen dukkar ordet opp i halve tittelen, i halve namnet på planten vassarv. Det er ein dekkjande tittel. Det renn mykje vatn i denne boka, og det kjem mange våte referansar.Det handlar òg mykje om arv - eit gjennomgåande tema er forholda forteljaren har til dotter si og til mor si. Det handlar òg mykje om odel, og sidan ein annan av romanane til Bråtveit er kalla opp etter to Vesaas-karakterar, er det freistande å kalla dette Suldal-versjonen av Det store spelet.

Det er ei finfin bok. Bråtveit snakkar med innestemme, men får likevel klart fram det ho skriv om. Forteljaren i boka har levd eit liv som minner om livet til forfattaren, ho har hatt odel på ein vestlandsgard, men fann ut at å driva gard ikkje var det rette for ho. Boka opnar og sluttar med at mor og dotter køyrer frå Oslo til Vestlandet og tilbake, og av og til vert det tydeleg at mora har dårleg samvit for at ho ikkje tok garden. Andre gonger er det meir forståeleg, som når ho skildrar korleis foreldra (indirekte) krangla om kva som var viktigast av å få ein hest til dyrlækjar og å passa på eit eige barn. 

Språket er noko av det flottaste ved boka. Det er knapt og stramt, fullt av elegante bokstavrim, og Bråtveit viser at ho meistrar faget sitt godt.

Guffen tilrår.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Munn mot ein frosen fjord (2002)
Alice A4 (2015)
Dette er også vatn (2018)

13. januar 2019

Inger Bråtveit: Dette er også vatn (2018)

Denne romanen er sett saman på ein litt uventa måte. Eg-personen er nyleg vorte mor, og snakkar mykje om og til dotter si. Ho fortel òg mykje om foreldra sine, fyrst og fremst faren. Innimellom dette kjem eg-personen med tankar frå ulike bøker ho har lese, av og til er det reine bokmeldingane. Ho fortel òg om skrivinga, både heime og ute. Det meste av boka er bra, Bråtveit har eit svært godt språk, men denne blandinga verkar altså litt rar for meg.

Når ho skriv om dottera (og dei to sønene mannen hadde med seg inn i ekteskapet) og foreldra, handlar det mykje om å høyra til. Eg-personen er nært knytt til heimstaden. Ho skriv òg mykje om vatn, og det gjer ho gjennomgåande i heile boka. I og under vatn tenkjer ho betre, ho skriv at viss ho hadde kunna, ville ho ha skrive bøkene sine i vatnet.

Det er ei bok med mykje bra i seg, men det er òg parti som ikkje grip meg like mykje.

Guffen er lunken.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Munn mot ein frosen fjord (2002)
Alice A4 (2015)
Vassarv (2023)

10. desember 2015

Inger Bråtveit: Alice A4 (2015)

Dette er den tredje romanen til Inger Bråtveit. Det sikre, tidvis poetiske språket er til stades her òg. Og til liks med den førre romanen hennar, Siss og Unn, er denne romanen ei slags helsing til unge jenter i andre verk. Siss og Unn er namnet på dei to hovudpersonane i Is-slottet av Tarjei Vesaas; Alice refererer til Alice i eventyrland av Lewis Carroll.

Alice er ei ung jente (fjorten? femten?) som veks opp i Tyskland, saman med mor og syster. Ho møter ein mann på eit tivoli, og mykje av boka handlar om køyreturane deira. Kor gamal han er kjem aldri klart fram, men han verkar langt eldre enn ho, og i alle fall langt meir erfaren. Han er den som styrer både bilen og forholdet deira, og Alice godtek langt meir enn ho burde. Mora likar det dårleg, men ho har ikkje noko ho skulle ha sagt.

Tidvis er det ei glimrande bok, men det vert for ujamnt. Boka vert gåande litt på tomgang i midtpartiet, der det vert for mange repetisjonar. Likevel dukkar det heile tida opp avsnitt og setningar som er finfine, og som viser kor språkleg sterk Bråtveit er.

Guffen er lunken.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Munn mot ein frosen fjord (2002)
Dette er også vatn (2018)
Vassarv (2023)

21. juli 2013

Inger Bråtveit: Munn mot ein frosen fjord (2002)

Dette er debutromanen til Bråtveit, og det er ein glimrande roman. Eg-forteljaren er ei ung jente. Gjennom korte, ukronologiske episodar fortel ho korleis ho har det. Ho har god fantasi, og langt frå alt ho fortel om har verkeleg skjedd. Slik sett har ho mykje til felles med den senile bestemora, som ho ofte tek seg av. Ho saknar bror sin, som utvandra til USA for mange år sidan; eg-personen saknar syster si.

I den fyrste delen av romanen var eg usikker på om systera var verkeleg eller ikkje. Gradvis vert det tydeleg at ho har levd, men at ho døydde i ei ulukke. Kapitla der eg-personen nærmar seg ulukkestidspunktet er svært sterke, og Bråtveit får fram både korleis eg-personen tenkjer seg det som skjedde, og korleis systera må ha opplevd det.

Mora taklar ikkje dette, altså at ho misser ei dotter, og treng òg hjelp. Ho får det gradvis via medisinar, men mannen hennar må òg ta seg litt av ho, på same måte som bestefar til eg-personen tek seg av kona si. Det handlar altså mykje om sakn, dette.

Nokre år seinare kom Bråtveit med den fine romanen Siss og Unn. Tittelen på den boka viser at ho kan sin Vesaas, og også Munn mot ein frosen fjord har sine Vesaas-moment. Eg-personen snakkar mykje med dyr, både verkelege og førestilte, og ho kommuniserer svært godt med fuglane.

Guffen tilrår.

Meir Bråtveit på kulturguffebloggen
Alice A4 (2015)
Dette er også vatn (2018)
Vassarv (2023)