17. august 2022

Tormod Haugland: I den sjette verda (2005)

Eg har etter kvart lese ein del bøker av Haugland, og omtrent kvar gong undrar det meg at eg ikkje har lese fleire. Omtrent alt eg har lese av han har vore bra, og slik er det òg denne gongen. Denne boka skil seg likevel ut frå dei andre - eg kan ikkje hugsa at dei andre bøkene var like morosame som denne.

Hovudpersonen, Dankert Valden, er eigedomsmeklar. Saman med kollegaen Tryggve Karlsson reiser han til heimbygda til Valden, der han skal selja eit hus. For Karlsson er dette eit vanleg oppdrag, for Valden er det noko meir. På veg til huset som skal seljast er han som snarast innom lokalet der faren skal gravleggjast. Vel framm ved huset møter han etter kvart gamle kjende - eks-kona, dottera, sysken og andre. Nokre tek vel mot han, andre er skeptiske. Mot slutten kjem dei fleste saman i ein bar, i ei scene som minner om slutten på ein western-film.

Det er ei artig historie, som vert betre gjennom dei absurde replikkane. Spesielt Valden og Karlsson snakkar slik eigedomsmeklarar (truleg) gjer - dei vassar i klisjear og opplagde utsegner. Delar av romanen er òg skriven som eit skodespel, slik at det er replikkane som driv det heile framover. 

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar