17. mai 2023

Don DeLillo: End Zone (1972)

Den andre romanen til DeLillo, og boka er langt betre enn debuten. Det handlar eigentleg om éin sesong i amerikansk fotball på college-nivå, fortalt av den relativt talentfulle Gary Harkness. Han spelar på eit lag i Texas, og dei vinn alle kampane bortsett frå éin. Mange av kapitla handlar om samtalar med dei andre spelarane eller samtalar med nokre kvinnelege studentar med rimeleg interessante meiningar. Midt i boka kjem det òg eit uventa langt og detaljert referat frå den eine kampen laget tapte.

Boka kom ut i 1972, midt under den kalde krigen, og dette pregar òg studentane. Harkness er oppteken av atomvåpen, og minst ein av dei andre spelarane er òg altfor glad i å lesa om krigen. Fleire gonger vert det snakka eller skrive om parallellar mellom fotballkampar og krig.

Det handlar altså (delvis) om alvorlege tema, men det er likevel ei uventa lystig bok. Dialogane er gode, Harkness er ein lystig fyr, og DeLillo skriv godt. 

Guffen tilrår. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
Great Jones Street (1973)
The Silence (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar