31. august 2023

Tormod Haugland: Inkarnasjon (2004)

Forteljaren i denne boka er forfattar. Han bur på landet, og dei siste åra har han gravd seg ned i eit bokprosjekt han ikkje finn vegen ut av. Han vil skriva noko om bestefaren og boksamlinga hans. Han har nesten isolert seg heilt, han har minimal kontakt med andre enn familien, men dette endrar seg i boka. Han snakkar med naboar, og vert overraska over kor mange av dei som les og kor mange av dei som skriv. Han er ute og drikk. Han vert med ei dame heim. Han vert heidra med ein fest der forlaget og kommunen er med. 

Eller skjer alt dette? Det er noko draumeaktig over mykje av boka, der det som skjer verkar altfor dramatisk eller altfor tilfeldig. Han møter folk han kjenner over alt. Han gjer ting som verkar ulikt han. Han har òg ein solid blackout, der han vaknar i senga nokre dagar etter at han har lagt seg, og der det viser seg at han har gjort relativt mykje han ikkje hugsar noko av.

Det er ei finfin bok. Haugland er i toppform, han leikar med språk og historier, og både rettleiar og forvirrar lesaren. Mange stader skriv han om forfattarar og tekstane deira, og det verkar som om det er eit av dei viktigaste temaa i boka.

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om dyr og syn (2017)
Om søvn og mørke (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar