20. mars 2018

David Roberts: Alone on the Ice (2013)

Ei bok som har undertittelen "The greatest survival story in the history of exploration" legg lista rimeleg høgt. Det er eit Edmund Hillary-sitat, men likevel.

Boka fortel om ein ekspedisjon til Antarktis i 1911-14. Ekspedisjonen vart leia av Douglas Mawson frå Australia, og målet var å kartleggja store delar av den antarktiske kysten. Dei kom altså til Antarktis med ei litt anna målsetjing enn Amundsen og Scott, som hadde det vidgjetne kappløpet mot Sydpolen samstundes som Mawson og dei andre var der.

Alt gjekk ikkje etter planen. Frå basehytta gjekk fleire ekspedisjonar ut. Mawson gjekk saman med to andre, og begge dei miste livet. Den fyrste forsvann i ein bresprekk, saman med teltet, det meste av maten, og dei beste hundane. Den andre vart sjuk og døydde. Mawson gjekk åleine i tretti dagar, gjekk gjennom fleire snøbruer, men kom seg heilt fram til basehytta. Fem timar for seint til å nå båten som skulle henta dei. Seks menn var att for å venta på han (og dei to andre, sjølvsagt), og desse sju måtte vera der vinteren gjennom.

Det er omtrent her boka går på ein smell. Så langt har det vore fart i forteljinga, og Roberts både skriv godt og byggjer det heile opp godt. Men det siste året skjer det ingenting, bortsett frå at ein av dei tørnar galen. Det verkar som om Roberts kvir seg for å gjera dei openberre kutta som burde gjerast, og tværar dette ut altfor langt.

Og så var det denne undertittelen. Held me oss til Antarktis er jo prestasjonen til Shackleton langt større, då han saman med seks andre reiste i open båt frå Elephant Island til Sør-Georgia, for så å kryssa ei lita fjellkjede for å koma fram til folk. Det var òg ein tur der alle overlevde, også dei som venta på Elephant Island. Turen til Nansen og Johansen er jo òg større enn dette.

Guffen er lunken.

Meir polar på kulturguffebloggen
Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)
Einar Østvedt: Hjalmar Johansen. Et hundreårsminne (1967)
Reginald Pound: Scott of the Antarctic (1968)
Roland Huntford: Scott and Amundsen (1979)
The Last Place On Earth (fjernsynsserie, 1985)
Roland Huntford: Shackleton (1985)
Roland Huntford: Nansen (1997)

Ragnar Kvam jr.: Den tredje mann (1997)
Michael Smith: An Unsung Hero (2000)
Beattie og Geiger: Frozen in Time (2004)
Bruce Henderson: True North (2005)
Olav Bjaaland: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Jan Ingar Hansen: Amundsens betrodde mann. Historien om Oscar Wisting (2011)
Hjalmar Johansen: Sydpolekspedisjonen 1910-1912 (2011)
Amundsen (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar