25. februar 2023

Tormod Haugland: Om dyr og syn (2017)

Den fyrste romanen i det som vel er ein trilogi, der Haugland hentar stoffet frå eigen oppvekst. 

Forteljaren i boka er odelsgut på ein gard nord for Bergen. Han hjelper foreldra der det trengst, og planen er at han skal ta over garden. Samstundes bur det noko anna i han, han vil noko meir enn det han ser og opplever på heimgarden. Han er glad i å teikna, han teiknar godt, og han flyttar til Bergen for å studera kunst. Gradvis innser han at han heller vil satsa på litteratur, men han slit med å sjå korleis han kan kombinera dette med gardsdrift. Løysinga vert at broren tek over garden, ei løysing som er god for begge to.

Gjennom heile boka har han med seg ein slåsshanske han har tjuvlånt frå faren. Slåsshansken fortel på ein merkeleg måte om livet utanfor garden, og kjem til nytte ved fleire høve.

Boka er fin. Av og til verkar det som om me er langt inne i heimstaddiktinga frå for lenge sidan, men med ujamne mellomrom bryt Haugland opp teksten med kommentarar der forfattaren kjem med merknader til livet han skildrar. Det er eit grep som fungerer godt, og eg ser fram til dei to neste bøkene i trilogien.

Guffen tilrår. 

Meir Haugland på kulturguffebloggen
Under (1994)
Varmare (1995)
Heller (1997)
Orden (1999)
Verd (2000)
To stykke (2002)
Inkarnasjon (2004)
I den sjette verda (2005)
No mar (2007)
Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010)
Om søvn og mørke (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar