27. mars 2013

Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)

Det er ikkje sikkert det seier så mykje, men dette er ein av dei betre fotballspelarbiografiane eg har lese. Philippe Auclair er ein glimrande skribent, han er fransk fotballjournalist basert i London, og skriv svært innsiktsfullt om Thierry Henry, og om korleis fotballverda har endra seg dei siste femten-tjue åra.

Henry er framleis aktiv, men er ikkje på det nivået han var på dei fyrste sju-åtte åra i dette hundreåret. Då var han i verdsklasse, og, gledeleg nok, han spelte for Arsenal dei åra. Auclair tek ikkje den enkle løysinga, sjølv om boka er bygd opp relativt kronologisk er det ikkje refereringa av sesongar, kamp for kamp. Han skriv om korleis Henry endrar seg, både som spelar og person, og skriv om korleis han gradvis vert ein av dei mest populære og respekterte spelarane i England.

I England var han konge på haugen; det var annleis på det franske landslaget. Der var heile tida Zinedine Zidane den største, slik at Henry aldri hadde same status der. Sjølv om han var med på VM- og EM-gull i 1998 og 2000, var tida etter tusenårsskiftet nedtur på nedtur. Laget rauk som regel ut tidleg, med unntak av VM i 2006, og verst var det i 2010. Der kvalifiserte dei seg etter ein vidgjeten hands av Henry, og i sjølve VM gjekk heile laget til streik, i protest mot at Nicolas Anelka vart sendt heim.

For Auclair er den oppførselen til landslaget eit glimrande bilete på korleis fotballspelarar i dag er bortskjemte småungar, utan kontakt med resten av verda, og utan evne til å sjå sin eigen plass i samfunnet. Men han er òg skuffa over korleis Henry passivt lot det mytteriet skje. Han var den eldste i troppa, han var den einaste attverande frå VM 1998, men han prøvde ikkje å stoppa det som skjedde. Auclair vart så skuffa at han eigentleg ville slutta boka med ein hard omtale av landslaget, korleis dei var så blinde at dei ikkje såg at alle andre såg ned på dei.

Men så vart Henry lånt inn til Arsenal igjen, og avgjorde debutkampen. Kanskje vert han berre for prega av euforien på Emirates den dagen, kanskje vert han berre sjarmert av den utrulege gleda Henry viste då han skåra, eller kanskje han berre får lyst til å enda boka annleis. Han skriv i alle fall glimrande og overstrøymande om den kampen, og det skjønar eg eigentleg godt: Eg får framleis klump i halsen når eg tenkjer på den scoringa, og på blikket til Henry rett etter målet.

Guffen tilrår.

Meir Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
David Peace: The Damned United (2006)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgian Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar