13. august 2023

Carl Frode Tiller: Bipersonar (2003)

Dette var den andre boka Tiller gav ut, og eg hugsar at det var ein liten nedtur. No, tjue år seinare, er det framleis litt som skurrar. 

Tiller bruker eit grep han også har brukt ved seinare høve. Boka har fleire forteljarar, som alle har ein relasjon til Thomas. Han må reknast for å vera hovudpersonen i boka, men det er altså alle andre som snakkar om han. Sonen Kjell er skeptisk til den nye kjærasten til Thomas. Ivar, bror til Thomas, vil helst at Thomas skal flytta heim att og verta kristen. Den andre sonen til Thomas, Peter, får ikkje skikk på nokon ting, sjølv om han ofte bed foreldra om hjelp til litt av kvart. Nokre kapittel vert fortalde av Marselius, verfar til Thomas.

Alt dette er vel og bra. Det heile fungerer godt, og me sirklar oss inn mot kven Thomas er. Men den siste tredelen av boka vert berre fortald av to personar - Peter og Arnt. Arnt er forfattaren av boka, og kapitla hans verkar nesten malplasserte og dreg nivået ned. Kanskje er avsnitta der Arnt får besøk av Thomas meinte som humor; spesielt vellukka er det uansett ikkje. 

Guffen er lunken. 

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar