13. februar 2018

Carl Frode Tiller: Begynnelser (2017)

Det er kjent Tiller-landskap, dette, og ikkje berre for oss som såg stykket framført som teater. Hovudpersonen i boka, Terje, har mykje godt i seg, men i møtet med andre personar har han lett for å sleppa ut det som ikkje er så godt. I ungdomen fekk han ein valdsdom mot seg, og sjølv om han ikkje er fysisk valdeleg som vaksen, er han hard mot sine nærmaste. Kona flyttar frå han, han vil ikkje ha kontakt med far sin, og han nærmast avskyr systera og mora.

Samstundes er han oppteken av og uroleg for kva me gjer med naturen. Han arbeider i miljøavdelinga i fylkeskommunen, og veit så godt som alt om verneverdige plantar og insekt og dyr. Det er der han deler ut omsorga si.

Boka vert fortalt omvendt kronologisk. Det heile opnar med at Terje tek livet sitt, og så går me stegvis tilbake i livet hans, heilt tilbake til den nervøse barndommen hans. Det er eit grep som fungerer godt. Tiller får òg godt fram kva krefter som dreg i Terje, og fleire av kapitla er små meisterverk. Det er ein fin bok, men eg må diverre dra fram den gamle kjepphesten min: Kvifor i alle dagar greier ikkje eit så stort forlag som Aschehoug å finna ein korrekturlesar som kan nynorsk?

Guffen tilrår.

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar