14. desember 2021

Ben Hur (1959)

 

Klassisk aften i hushaldet. Eg såg filmen for veldig lenge sidan; Marit hadde ikkje sett han før. Det er ein fin film, sjølv om det godt kunne gått litt fortare framover, og sjølv om alt som skjer er overtydeleg.

Filmen er basert på ein roman av Lew Wallace, og den romanen skal ha vore den nest mest selde i USA på 1800-talet. Det handlar om jøden Juda Ben Hur, som veks opp i Jerusalem. Ein barndomskamerat, Messala, kjem tilbake til Jerusalem etter mange år, og han har no vorte ein romersk hotshot. Det er urolege tider i Jerusalem, og han vil gjerne ha den sterke og mektige Ben Hur med på laget. Han nektar, for han er romarane okkupantar, og dei to skiljest som uvener. Ben Hur vert teken til fange og vert roar på eit slaveskip, der han reddar den romerske sjefen og vert adoptert av han. Han kjem tilbake til Jerusalem, der han slår Messala i eit rimeleg brutalt hestekappløp. Og alt dette skjer då Jesus Kristus levde, og filmen sluttar med at han vert korsfesta. Samstundes vert syster og mor til Ben Hur, som begge har vore spedalske, friske.

Filmen er fin. Det minner litt om teater, det er lange scener, av og til med tendens til overspeling. Det er i alle fall overtydeleg kven som er gode og vonde, og det er òg rimeleg lett å sjå kva som kjem til å skje. Kulissar og slikt imponerer, og filmen hadde rundt 10 000 statistar.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar