25. desember 2021

Erlend O. Nødtvedt: Mordet på Henrik Ibsen (2021)

 

Dette var artige saker. Romanen leikar med alt - med romansjangeren, med store forfattarar, med historia til Bergen, osb. Her er ei lett blanding av fleip og fakta, og det heile er altså fornøyeleg.

Utgangspunktet ser ut til å vera at ein av hovudpersonane i romanen, forfattaren Erlend O. Nødtvedt, har fått refusert eit romanmanus. Han meiner at stoffet er interessant, og kontaktar teatersjef ved Den Nationale Scene for å høyra om han er interessert. Han sender han jamleg e-postar med nye handlingar i teaterstykket, og gradvis kjem ei anna historie fram:

Den unge Henrik Ibsen kjem til Bergen i 1851, for å arbeida ved Det Norske Theater. Hermann Laading, som er instruktør ved teateret, likar dette dårleg, sidan det truar rolla hans ved teateret. Det vert raskt klart at Ibsen er den mest talentfulle dramatikaren av dei to, og det gjer det heile endå verre for Laading. Han greier, eller trur han greier, å senda Ibsen vekk på ein studietur. Ibsen kjem tilbake tidlegare enn planlagt, og som person er han heilt annleis. Laading mistenkjer at nokon har drepe den gamle Ibsen og at den nye Ibsen er ein dobbeltgjengar, og det fører til at det vert litt spetakkel under ei festframsyning på teateret.

Det svingar av dette. Det minner av og til om filmen Amadeus, der vert jo òg ein gamal ringrev utfordra av talentet til ein yngre kollega. Her er mykje å smila av, litt å le av, og det kjem nok av uventa vendingar til at romanen held interessa oppe heile vegen.

Guffen tilrår. 

Meir Nødtvedt på kulturguffebloggen
Vestlandet (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar