23. april 2011

Ragnar Hovland: Kunsten å komme heim (2011)

Eg har ikkje lese alt Ragnar Hovland har skrive, men det trur eg ikkje det er mange som har gjort. Han har skrive meir enn 40 bøker, har omsett minst like mange, og har i tillegg skrive for aviser og tidsskrift. Tekstane i denne boka er henta frå fleire stader. Han skriv i føreordet at han har omarbeidd tekstane etter at dei vart trykte for fyrste gong, og at han har prøvd å kutta banda til fyrste gong dei vart trykte. Viss det er grunnen til at det ikkje står noko om kvar tekstane har stått tidlegare, er det eit argument eg ikkje skjønar mykje av. Det er alltid greitt å vita slikt.

Her er 38 essay i denne boka. Dei fleste av desse handlar om bøker og forfattarar Hovland set høgt, resten handlar dels om andre ting. Her er litt barndomsminne, her er litt vaksenminne, men også i desse tekstane handlar det mykje om bøker og litteratur. Boka gjev såleis eit bilete av Hovland både som lesande og skrivande menneske.

Mange av forfattarane han skriv om er godt kjende for meg, som Pynchon, Twain eller Hovland, andre er heilt nye, som Queneau, Bichsel eller Vian. Han skriv varmt om dei fleste, sjølvsagt, det er jo favorittane hans, men at han skriv varmt om dei er likevel ikkje det same som at eg får lyst til å lesa noko av alle saman. Han har gjerne med nokre tekstutdrag frå favorittbøkene sine, og nokre gonger ser eg ikkje det heilt store i det han skriv om. Andre gonger går det andre vegen, og eg noterte meg eit par namn på forfattarar det kan vera bryet verdt å prøva seg på. Han er fleire gonger inne på at nokre bøker og forfattarar passar best til ulike tider i livet, bøker ein ikkje likte som ung lesar kan vera noko heilt anna når ein vert eldre, og omvendt.

Hovland er sjølvsagt meir sakleg i desse essaya enn i romanane sine. Det viser òg att i språket, der han ikkje sprudlar like mykje som elles. Av og til vert han svært enkel, som når han karakteriserer Tom Sawyer som "ein utruleg god roman". Men alt to setningar seinare kjem noko heilt anna - der vert romanen omtalt som "ein Johannes Døyparen-roman", eit uttrykk ikkje spesielt mange andre kunne ha kome opp med.

Eit tema som går att i fleire av romanane til Hovland er reising. Dei han skriv om er svært ofte på farten ein eller annan stad, og dei kan godt vera heller heimlause. I boka er her essay om begge desse emna. I reiseessayet skriv han mellom anna om korleis han ofte var plaga av spysjuke i barndommen. I gamle dagar hadde visst bussane si eiga lukt, og denne fekk alltid Hovland til å spy. "Før eller seinare skulle spyposen fram, og den tradisjonsrike lukta av oppkast skulle fylle bussen og kanskje inspirere andre til å prøve det same". Hadde ein ikkje spyposar, måtte ein spy andre stader: "Og i ein brøkdel av eit sekund må eg ha tenkt: No spyr eg. Kven skal eg spy på? Mor eller buss-sjåføren? Valet var truleg ganske lett. Ein kan finne på mangt gale i livet, men ein spyr iallfall ikkje på mor si".

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar