28. oktober 2010

Jarle Trå: Livet i fjella (2010)

Jarle Trå verkar som ein sympatisk kar. Han trivst godt i naturen, og det i seg sjølv er jo grunn nok til å gje han plusspoeng. Han dreg ofte på lange og krevjande turar, men utan å vera gjennomsponsa, og utan å gjera noko stort nummer av det. Han har kome seg til topps på to fjell over 8000 meter, utan bruk av kunstig oksygen, og burde difor vera svært godt kvalifisert for å vita kor stor risiko han tok då han i fjor prøvde seg (for andre gong) på Mount Everest, åleine og utan kunstig oksygen.

Det gjekk ikkje heilt etter planen. Han fekk høgdesjuke, og trur ikkje sjølv at han nådde toppen. Han var høgare enn 8400 meter i to døger, sov ute, hadde lite mat og drikke, og var heldig som kom frå det heile i live. I etterkant fekk han mykje kritikk, fyrst og fremst i ein artikkel i Dagbladet som var full av feil, og det skulle ikkje undra meg om denne artikkelen var ein av dei viktigaste grunnane til at han skreiv denne boka. Han bruker mykje plass på den siste ekspedisjonen til Everest, og skriv mykje om korleis media, fyrst og fremst Dagbladet, oppførte seg dårleg i tida etterpå. Det er ikkje vanskeleg å vera samd med Trå i det han skriv, og sjølv om han tidvis vert repeterande og av og til bitter, får han greitt fram poenga sine.

Boka byr på meir enn dette. Trå har vore på turar i mange fjellområde, både norske og utanlandske, og boka fortel om nokre av desse turane. Ofte er bileta frå desse turane betre enn teksten, ein kan ikkje skulda Trå for å vera ein dyktig forfattar. Han får likevel godt fram kvifor turar er viktige for han, og kvifor han har valt å bruka livet sitt på dette. Noko av det som er flott med boka er at han ikkje framhevar seg sjølv som ein supermann. Det er òg fint at han, viss han er på tur med andre, gjev dei minst halvparten av æra for at turane vart vellukka.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Lauritzen og Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar