15. juli 2010

Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)

Etter at ein ekspedisjon skal det skrivast bok. Det er ein viktig del av finanseringa, både før og no, men det handlar òg om profilering. I gamle dagar, då ekspedisjonane ofte utforska ukjent land, var slike reiserapportar med på å gjera hovudpersonen kjend. Nansen er til dømes langt meir kjend enn Hjalmar Johansen; Amundsen er meir kjend enn dei fire andre til saman.

Framleis er det slik at ekspedisjonsleiaren skriv boka etter turen. Det fargar sjølvsagt boka, som er frå den andre gongen Gangdal prøvde seg på Mount Everest. Den fyrste gongen gjekk det heilt galt, ingen kom til topps, og ein sherpa miste livet. I denne boka bruker difor Gangdal mykje plass på å få fram at dei vart godt førebudde. Dei har rådført seg med psykologar, dei har sett saman eit lag der alle jobbar saman, dei har hatt møte der dei er samde om planane for turen, og alle har røynsle frå liknande turar.

Tida dei var på og ved Mount Everest var prega av mange ulukker. Nokre av dei andre ekspedisjonane og klatrarane får så hatten passar, Gangdal er misnøgd med korleis dei berre tenkjer på seg sjølv. Det norske laget har ein suksessfylt tur, åtte av dei ti kjem seg heilt til topps, langs den krevjande nordryggen. Gangdal var ein av dei to som ikkje kom seg opp.

Trass i at han heile tida legg vekt på å at dei ikkje tek nokre sjansar, skin det gjennom at dei har den same draumen som alle andre. Å nå toppen er viktig. Etter at den fyrste gruppa på fire har vore på toppen, vil den neste gruppa på fire prøva seg dagen etter. Gangdal funderer på om han bør stoppa dei. Er risikoen for stor? Ei ulukke ville ha endra ettermælet til ekspedisjonen. Han skriv at han som leiar ville "hatt fullmakt til en slik beslutning, men det ville høyst sannsynlig endt emd at vi samtidig ville ha kastet vrak på ekspedisjonens andre hovedmål: vennskap og trivsel. Hva ville da stå igjen av vårt møysommelig forberedte og så langt meget vellykkede teamarbeid? Ingenting." Dette vert jo rimeleg patetisk. Det viktigaste av alt er at ingen skal koma til skade, bortsett frå i situasjonar der venskapet kan verta sett på prøve.

Boka er bygd opp over same lest som andre liknande bøker eg har lese. Det opnar med litt historikk frå fjellet, og det er presentasjonar av ulike ruter, før ein tek til med alt som er av førebuingar. Det er greitt, sjølvsagt, det høyrer med til ekspedisjonen, men det er det som er minst spanande å lesa om. Retteleg interessant vert det ikkje før sjølve klatringa kjem i gang. Fleire av dei andre i ekspedisjonen kjem til orde undervegs, ei løysing som oftast fungerer godt, men som av og til kan vera noko forvirrande.

Guffen er lunken.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Lauritzen og Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eidslott og Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the Wall (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar