27. desember 2021

Barn (2019)

 

Dette har eg kanskje nemnt før, men likevel: Ein av bakdelane med å bu på Voss er at kinotilbodet ikkje er altfor stort. Her opna eit nytt kulturhus med tre kinosalar for ti år sidan, men det er feil å seia at tilbodet er tre gonger så rikt. Denne filmen vart aldri sett opp her, og det er jo dumt. Det hadde jo vore greitt om dei beste filmane, i alle fall dei beste norske, vart sett opp her.

Filmen opnar med ei tragisk scene: Ein 13 år gamal gut vert funnen død i eit friminutt. Han hadde leika med ei i klassen, og ho vedgår at dei hadde tulla litt. Utover i filmen vert ho gradvis meir open om kva som hadde hendt, men det er ikkje det som er det viktige her. Filmen handlar om korleis ein reagerer på sorg, og korleis ein taklar det. Her er mange gode konfliktliner, og det vert ikkje teke grundig tak i alle desse. Læraren som hadde vakt i det området av skuleplassen, men som nett var vekke ein tur, var bror til rektor. Far til guten er aktiv i FRP; far til jenta er aktiv i Arbeidarpartiet. Far til guten og rektor har vore kjærastar i eitt år, utan at andre enn dei to veit om det. Rektor er forresten ikkje av dei mest handlekraftige; det verkar som om assisterande rektor er den som har oversyn over skulen, og er den som tek dei viktige avgjerdene.

Det er ein roleg film, der det stort sett handlar om folk som snakkar saman (og folk som syklar heimover i gatene i Oslo). Filmen er laga av forfattaren Dag Johan Haugerud, og det kan vera med på å forklara at dialogane er svært truverdige. Ikkje berre i ordbruk, men òg av di det i mange av dialogane er nokon som kjem på noko dei nett må seia, slik at dei skiftar tema ei lita tid.

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar