7. oktober 2018

Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)

Den britiske fjellklatraren George Mallory vart ein gong spurt kvifor han ville nå toppen av Mount Everest. Svaret hans, "Because it's there", er truleg det mest vidgjetne sitatet om Mount Everest, og forteljinga om Mallory er òg godt kjent. Han sa det i 1923, etter å ha vore med på to ekspedisjonar til fjellet, i 1921 og 1922. Året etter prøvde han igjen. Saman med Andrew Irvine la han ut frå den øvste leiren til ekspedisjonen, og begge to forsvann.

Mallory var sett på som den fremste klatraren i verda på det tidspunktet. Det låg skyer rundt toppen dagen dei miste livet, men dei to vart sett høgt oppe, på minst 8500 moh. Kva som skjedde med dei, og om dei nådde toppunktet, var lenge ei gåte. I 1933 fann andre klatrar både ei isøks og ein oksygensylinder ein av dei to måtte ha mist eller lagt frå seg.

Denne boka fortel om korleis i alle fall det eine av desse to spørsmåla fekk eit svar. I 1975 fortalde ein kinesisk klatrar at han hadde sett liket til ein død engelskmann høgt oppe på fjellet, langt frå dei vanlege rutene, på litt over 8000 moh. Dagen etter vart denne klatraren drepen i eit snøras, før han fekk forklart kvar dette liket låg. I 1999 vart ein ekspedisjon sendt til Mount Everest for å leita etter liket, og dei fann liket av Mallory. Han hadde snøbrillene sine i lomma, noko som tyda på at det var mørkt då han fall, og det kunne jo skuldast at dei hadde nådd toppen, og at dei ikkje kom seg ned att før det vart mørkt.

Boka er todelt. David Roberts skriv om ekspedisjonane til Mallory, medan Conrad Anker skriv om leiteaksjonen i 1999. Begge delane er fascinerande. Det var Anker som fann Mallory. Han er ein røynd og god klatrar - nokre dagar etterpå var han med på ein hjelpeaksjon, før han nokre dagar etter det igjen klatra til topps på Mount Everest. Etter å ha vore på toppen ser han det som heilt utenkjeleg at Mallory og Irvine kan ha vore der. Den andre store hammaren langs toppegga, "The second step", var så krevjande at dei to ikkje kan ha greidd det med det relativt enkle utstyret dei brukte. Øvst på denne hammaren heng det no ein fastmontert stige, og Anker måtte bruka den til å kvila seg litt på veg opp. Han meiner òg at dei ikkje var godt nok kledde for ein topptur, og at skorne deira heller ikkje var gode nok.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal og Arne O. Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar