1. mai 2017

Greg Child: Over the Edge (2002)

August 2000. Eitt år seinare veit alle kva islamistiske terroristar kan finna på, men sommaren 2000 vart ikkje alle åtvaringar tekne på alvor. I Kirgisistan i sentral-Asia er der nokre fjellområde som dreg til seg klatrarar frå heile verda, og i august vert fleire av desse kidnappa av terroristar. Den eine gruppa, sett saman av klatrarar frå Tyskland og Ukraina, vert sette fri etter kort tid, men den andre gruppa, fire unge amerikanarar, vert haldne i fangeskap i rundt ei veke, av tre terroristar. Saman er dei på flukt frå militæret - dei flyttar seg sakte om nettene, og ligg i dekning om dagen. Ein av terroristane vert drepen, og då dei to attverande skiljer lag ser amerikanarane at dei har ein utveg: Dei dyttar den andre utfor eit stup, og greier å ta seg fram til ein militærleir.

Historia er fargerik nok fram til dette. Dei reiser heim til USA, gjev nokre intervju, og reknar med at det meste er over. Men det heile tek ei uventa vending. Terroristen dei hevda å ha dytta i døden lever framleis, og fleire hevdar at dei har dikta opp heile greia. Den offentlege versjonen i Kirgisistan er at militæret frigjorde dei. Klatrarane har òg selt både bokrettar (til Child) og filmrettar, og har altså fått både pengar og PR. Det utviklar seg altså til ein kamp om kven som har rett, kven som kan kontrollera sanninga. Og ein ting er å ta til orde mot amerikanske journalistar, noko heilt anna er å reisa attende til Kirgisistan for å drøfta saka med politikarar og byråkratar som ikkje kan eitt ord engelsk.

Det er ei fin bok. Child, som sjølv er ein ekstremt rutinert klatrar, skriv greitt nok. Han byggjer boka fint opp, der han vekslar mellom dei ulike gruppene av folk i fjellområdet, og der han kort informerer om den historiske utviklinga i landet og i islam. Eg vart rett nok litt skeptisk då Child introduserer seg sjølv i forteljinga, om lag då dei to fyrste av amerikanarane returnerer til USA, men såg etter kvart at han ikkje kunne fortalt den siste delen av historia utan at han sjølv var så synleg.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar