1. mai 2022

Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)

 

Bortsett frå den litt misvisande tittelen er dette ei fin bok. Tittelen hintar mot at dette er ei samling intervju med Cobain-intervju; det rette er at det er ei samling Nirvana-intervju. Den nyansen er berre dels overraskande - sjølvsagt er Cobain eit stort namn, men samstundes var han omtrent synonym med Nirvana, slik at tittelen like gjerne kunne vore endra.

Det er uråd å seia om Soulsby har valt ut dei rette intervjua, men her er uansett mange nok til at historia vert greitt fortalt. Haldninga til bandet endrar seg - det vert gradvis mindre og mindre stas med intervju, og det vert gradvis meir og meir pes å vera på turne. Det vert meir og meir alvor i intervjua. Haldninga til journalistane endrar seg sjølvsagt òg - dei tidlegaste intervjua (frå 1989) vert gjort med fanziner og små radiostasjonar, dei siste vert ofte gjort med store media. Journalistane har gjerne reist frå andre land.

Cobain tok livet sitt i 1994. Eitt av dei siste intervjua i boka vart trykt etter at han var død, og opninga på det intervjuet minner meir om det som er skrive om Nirvana i åra etter. 

Kvart intervju opnar med nokre nyskrivne avsnitt, der journalist eller reportar fortel om korleis dei opplevde intervjusituasjonen. Her er det ikkje uvanleg at dei a) angrar på at dei ikkje vart fotograferte saman med Cobain, eller b) skriv at dei ikkje ante at Cobain skulle verta ei slik legende.

Guffen tilrår. 

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar