Viser innlegg med etiketten Team Ingebrigtsen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Team Ingebrigtsen. Vis alle innlegg

29. desember 2021

Team Ingebrigtsen, sesong 5 (2021)

 

Dette er visst den siste sesongen i denne serien. Det er heilt greitt, det skjer ikkje så mykje nytt. Det er heller ikkje dei store konfliktscenene mellom far og søner, og då er eit viktig komisk element vekke. 

Det skjer litt nytt, sjølvsagt. Det handlar om slutten av 2020 og det meste av 2021. Ingrid er gamal nok til å konkurrera i juniorklassen, og viser at ho er eit stort talent. For Filip og Henrik sin del er det litt som før - det vekslar mellom opp- og nedturar. Filip slit med litt udefinerte plager, medan Henrik igjen må opererast. Jakob spring i medvind heile tida, og det toppar seg med OL-gull i Tokyo.

Det er sjølvsagt rørande og fint å sjå korleis trenarfaren, Gjert, må ha litt tid for seg sjølv etter at Jakob kryssar mållina, og det er flott å sjå korleis heile familien og alle rundt tek heilt av. Denne sluttscena vert ei fin slutt på heile serien, og det er altså heilt greitt. 

Guffen er lunken. 

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 2 (2018)
Sesong 3 (2019)
Sesong 4 (2020)

7. januar 2021

Team Ingebrigtsen, sesong 4 (2020)

 

Denne sesongen var kortare enn vanleg, av dei opplagte årsakene. Planen var nok at sesongen skulle handla om tida frå hausten 2019 til OL 2020, men slik gjekk det jo ikkje. Nesten alt av idrettsarrangement vart sett på vent, og ein serie om idrettsutøvarar som ikkje konkurrerer er jo ein heilt vanleg doku-serie. Det er berre to (lange) episodar i denne sesongen.

Litt konkurrering er det, og dei to yngste brørne er i kjempeform. Filip, den nest eldste, set norsk rekord på 1000 meter, medan Jakob, den yngste, set norsk rekord på 1500 meter, og vert den fyrste nordmannen under 3.30. Henrik, den eldste, går stort sett skada.

Om han er skada, er han likevel den mest underhaldande av dei tre. Han snakkar mykje og godt, og er den som mest openlyst kranglar med faren. Filip er nok den mest sympatiske, men gjer ikkje alltid så mykje av seg. Jakob vert meir og meir klar over at han er noko heilt spesielt på idrettsbanen, og det verkar diverre som om han gradvis vert vanskelegare og vanskelegare å lika. Syster deira, Ingrid, trenar hardare og hardare, og er på veg til å verta noko stort.

Hovudrolla i serien er det likevel faren, Gjert, som har. Han tek med seg kona til Båtsfjord, der han budde dei fyrste åra av livet. Der viser han fram dei meir menneskelege sidene sine, og det er fint å sjå når han leitar etter grava til faren, på ein ubrøytt kyrkjegard med ein halv meter snø. Som trenar er han litt mindre sympatisk, og det er han nok klar over sjølv: Viss ungane hans skal nå toppen, slik dei alle vil, er han nøydd til å piska dei litt.

Guffen tilrår. 

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 2 (2018)
Sesong 3 (2019)
Sesong 5 (2021)

10. november 2019

Team Ingebrigtsen, sesong 3 (2019)

Det vert litt mykje av det same som før, men ikkje berre. Det svingar framleis, og den viktigaste grunnen er at dei fire hovudpersonane i serien er rimeleg fargerike og fritalande. Eg såg nett eit lite innslag om langrennslandslaget for menn på fjernsynet, og ein serie om dei ville ikkje fenga i det heile.

Dei tre brørne Henrik, Filip og Jakob er i verdstoppen på mellomdistansespringing, og dei vert trena av faren Gjert. Jakob er framleis tenåring, er det største talentet av dei tre, og byrjar å verta litt for klar over akkurat det. Filip er om lag like god, og er mest nøktern av dei tre. Henrik er skada nesten heile tida, men er den som snakkar best og høgast av dei tre. Faren Gjert har hovudrolla i denne serien - han snakkar òg godt, men er svært sjeldan nøgd. Han kan ikkje slappa av, og scenene frå dei to timane han tok ferie på stranda i Nice er suverene.

Rundt alle desse sviv andre familiemedlemmar. Alle har koner eller sambuarar - desse får biroller, slik dei òg har biroller i det eigentlege livet. Alt handlar om å leggja til rette for at dei skal få ut springetalentet sitt (og litt handlar om å irritera faren).

Guffen tilrår.

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 2 (2018)
Sesong 4 (2020)
Sesong 5 (2021)

12. oktober 2018

Team Ingebrigtsen, sesong 2 (2018)

Den fyrste sesongen av denne dokumentarserien var fin. Det er òg denne, sjølv om det vert litt repetisjonar.

Yngstemann Jakob slår gjennom internasjonalt; dei to andre slit tidvis med skadar dei to åra denne sesongen dekkjer. Både Filip og Henrik er langt nede og/eller langt oppe. Slik sett er det dramatikk og hendingar nok, men samstundes vert det mykje av det same: Trening, konkurransar, trening, konkurransar.

Heldigvis er det mange folk rundt dei. Henrik vert far og giftar seg, Filip skal gifta seg rett etter sesongslutt, medan Jakob får seg kjærast. Alt dette er stas for dei, men far og trenar Gjert slit litt meir med det. Er det ein raud tråd i denne sesongen, er det korleis forholdet mellom far og søner vert mindre og mindre eit familieforhold, og meir eit forhold mellom trenar og utøvar. Det ser me både når han snakkar til dei, men like mykje når dei tre snakkar om han når han ikkje er til stades. Han heiter ikkje "far" eller "pappa", då heiter han "Gjert". Og dei vitsar med han, og svarar tilbake like fritt som han snakkar. Det desiderte høgdepunktet denne sesongen er når Jakob (16) spør foreldra om kjærasten (16) kan overnatta. Mora er tvilande positiv, faren ser ikkje ein gong opp frå mobilen når han svarar noko slikt som at "Eg trur ikkje det blir aktuelt".

Sesongen sluttar med EM, der Jakob tek to gull på to dagar, og der Henrik etter to års skadeslit tek sylv på 5000 meter. Det er ein enorm opptur. Så får me sjå korleis det vert i ein eventuell tredje sesong.

Guffen tilrår.

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2016)
Sesong 3 (2019)
Sesong 4 (2020)
Sesong 5 (2021)

15. september 2018

Team Ingebrigtsen, sesong 1 (2016)

Dette er serien for dei som meiner at Sopranos vert for valdeleg. Begge seriane handlar om ein familie der familiefaren bestemmer alt. (Skal ein vera pirkete er der rett nok eigentleg to familiar i Sopranos.) Dette er familien Ingebrigtsen, der det berre handlar om friidrett.

Far i huset, Gjert, er trenar. Knallhard trenar. Han trenar sine eigne ungar, tre gutar og etter kvart ei jente. Denne sesongen tek til alt i 2013, og dekkjer tida fram til 2016. Den eldste av dei tre gutane, Henrik, har alt vunne 1500 meter i EM, og her får han selskap av broren Filip i Europa- og verdstoppen. Jakob, bror nummer tre, er det største talentet, men er berre tolv år då sesongen tek til.

Dei vert altså køyrt knallhardt. Faren legg opp eit treningsprogram det ikkje skal avvikast frå. Viss nokon ikkje gjer alt, eller ting ikkje fungerer, vert han streng, eventuelt sur. Alle i familien er fritalande, og det er her mykje av sjarmen til serien ligg. Det kjem klare beskjedar når folk snakkar med kvarandre, men også når dei er åleine med kameraet. Ei slik flott scene er når dei tre gutane reiser på treningsopphald utan faren. Så fort dei får sjansen kjøper dei seg store burgerar, og ein av dei tek sjølvsagt eit bilete av måltidet og sender til faren. Han ringjer nokre sekund seinare og skjeller dei ut.

Og faren vil styra alt. Når Henrik fortel at han har fått seg kjæraste, er den fyrste reaksjonen til faren at dette skal ikkje gå ut over treninga. Han modererer seg rett nok etter nokre veker, men likevel. Og når Jakob tek ein imponerande topp ti-plass i junior-EM, der han som 16-åring konkurrerer mot 19-åringar, er ikkje faren i godlune: På telefon rett etter løpet er det ikkje viktig å gratulera Jakob, det er langt viktigare å snakka om kvifor Jakob valde eit så dumt løpsopplegg.

Guffen tilrår.

Meir Team Ingebrigtsen på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2018)
Sesong 3 (2019)
Sesong 4 (2020)
Sesong 5 (2021)