21. desember 2021

Ragnar Hovland: Åleine i Alpane (1999)

Ragnar Hovland debuterte med Alltid fleire dagar i 1979. Dei neste tiåra var han svært produktiv. Han gav ut ei rekkje bøker (rundt 35, trur eg, med stort og smått), før han i 1999 markerte sitt eige 20-årsjubileum som forfattar med denne boka. Boka inneheld tjue bøker, der Hovland er innom ei rekkje sjangrar. (I føreordet skriv han at denne fysiske boka er den tjuande, men sidan det kjem ei ekstra bok mellom bok 17 og bok 18, trur eg det er rett å seia at boka inneheld tjue bøker. Det får heller vera at både den ekstra boka og den siste boka i boka har nummer 19.)

Det er fabelaktige greier. Det opnar aldeles glimrande, med den korte romanen 400 mil frå Sogndalsfjøra (Per Waglens notat), der me vert med Waglen på tur til hovudstaden. Han reiser saman med Prestesonen, og dei har ein tur det knapt finst makan til i norsk litteratur. Så går det slag i slag: Det kjem ei bok med kort-tekstar. Det kjem ei dagbok frå 1997 (der han mellom anna merkar at han ikkje er frisk). Det kjem ei bok med aforismar, der det sjølvsagt er mange blinkskot. Det kjem ei bok med draumar. Den lengste boka i boka er ei samling essay, artiklar og stubbar. Det kjem ei minnebok. Ei bok med omsette dikt. Ei teiknebok. Ein tragikomedie. Endå ei teiknebok. Nokre songtekstar. Ei bok med noveller og historier. Ei kort bygdebok. Eit filmmanus. Eit skodespel om Hardyguttene, utframført i gatene i Bergen med Hovland i rolla som Frank. Ei ekstrabok med fire dialogar. Ein fotoroman. Og til slutt ei bok der Dr. Munk intervjuar Ragnar Hovland.

Ein skal sjølvsagt passa seg for å lesa alt dette sjølvbiografisk, men det er råd å kjenna att Hovland i mange av tekstane. Det er òg lett å kjenna att skrivestilen hans, og det er eit overflodshorn av ei bok. 

Guffen tilrår. 

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar