Viser innlegg med etiketten Sverige. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sverige. Vis alle innlegg

10. november 2024

Jan Gradvall: Abba. Historien fra innsiden (2024)

Denne boka var ikkje heilt som eg tenkte meg. Det skuldast nok fyrst og fremst den ekstremt misvisande undertittelen på den norske utgåva - "historien fra innsiden". Boka er skriven av den svenske musikkjournalisten Jan Gradvall, og på svensk er tittelen "Vemod undercover. Boken om Abba". Det er altså ikkje ein rein biografi, det er i alle fall ikkje ein biografi frå innsida. 

Det handlar litt om historia til Abba, sjølvsagt, det er den raude tråden i boka. Men det handlar like mykje om heilt andre ting. Gradvall skriv mykje om det svenske musikklivet i 1960- og 1970-åra, og om korleis dei fire i Abba var gamle kjende frå danseband og poprockband. Alle var berømte i Sverige; Abba vart nesten som ei supergruppe. Han skriv òg mykje om folk rundt bandet - manager, studioteknikar, musikarar, osb. Dei fire bandmedlemmene får eigne kapittel, der Gradvall også skriv om livet før og etter Abba. Og han skriv altså sjølvsagt om musikken dei laga, men det er ikkje noko komplett gjennomgang av alt dei gjorde.

Det er ei heilt grei vinkling, og Gradvall fyller på med små og store anekdotar og fakta. 

Guffen tilrår. 

23. september 2024

Historia om Sverige (2023)

For nokre år sidan byrja eg på ein liknande serie om Danmark. Eg likte absolutt det eg såg, men fekk berre med meg eit par episodar før serien var borte vekk frå nettspelaren til NRK. No er turen komen til historia om eit anna naboland, og denne gongen fekk eg heldigvis med meg alt.

Det handlar om historia til Sverige, frå dei fyrste busetnadene til i dag. Det seier seg sjølv at serien ikkje får med alt, men dei får (truleg) fram dei viktigaste hendingane og personane. I fleire av episodane handlar det rett nok om tida då Sverige var ei europeisk stormakt, og her vert det lagt mest vekt på kongar og knektar og krigar. I andre episodar kjem ålmugen meir til sin rett, og dei episodane var minst like interessante. 

Serien vert kommentert av skodespelaren Simon Berger. På same måte som i den danske varianten kjem han av og til gåande inn i ei scene der andre skodespelarar leikar at dei er frå steinalderen, osb. Det er eit grep som fungerer godt. Serien er lærerik, men eg la altså til ordet "truleg" i parentes over - eg trur ikkje oppløysinga av unionen med Noreg vert nemnt med eit ord.

Nokon burde laga ein liknande serie om Noreg.

Guffen tilrår.

10. november 2022

Nybyggarna (1972)

Den andre av to filmar basert på romanane til Wilhelm Moberg. Det meste er bra, men eg har ei kjensle av at det hadde vore betre viss regissøren hadde skava vekk ein halvtime eller to. Filmen varar i rundt tre timar, og det vert i meste laget.

Filmen opnar med at Karl Oskar og Kristina Nilsson byggjer seg heim i Minnesota. Dei greier seg godt, husa vert betre og betre, og det toppar seg då Robert, bror til Karl Oskar, kjem tilbake frå gullrushet i California som ein velståande mann. Trudde dei. Det viser seg at pengesetlane hans ikkje var verdt spesielt mykje. Robert seier at han ikkje visste dette, men Karl Oskar skuldar (igjen) broren for å snakka usant, og då går det gale. 

Dei to får stadig fleire ungar, og etter ein vanskeleg fødsel får Kristina beskjed om at viss ho vert gravid fleire gonger er det stor sjanse for at ho ikkje overlever fødselen. Ho vert likevel gravid, ho legg alt i guds hender, og då går det gale igjen.

Noko av det som ber filmen framover er motsetnadene mellom eksteparet. Han er glad for å vera i USA, han ser landet som framtida og vert skuffa då han ikkje vert klarert for å kjempa i den amerikanske borgarkrigen. Ho lengtar heim, ho trivst ikkje der alt er framand og mykje er farleg, og synest at det er tull at han skal verva seg for å drepa folk. 

Så mykje er bra, men det går av og til så aldeles ubehjelpeleg treigt. 

Guffen er lunken.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

2. oktober 2022

Utvandrarna (1971)

Det kom visst nett ein ny norsk film som er basert på to filmar - denne og oppfølgaren. Det er for så vidt gledeleg kvar gong det kjem ein norsk film som ikkje hentar handlinga frå andre verdskrigen, men likevel: Står det verkeleg så dårleg til i norsk film at ein ikkje kan laga nye manus?

No er vel ikkje dette den verste filmen ein kan laga ny versjon av. Både frå Sverige og Noreg var utvandringa stor, og det kan vera greitt å friska opp at kva det var desse gjekk gjennom. Historia i denne filmen er ikkje spesielt original - det handlar om ein familie som har det så vanskeleg i heimlandet at den einaste utvegen vert å flytta til USA. 

I denne filmen heiter familien Nilsson. Me er rundt 1850. Det er harde tider i Sverige, og saman med andre frå heimbygda utvandrar dei. Entusiasmen for dette er ikkje jamt fordelt. Mannen i hushaldet, Karl-Oskar, vert gradvis meir tent på ideen. Kona, Kristina, likar det ikkje i det heile. Bror til Karl-Oskar, Robert, er kanskje den som ser mest fram til det. Dei pakkar det dei skal ha med seg, sel resten, og reiser til Göteborg og vidare til USA. 

Det er godt fortalt, sjølv om det går uforskamma seint. Filmen sluttar med at dei finn seg land i Minnesota ein stad, og då har det gått tre timar. På vegen dit er det mykje trist - det er dødsfall, det er bråk med høge embetsmenn, det er språkproblem i det nye landet, osb. Det nye landet ser mykje meir lovande ut enn det gamle, i Sverige var naturen brun og grå, i USA er alt grønt.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

20. juni 2022

Clark (2022)

Denne serien handlar om Clark Olofsson, ein svensk serie-kriminell. Han går inn og ut av fengsel, og det verkar som om det stort sett er det han gjer. Han bryt seg ut, og utfører nye brotsverk. Han er ute på permisjon, og utfører nye brotsverk. Han sjarmerer ein del damer, og seier at han skal skjerpa seg, men det skjer aldri. Han tek kvar dag som han kjem, og bryr seg eigentleg ikkje så mykje om at han vert arrestert. 

Han vart tidleg ein kjent person i Sverige, og etter eit gisseldrama i ein bank i Sverige vart han kjendis. Ein kriminell han kjende tok nokre gislar, og forlanga at Olofsson skulle koma til banken. Det fekk Olofsson lov til, og vart der nokre dagar, til han andre gav opp. Frå då av var han jamleg i avisene, og det er han framleis. No bur han visst i Belgia. Han er noko over 70 år, men det er ikkje mange år sidan han sist sat i fengsel.

Serien er finfin. Det går fort, det er fargerikt, det er lystig, og her er mykje å le av. Clark, slik me møter han i serien, er ein person det er uråd å lika, og ein person det er uråd å mislika. Han gjer kva som helst mot (nesten) kven som helst, men er òg så til dei grader sjarmerande. Han strør om seg med halvgode og dårlege vitsar. Dei mest alvorlege scenene kjem når han tenkjer tilbake på oppveksten, der den valdelege og alkoholiserte faren øydela det som kunne ha vore ein harmonisk familie.

Guffen tilrår.  

31. desember 2021

Fanny og Alexander (1982)

 

I gamle dagar kjøpte eg ein del DVD-ar, og denne var ein av dei som har lege ubrukt i hylla. Til liks med alle andre vert det mindre og mindre DVD-avspeling, men brått vart me samde om å sjå denne. Det var eit godt val. Både Marit og eg har sett filmen før (for lenge sidan), men ingen av oss hugsa spesielt mange detaljar.

Det handlar om livet i ein heller velståande storfamilie i Uppsala, tidleg på 1900-talet. Det verkar som om dei eig ein stor bygard, der dei alle har store leilegheiter, og der dei jamleg møtest i store og små høve. Ein av dei godt vaksne mennene i familien døyr, og kona giftar seg opp att med biskopen som forretta i gravferda. Ho tek med seg dei to barna, Fanny og Alexander, og den flyttinga er som å gå frå himmel til helvete. I huset til biskopen er der ingen gleder - det er strengt, det er stramt og det er alvorleg, og den nye bispefrua gjer det ho kan for å flytta tilbake.

Dei to ungane filmen er kalla opp etter får ikkje like stor plass i filmen. Det meste handlar om Alexander, ein gut med stor fantasi og store ambisjonar. Han sprudlar aldri, men ser spøkelse og diktar opp historier. Filmen er laga av Ingmar Bergman. Han omtalte filmen som dels sjølvbiografisk, og sa at mykje av Alexander var henta frå eigen oppvekst. Det heile er ein fin film, der kameraet (og sjåarane) heile tida kjem svært tett på karakterane.

Guffen tilrår. 

18. november 2021

Den usannsynlige morderen (2021)

 

Den 28. februar 1986 var eg på veg til Hustad leir. Eg reiste sjølvsagt med toget, og la inn nokre dagar i Oslo på veg dit. Eg budde hjå Inge, og den kvelden hadde me truleg vore på ein eller annan konsert. Me kom i alle fall seint heim. Me skrudde på radioen, og der var det berre sørgjemusikk. Etter ei stund kom det ei røyst inn og sa at den svenske statsministeren Olof Palme var drepen.

Denne serien handlar om det drapet, og om tida etterpå. Det handlar kanskje mest om det svenske politiet, som i denne serien gjer alt dei kan for å ikkje finna mordaren. Han er heile tida rett framfor augene deira, men han som sit øvst i politi-pyramiden vil ikkje sjå det. Han er oppteken av sine eigne hypotesar, og går på smell etter smell. 

Løysinga som vert sett fram her er ikkje bombesikker. Serien er basert på ei bok frå 2018, og to år seinare stadfesta det svenske politiet at dei er samde. Han som vert peika ut her lever ikkje meir, slik at politiet la vekk saka. Alle er ikkje overtydde. Serien kan kanskje reknast som eit partsinnlegg, men ut frå det som kjem fram her var det absolutt mogleg at Stig Engström var mordaren. Han var der då det skjedde. Han hadde eit slags motiv. Han motsa seg sjølv så ofte i avis-intervju og politi-avhøyr at det burde kimt i klokkene berre der. Men det gjorde det altså ikkje.

Serien er finfin. Det heile vert heldigvis ikkje presentert kronologisk, slik at me må pusla litt saman sjølv. Og Robert Gustafsson er aldeles strålande i rolla som Engström.

Guffen tilrår. 

21. mai 2020

Hans Rosling: Factfulness (2018)

Eg har ei romsleg hylle der det står bøker som ventar på å verta lesne. For litt sidan las eg ei bok eg fekk til jol av Aslak L., og då slo det meg at det i ventehylla stod tre bøker eg har fått frå Tørsten. Eg kasta meg over eit par av dei, slik at det ikkje vert bråk neste gong han kjem innom. Dette var den fyrste eg las ferdig, og det var mest av di det er ei finfin bok.

Hans Rosling skreiv boka saman med sonen Ola Rosling og svigerdottera Anna Rosling Rönnlund. Den viktigaste bodskapen deira er at det står langt betre til i verda enn dei aller fleste trur. Me er opphengte i det me lærte då me var små, me vert lurte av at media oftast rapporterer om negative hendingar, me har lett for å snakka om oss og dei, osb. I ti kapittel tek dei føre seg ulike sider, og alt dei skriv er underbygd av truverdige statistikkar og reine fakta.

For Rosling er det grunnleggjande feil å snakka om utvikla og underutvikla land. Han skriv om fire nivå, der land vert plassert etter korleis helsetilstanden og økonomien i landet er. Alle land, viser han, bevegar seg mot det høgaste nivået. Det er langt færre land på nivå 1 i dag enn for berre femti år sidan. Alt går framover. Fleire born vert vaksinerte, fleire jenter får skulegang og utdanning, familiar får færre born, osb.

Det er komplett umogleg å ikkje læra noko nytt av denne boka, og det må òg vera vanskeleg å lesa denne boka utan at haldningane dine vert endra.

Guffen tilrår.

11. mars 2020

Kenne Fant: Alfred Nobel (1991)

Eg visste ikkje så veldig mykje om Alfred Nobel før eg las denne boka, bortsett frå det alle veit: Han fann opp noko sprengstoffgreier, tente ekstremt med pengar, fekk litt dårleg samvit for at sprengstoffet vart brukt i krig, og testamenterte difor bort store delar av rikdommen sin for at rentene skulle brukast til å dela ut nokre prisar.

Etter å ha lese denne boka veit eg litt meir, men ikkje veldig mykje meir. Han vaks opp i ein familie med fleire oppfinnarar og forretningsmenn. Faren var lenge i St. Petersburg, der han prøvde å selja oppfinningar til russarane, utan altfor stor suksess. Alfred prøvde litt her og litt der, før han endeleg fekk suksess. Han er på reisefot heile tida, han knyter kontaktar og sel patentar. Han fekk aldri familie, han verkar så oppteken av å finna opp ting at han knapt hadde tid til anna.

I alle fall nesten. Han hadde eit forhold til Sofija Hess, ei kvinne frå Slovenia. Dei budde aldri i lag, og han var klar over at ho hadde forhold til andre menn når han var på reise (og det var han jo heile tida), men dei heldt saman, på og av i atten år.

Det er ikkje mange spor etter privatlivet til Nobel. Å lesa om forretningslivet hans er eigentleg heller keisamt, så det er ikkje rart å tenkja seg at Fant var glad då han fann ei mengd brev Nobel skreiv til Hess. Diverre greier han ikkje å avgrensa seg, og fleire kapittel, spreidd utover i boka, er berre sitat frå dess breva - sitat der Nobel ikkje seier spesielt mykje av interesse.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

29. november 2017

Leif Zern: Det lysande mørket (2005)

Leif Zern er ein svensk teaterkritikar og skribent, og det er tydeleg at han har sansen for dramatikken til Jon Fosse. Han går (nokolunde) kronologisk gjennom dei skodespela Fosse hadde skrive fram til 2005, og stoppar ved emne han meiner kjenneteiknar desse teaterstykka.

Eg har ikkje sett så mange teaterstykke av Fosse. Av og til verkar det som om boka er skriven for dei som er på innsida, dei som kjenner alle stykka på rams. Zern refererer heller ikkje berre til teaterstykka, han skriv like gjerne om den og den oppsetjinga av stykka, slik at du verkeleg skal vera på innsida for å få med deg alt. Det går likevel greitt å få med seg poenga hans; det er jo ikkje slik med stykka til Fosse at handlinga alltid er det viktigaste. Når Zern drøftar korleis ulike filosofiske retningar kjem til syne i stykka til Fosse, er det jo nok at han viser til korleis dette skjer der og då; me treng ikkje vita alt stykket handlar om.

For Zern er Fosse påverka av tre tankeretningar - mystisismen, gnostisismen og fenomonologien. Eg skal slettes ikkje påstå at eg kjenner desse tre på rams, og skal heller ikkje påstå at eg nokon gong har tenkt i slike retningar når eg les (eller ser) Fosse. Men Zern argumenterer overtydande, både her og elles i boka. Der peikar han på andre typiske teikn ved stykka til Fosse - ventinga, dei namnlause, repetisjonane - og les også dette opp mot dei store tankeretningane.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.26)

8. mai 2016

Thor Heyerdahl og Per Lillieström: Ingen grenser (1999)

Alle kjenner Thor Heyerdahl, men alle har sjølvsagt ikkje den same oppfatninga av han. For meg er han ein eventyrar, og på det feltet kan eg godt ha respekt for han. Det er ikkje alle som ville ha lagt ut på slike siglasar som han. Som forskar eller vitskapsmann eller akademikar, kall det kva du vil, er det verre å ha respekt for han. Slik var det før, og slik er det i alle fall etter å ha lese denne boka. Saman med ein nabo på Tenerife, den svenske kunstmålaren og (sjølvutnemnte?) kartologen Per Lillieström, har han sett seg føre å gje oss ny kunnskap om Odin, om det nordiske vikingsamfunnet, og om reisene til Vinland og alt det det førte med seg.

Grunnen til at eg plukka denne boka ut av bokhylla i ein leilegheit me lånte i Oslo, var den siste delen. Boka kom ut om lag då eg arbeidde med hovudfagsoppgåva mi, der eg var innom skapinga av ein norskamerikansk identitet. I det høvet var eg innom Kensingtonsteinen, og las mykje av det som er skrive om den. Det er uråd å konkludera med at runeinnskrifta på den steinen er falsk. Boka til Heyerdahl og Lillieström er lagt opp som ein samtale mellom dei to. Når dei snakkar om Kensingtonsteinen er det opplagt at dei anten ikkje har sett seg godt nok inn i bøkene dei viser til, eller at dei berre ser vekk frå det som ikkje passar inn i biletet dei ynskjer å skapa. Begge delar er like meiningslaust, sjølvsagt.

Biletet dei ynskjer å skapa er at vikingar frå Skandinavia var flinkare og meir siviliserte enn det vanlege inntrykket er. Det er òg problematisk, det er ikkje slik ein går inn i eit fagfelt. Konklusjonen må verta styrt av kjeldene; ein kan ikkje bruka kjeldene for å få det svaret ein vil. Og det seier seg jo sjølv. Når det som står om Kensingtonsteinen, og for så vidt om steintårnet Newport Tower og andre funn det vert hevda kan knytast til vikingar, er så til dei grader prega av dårleg lesing av og respekt for kjeldene, er det nærliggjande å tru at resten av boka er skrive på same viset. Og då vert jo boka heilt verdilaus - sjølv om det skulle vera eit fnugg av sanning i noko av det som vert skrive her, er skepsisen så stor at heile boka vert teken med ei stor klype salt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. april 2016

Att angöra en brygga (1965)

Nja. Eg såg denne filmen midt i åttiåra. Eg hugsa han vel som ein middels god film, og valde å prøva igjen ein kveld. Filmen vert gjerne presentert som eit høgdepunkt i svensk filmkomediehistorie. Viss det er sant, må dei verkeleg ha laga få gode komediar. For dette er verkeleg tynne saker.

Historien er kort fortalt: Det skal vera krepsekalas på ei svensk øy. Dei siste fire gjestane er nesten framme, men får ikkje fortøyd båten på brygga. Dei på land prøver å hjelpa dei, men får det ikkje til. Til slutt kjem dei seg i land, men av di huset deira diverre brann opp, og av di dei ikkje har båt lenger, døyr alle saman.

Før filmen endeleg er over kjem det mange vitsar. Eg har sikkert skrive det før, men det er lite som er så irriterande som skrekkeleg dårlege vitsar. Eg smilte nok eit par gonger, og det er eit høgdepunkt når den lokale fiskaren får ordet, men stort sett var dette på grensa til vondt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

10. september 2014

Jan Stenmark: Skratta åt räkor (2014)

Jan Stenmark er løyen. Han er ikkje den einaste som herjar i sjangeren "finn artige tekstar til ulike bilete", men han er kanskje den beste. Han klipper gjerne inn personar i bileta, for å få det slik han vil, og resultatet vert alt mogleg. Her er unge, her er gamle, nokre er triste, nokre er glade, og resultatet er som regel noko å le av.

Innimellom alt det lystige og undrande kjem det òg meir triste og alvorlege bilete. Fleire av personane på bileta funderer på døden, og dei korte tekstane, som regel berre éi setning, er ofte glimrande. "Vilken tur, tänker en del, att döden kommer ocj befriar en från att inte ha levat".

Eg har fem-seks Stenmark-bøker, om lag helvta av dei han har gitt ut. Denne er ikkje spesielt nyskapande, men det gjer ikkje så mykje. Det er stas med Stenmark.

Guffen tilrår.

Meir Stenmark på kulturguffebloggen
Du och jag (2008)
Pennan i näsan (2010)

13. juli 2014

Stig Larsson: Når du kjenner at det begynner å ta slutt (2012)

Hm. Denne boka har fått til dels strålande omtalar, men for meg vart ikkje forventningane innfridde. Det er ei slags minnebok, der Larsson etter innfallsmetoden fortel om hendingar frå livet sitt. Der er to hovudtema - skrivinga hans, og tilhøvet til rusmiddel, fyrst og fremst speed. Eit tredje tema er forresten kjærleik og sex.

Av og til er det svært bra. Han skriv fleire stader om at han vil skriva om to lange forhold han har hatt, men at han kvir seg litt for det. Han skriv òg at meininga med boka er å åtvara mot å bruka speed. Mot slutten skriv han endeleg utfyllande om kva som gjekk gale mellom han og dei to kvinnene, og dette er den beste delen av boka.

Før me kjem så langt har me vore gjennom mykje rart. Eg kjenner lite til svensk litteratur, men Larsson ser ut til å ha vore viktig, også på andre kulturområde. Han har skrive romanar, sett opp teaterstykke, regissert filmar. Han fortel om andre kunstnarar han har møtt, men skriv òg om fotballfans han kjenner, og om folk frå rusmiljøet. Han har hatt eit hardt liv, mykje drikking, mykje dop, mykje vanking i kriminelle miljø, mange damer, osb. Han har svært høge tankar om eiga skriving, han skriv ein stad at han gjerne les eigne diktsamlingar om att, og at han stadig vert imponert over dikta, og at han stadig oppdagar nye ting i dei.

For meg vert kvaliteten for svingande. Av og til er det svært bra, andre stader vert det omtrent berre pludring. Mange av anekdotane og historiene er gode, andre verkar heilt malplasserte, og kunne gjerne vore kutta ut.

Guffen er lunken.

18. februar 2014

Leif Krantz/Ulf Löfgren: Barna i jungelen (1959)

Barnebøker kan vera mykje rart. Nokre får ein til å tenkja, nokre får ein til å grina, nokre får ein til le, nokre får ein til å kjeda seg. Nokre får ein til å gjera fleire av desse. Omtrent som vaksenbøker, med andre ord. Eg har lese ein del barnebøker dei siste åra, av opplagde grunnar, og eg likar best dei bøkene ein kan le av. Og aller best likar eg bøkene ein kan le høgt av; bøker ein kan le til ein grin av.

Dei tre barna-bøkene til Leif Krantz og Ulf Löfgren er framifrå døme på akkurat dette. Den eine boka, Barna i det blå, fekk eg til treårsdagen, viser det seg. Dei to andre bøkene, Barna i jungelen (der Astrid Lindgren står som medforfattar på omslaget av den norske utgåva, men ikkje den svenske) og Barnen i vattnet (som eg ikkje trur finst på norsk) har me kjøpt i nyare tid. Den siste kom i hus sist veke, og midt i boka kom det ein scene som var så absurd at både eg og dei to ved sida av meg i sofaen lo så tårene trilla.

Bøkene er bygd opp over same mal. Dei tre ungane Ole, Anna og Fia sit på rommet sitt og kjedar seg, gjerne av dei det er dårleg ver ute. Saman med det vesle trollet Ture, som gjerne held til på gardinstanga i rommet deira, reiser dei på fantasireiser til ulike reisemål, før dei på høgst uventa vis brått er tilbake på rommet igjen når bøkene sluttar. I den eine boka skal Ole fly eit fly til Bergen, men endar opp i ørkenen. Og på Nordpolen, etter at Ture sparkar vert sola. I den andre boka skal dei til India for å henta ein diamant, og unngår så vidt å verta oppeten av ein tiger, og å verta drepen av dei innfødde. Og i den siste boka skal dei leika med båtar, men manglar vatn. Ture slår hol på eit vassrøyr som (ikkje uventa) går gjennom rommet deira, og snart er dei på havbotnen, der dei møter kong Neptun og andre skapningar. Mellom anna ein røyrleggar som kjem for å tetta lekkasjen.

Teikningane er fantastiske, replikkane er like gode, og det er altså bøker som boblar over av fantasi. Bøkene er ikkje så lette å få tak i, men kjem du over ei av dei, bør du slå til.

Guffen tilrår.

4. januar 2012

Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)

Bøker om fotballspelarar, eller idrettsutøvarar generelt, er oftast traurige greier. Det er ein sjanger det er lett å le av, og det er sjeldan det dukkar opp bøker utanom det vanlege. Dette er ei slik bok, men så er jo òg Zlatan ein fotballspelar utanom det vanlege.

Han har uvanleg god teknikk, uvanleg god balanse, og uvanleg stor vinnarvilje. Han har sterke meiningar og eit heftig temperamant, som ofte kjem på kant med trenarar eller andre med makt. Det er ikkje tilfeldig at han har spelt i fem europeiske toppklubbar, og at han berre ved eit høve har spelt tre sesongar for det same laget. Men det er heller ikkje tilfeldig at han har vunne ligagull åtte sesongar på rad, i tre ulike land.

I boka verkar han nesten like frittalande som elles. Boka er skriven i ein munnleg og personleg stil, der han ofte vender seg direkte til lesaren med setningar som "eg lovar", eller stiller oss spørsmål. Han skriv ofte nedsetjande om folk han ikkje likar. Hasse Borg, direktør i Malmø FF då Zlatan spelte der, går til dømes frå å vera ein kjernekar til å vera ein drittsekk, då det omsider går opp for Zlatan at Borg tenkjer meir på klubben enn på Zlatan. Pep Guardiola, trenar i Barcelona, får heller ikkje rosande omtale.

Nokre fotballspelarbiografiar skriv ofte altfor detaljert om altfor mange kampar. Slik er det ikkje her. Dei gongene han skriv om kampar, er det dei viktige, dei avgjerande kampane han nemner. Han skriv mykje meir om personar i dei ulike klubbane, og om personar han møter utanfor fotballen. Mest skriv han sjølvsagt om seg sjølv, og om korleis han lærer og utviklar seg heile tida. Han framstår som rimeleg arrogant, og er klar over det.

Boka opnar med svært gode skildringar frå oppveksten i Rosengård, ein fattig bydel i Malmø. Han var berre to år då foreldra skilde lag, og han veks opp dels hjå mora, dels hjå faren. Ingen av stadene er det noko velstand å snakka om. Faren drikk for mykje, og slit òg med krigen i Jugoslavia - faren er bosnisk, mora er kroat. Han er småkriminell, og sjølv om han i dag er ekstremt velståande, strekar han ofte under at han ikkje har gløymt røtene sine. Han gjennomfører ei slags klassereise, men ho er ikkje heilt gjennomført. Han møter dei rikaste av dei rike, men oppfører seg framleis som om han var blant sine eigne i Rosengård.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
Uli Hesse: Tor! (2003)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

2. oktober 2011

Åke Holmberg: Ture Sventon. Privatdetektiv (1962)

I rein gledesrus etter å lese den glimrande Ture Sventon i London for nokre dagar sidan fann eg fram denne òg. Dette er den fyrste boka om Ture Sventon, den beste privatdetektiven i verda. Ho er diverre ikkje like god som dei to andre eg har lese.

Hovudproblemet er truleg at Holmberg her bruker for mykje tid på å presentera Sventon. Boka er omtrent like tjukk (eller tynn) som dei andre, men her går fleire kapittel med til å fortelja om korleis Sventon fekk tak i det vidgjetne flygande teppet sitt, og korleis han gjorde seg kjend med det. Det tek òg for lang tid før kriminalsaka som skal løysast sukkar opp. Og humoren er ikkje like tydeleg her.

Sventon held til Stockholm, men må her løysa eit problem i Solbærsund. Der har ein banditt med det glimrande namnet Oksen herja litt med nokre småungar, og saman med meisterhjernen Ilderen, som med tida skal verta erkefienden til Sventon, prøver han å pressa nokre gamle tanter til å betala dei for at dei ikkje skal stela ein svær sylvpokal dei har. Dei tilkallar Sventon, som blandar genialitet med flaks og fakkar tjuvane. Han flyg dei tilbake til Stockholm på det flygande teppet sitt, og over natta vert han ei superstjerne. I boka vert han introdusert for det svenske folket; boka introduserer han til dei svenske lesarane. Men det finst altså langt betre bøker om Sventon.

Guffen er lunken.

Meir Holmberg på kulturguffebloggen
Ture Sventon i London (1950)

29. september 2011

Åke Holmberg: Ture Sventon i London (1950)

Dette er solide saker. Eg hadde eigentleg lyst til å skriva at etterkrigstida var ein gullalder i svensk barne- og ungdomslitteratur, men sidan eg sjølv ser to innvendingar mot ein slik påstand, kan det vera greitt å droppa det. Eg veit for lite om svensk litteratur til å vita om det stemmer, og dessutan kjem det jo stadig ut glimrande barnebøker på svensk, både seriane om Bø og Bæ og Prikk og Flekk er fine greier. Dessutan ville eg grunngje den tynne gullalderhypotesa ved å visa til dei aldeles fabelaktige bøkene Ulf Löfgren og Leif Krantz (og til dels Astrid Lindgren) laga om Ole og Anna Fia, men dei kom tidleg i 60-åra, slik at det er kanskje for stort mellomrom mellom Sventon og dei andre til å slå dei saman til ein gullalder.

Men altså: Dette er solide saker. Eg las Ture Sventon i ørkenen for mange år sidan, og slo til då eg fann denne og ei til i eit antikvariat. Det angrar eg ikkje på, det er ikkje kvar dag eg ler så godt av bøker eg les.

Sjølve historia er grei nok. Der er nokre originale trekk, privatdetektiven Ture Sventon har til dømes ein svakheit for vassbakkels. Han har ein talefeil som gjer at han seier bannbakkesser og pitol. Og han har eit flygande teppe. I denne historia får han besøk av den engelske lord Hubbard, som har kome heilt frå London for å få svar på eit mysterie heimefrå: Kven er den mystiske mannen som brått dukkar opp heime hjå han, og som forsvinn like fort som han kom? Sventon-kjennarar veit sjølvsagt at det er Ilderen, erkefienden til Sventon, og kjennarar veit òg at Sventon kjem til å løysa mysteriet. Det er likevel ikkje der gleda over denne boka ligg.

Den ligg i språket. Boka er glimrande omsett av Zinken Hopp, og her er nok av utsøkte situasjonar og dialogar. Samtalen mellom Hubbard og Sventon er eit fint eksempel på dette, begge er like glade i å misforstå det den andre seier. På dei åtte-ti sidene denne samtalen varer er me innom ei rekkje tema, som underbukseprodusentar i England, kunstverk av ein ukjent meister ("Ukjent? Hvordan kan dere vite at det var en mester da?"), gåver frå den britiske kongefamilien, ro-tevlinga mellom Oxford og Cambridge,  og sikkert nokre til, før dei endeleg kjem til poenget.

Guffen tilrår.

Meir Holmberg på kulturguffebloggen
Ture Sventon. Privatdetektiv (1962)

8. august 2011

Du levande (2007)

Dette er ein flott film. Han er så elegant laga, filmen er så stilrein og så visuelt vellukka at ein kan lura på kva andre filmskaparar driv med.
Her er ikkje noko eigentleg handling. Det er ei rekkje scener frå ein svensk by. Nokre personar går igjen gjennom filmen, til dømes ein som spelar eit slags horn, og ei jente som er forelska i vokalisten i Black Devils. Trass i denne mangelen på handling heng scenene godt saman. Det er den same stemninga i dei alle, både visuelt og innhaldsmessig. Viss denne filmen var basert på ei bok, ville det ha vore ei diktsamling.

Det er jamt over trist, det er av og til komisk, men det er fyrst og fremst varmt. Det er lite varme mellom dei ulike menneska i filmen, alle verkar einsame, og alle ser ut til å lengta etter noko heilt anna. To replikkar går igjen i filmen – "ingen forstår meg", og "det kjem ein dag i morgon òg". Men sjølv om dei fleste er einsame, vert dei likevel presenterte med ein lun varme, det er personar me godt kan tenkja oss å snakka med.

Fleire av personane i filmen fortel om draumar. Ho som liker vokalisten i Black Devils fortel at ho drøymde at dei to gifta seg ("och det var himla skönt"). Ein mann som køyrer forbi kamera i ein bilkø som knapt rører seg, fortel at han drøymde at han var på eit ekstremt dystert slektstemne, og der han fann ut at han ville ta det velkjende duktrikset for å få opp stemninga litt. Det gjekk heilt gale, og sidan han mellom anna knuste ein meir enn to hundre år gamal suppeterrin, vart han like godt dømd til døden, i den elektriske stolen.

Filmen er grå, og filmen er blå. Det er dårleg ver, det regnar og tordnar, og skylaget ligg lågt. Mot slutten av filmen stoppar alle opp, og ser mot himmelen utan å seia eit ord. Når skylaget opnar seg, kjem der rundt tjue fly i formasjon over byen. Kva flya har med seg kjem ikkje fram, kanskje det er bombeflya ein av dei drøymde om, kanskje det er noko heilt anna. For meg var det ein optimistisk slutt, der det brått kom litt fleire fargar enn grått og blått.

Guffen tilrår.

12. februar 2011

Jan Stenmark: Pennan i näsan (2010)

Ny kveld, ny bok av Jan Stenmark. Dette er den ferskaste boka hans, og nivået er framleis svimlande høgt. I Du och jag sette han tekst til teikningar frå teikneseriar, her har han henta bilete frå fleire kjelder. Felles for bileta ser ut til å vera at dei er frå 50- og 60-åra.

Han skriv altså nye tekstar til bileta, og endrar dei gjerne litt. Resultata er ein humor med mykje alvor i, slik er var inne på for nokre dagar sidan er det mykje einsemd og nokre tragediar i teikningane hans. Sidan eg ikkje kom med nokre døme sist, tek eg med nokre no: Biletet viser ein ung gut som kikar på ei jente med ein penn i munnen. Teksten er "Att jag nyss hade haft pennan i näsan, var bara en av många, många saker hon inte visste om mig". Eit anna bilete viser ein ung gut som ser på ei bunadskledd dame som bles i lur. Teksten er "Jag trodde faktiskt att det var en kikare och att hon var dum i hovudet". Solid, og vel så det.

Det er ein sjanger det er lett å kopiera. Det er likevel ikkje lett å skriva så treffande tekstar som det Stenmark gjer.

Guffen tilrår.

Meir Stenmark på kulturguffebloggen
Du och jag (2008)
Skratta åt räkor (2014)