16. november 2012

Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)

Endå ei bok eg raska med meg frå boksalet i Øystese. Dei tre forfattarane har gjeve ut tre reisebøker saman tidlegare. Denne gongen går turen til Canada, eit land eg gjerne skulle vore i. Eg har prøvd ein gong så langt, men då vart eg stoppa på grensa. Denne boka får fint fram at Canada er eit spanande reisemål, men det er òg det mest positive ein kan seia om ho.

Det er ei bok som spriker i absolutt alle retningar. Dei har skrive ho som om dei har reist i lag heile tida, sjølv om dei òg tek med hendingar frå turar dei har reist kvar for seg. Det er tekstar om landskapet, om landet, om byar, om attraksjonar, men der er òg intervju med forfattarar frå Canada, omsette tekstar av desse forfattarane, og mot slutten av boka kjem det eit langt kapittel som nærmast er ein biografi om Helge Ingstad. Det kapitlet er eitt av dei lengste i boka; andre kan vera på berre nokre liner.

Dei ulike kapitla er ikkje signerte, det kjem altså ikkje fram kven som har skrive kva. Av dei tre forfattarane kjenner eg skrivestilen til Hovland best, og ser nok kva kapittel han har skrive. Dei er dei morosamaste i boka, men der er ikkje like mykje å le av som i andre Hovland-tekstar. Resten av kapitla i boka er uventa ordinære. Og når det i kapitlet om Ingstad to gonger vert streka under kor greitt det var å ha eit kart over Canada for handa når ein les Klondyke Bill, er det påfallande at dei ikkje har sett at det i denne boka kunne vore greitt å trykt eit kart over landet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar