28. juli 2020

Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad: Vegen til Navan (1995)

Trioen bak denne boka har gjeve ut fleire reiseskildringar. Eg har lese to av dei før, og plukka med meg to til då eg var innom i Fjærland sist veke. Dette er den andre boka dei gav ut saman, og turen går til Irland.

Det tek liksom aldri heilt av. Aktivitetane deira er dei same dei stadene dei stoppar. Det handlar mykje om pub-besøk, der dei sjølvsagt drikk litt, dei kommenterer klientellet i puben (med hovudvekt på kvinnene), og dei skriv mykje om musikk. Nokre musikarar har dei intervjua, medan nokre får tekstane sine omsett. Dei vitjar òg nokre stader som kan knytast til kjende forfattarar, og også her kjem det gjerne nokre omsetjingar. Ved eitt høve bruker dei ein lengre tekst frå ein forfattar, noko Roddy Doyle skreiv om Jackie Charlton.

Det er litt ujamt. Nokre tekstar er fin, andre fengar langt mindre. Det kjem ikkje fram kven som har skrive kva, og dei omtalar òg kvarandre med dekknamne Doc, Mac og O. Det alle uansett kan semjast om er at dei hadde ein fin tur, og boka gav meg lyst til å vitja Irland ein gong.

Guffen er lunken.

Meir Helleve på kulturguffebloggen
Vegen til Molde (1986)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Vegen smal og porten trong (1981)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Meir Kaldestad på kulturguffebloggen
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar