11. juni 2020

Curb Your Enthusiasm, sesong 10 (2020)

Ny sesong, og nivået er framleis svært høgt. Heller ikkje Larry David vert yngre, viss eg reknar rett er han 73 år, men han er framleis energisk. Han hissar seg opp, han ropar og skrik, han rører på seg, han likar damer.

Her er to gjennomgåande tema: Metoo er eit tema som dukkar opp sporadisk. Sekretæren til David går til sak mot han, grunna kommentarar ho tolkar annleis enn han, og grunna ein samtale han har med manageren sin på kontoret sitt. David dreg fram dei verste Trump-sitata; manageren liknar på Harvey Weinstein. Eit anna tema er hemn. David vert bannlyst frå kafen Mocha Joe's, og leiger nabolokaet for å opna Latte Larry.

Handlinga er ikkje alltid like viktig, det geniale i serien er dialogane. Dei er framleis stort sett improviserte, og det er jamt over fabelaktige. Dei beste samtalane er mellom David og leigebuaren Leon, som er så god at eg smiler berre eg ser at det kjem ei scene der han er med.

Her er mange gode episodar. Episoden der David og fire-fem andre er gjestar i eit bryllaup i Mexico er finfin. Episoden der David vert kjent med ein handikappa kar er finfin. Aller best er kanskje episoden der Jon Hamm skal spela ein film der hovudpersonen er basert på David, og der Hamm difor følgjer etter David nokre dagar, for å henta inspirasjon til rolla si.

Guffen tilrår.

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 11 (2021)
Sesong 12 (2024)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar