Viser innlegg med etiketten film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten film. Vis alle innlegg

7. september 2026

Harila - nådeløse fjell (2026)

Det er fascinerande med folk som reiser til dei mest ekstreme delane av kloden for å setja rekordar. Det er òg ofte noko egoistisk over det, men det fascinerer likevel. For Kristin Harila handla det ikkje berre om å koma seg til topps på dei 14 fjella som er høgare enn 8000 meter - ho ville gjera det raskare enn nokon annan. Det fyrste forsøket, i 2022, måtte avlysast av di ho ikkje fekk visum til Tibet, der dei to fjella ho mangla ligg. Ho prøvde igjen året etter, og no gjekk det betre: På berre 92 dagar greidde ho alle 14 toppane, saman med sherpaen Tenjen "Lama" Sherpa. Det var ein fabelaktig prestasjon.

Filmen om denne prestasjonen er ikkje like fabelaktig. Her er nok av flotte bilete, sjølvsagt, men filmen manglar dramatikken som gjer det verkeleg fengslande. Det vert noko oppramsande over det heile - nokre av toppturane vert presentert omtrent likt; andre toppturar vert så vidt nemnde i det heile. Det er ikkje før ho kjem til den fjortande toppen, K2, at det verkeleg skjer noko: Her fekk Harila i ettertid kritikk for å ha gått over lik for å ta rekorden sin. Ho vart reinvaska i ettertid, men ei stund var det ho (av dei mange, mange som gjekk til topps den dagen) som fekk kritikk.

Naturbileta frå flaksehalsen på K2 er noko av det mest fantastiske i filmen. Eg har lese nokre bøker om K2, men ikkje forstått kor skummelt det partiet er før no. 

Guffen er lunken.

10. august 2026

Nonnas (2025)

Dette var vel den eine gongen i året at heile hushaldet samla seg om ein film. Smakane sprikar, slik at dette vart eit kompromiss ingen var heilt nøgde med.

Filmen er basert på ei sann soge: Italiensk-amerikanske Joe Scaravella har nett mist mor si. Han arvar ein del pengar, og finn ut at den beste (og mest optimistiske) måten å heidra mora på er å opna ein restaurant. Han har ikkje noko røynsle med dette, korkje å driva ei verksemd eller å jobba på restaurant, men løysinga hans er sjarmerande: Han inviterer bestemødrer, nonnas, til å laga heimelaga mat på kjøkkenet. Han tilset fire nonnas. 

Det heile går til pises. Bortsett frå slekt og vener får dei ingen gjestar, og Joe får heller ikkje napp hjå matjournalistar. Han vert motarbeidd av lokale folk på Staten Island, og til slutt må han innsjå at han må stengja dørene. Men sidan dei har mykje ferdiglaga mat inviterer han kreti og pleti til eit siste ope hus. Og - under over alle under - ei av dei som kjem er ein matjournalist, og ho skriv så varmt om maten og restauranten at alt likevel ordnar seg.

Grei tidtrøyte framfor skjermen. Nja, for så vidt, sjølv om du neppe får lettare underhaldning enn dette. Og eg er stor tilhengar av å sjå filmar fleire gonger, men her trur eg ikkje det vert aktuelt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

8. august 2026

On the Waterfront (1954)

Sommaren 1988 budde eg i Breckenridge, Colorado. Der var det ein filmfestival. Dei viste stort sett nyare filmar, men dei viste òg denne filmen, og sjølvaste Karl Malden var der for å snakka litt, både før og etter filmen. 

Eg hugsar filmen som eitt av høgdepunkta under festivalen, og eg likte filmen også no, men det er kanskje ikkje så altfor originalt. Det handlar om hamna i Hoboken, New Jersey, der ei sterk fagforeining styrer alt som skjer, omtrent slik mafiaen ville gjort det. Hovudpersonen, Terry Malloy (spelt av Marlon Brando), er på lag med leiaren for fagforeininga, men han passar berre delvis inn. Då han vert lurt til å vera med på mordet av ein potensiell tystar, leiar han i staden eit opprør mot foreininga, assistert av Edie Doyle (dotter til han som vart drepen) og presten Barry (spelt av Karl Malden). Så kjem det litt vald og slåsting, før det kjem ein passeleg happy ending.

Det er altså ein fin film, men det vert litt lite originalt, av og til vert det nesten klisjefullt. Måten Malloy stavrar seg fram mot slutten er nesten pinleg. Det er òg ein film der det omtrent berre er menn - Edie Doyle er den einaste kvinna med ei nokolunde stor rolle. På den andre sida er Brando rimeleg stor i denne filmen, som vel var ein av dei fyrste filmane hans.

Guffen tilrår.

2. august 2026

Girl Climber (2025)

Denne filmen handlar om den amerikanske klatraren Emily Harrington. Ho har ein draum: Ho vil verta den fyrste kvinna som klatrar ruta "Golden Gate" på El Capitan i Yosemite på under 24 timar. Tre andre kvinner hadde klatra andre ruter i den same fjellveggen på under 24 timar, men ikkje denne. Det er ei krevjande rute - fjellveggen er over 900 meter høg. Heller ikkje mange menn har klatra ruta på så kort tid - viss eg forstår internett rett var det maks fem. Harrington er ambisiøs, så sjølv om ho mislukkast nokre gonger prøver ho igjen. Filmen får ein happy ending. 

Det er ein fin film. Klatring er ein av idrettane der det er opplagt at kvinner og menn konkurrerer kvar for seg, og det handlar dels om rekkjevidde. Langs ruta har Harrington merka seg ut fem krevjande taulengder, og i den eine av desse, ei sprikk (skorstein), er det vanlege trikset å kila skorne fast mellom sidene av skorsteinen. Harrington har ikkje store nok sko her, men ho finn ei løysing: Ho tek på seg eit ekstra par sko på dette strekket. Ho klatrar saman med legendariske Alex Honnold, som tørt kommenterer at dette er noko nytt i klatresoga.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
(2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)

26. juli 2026

The Odyssey (2026)

Dikt-eposet (eller epos-diktet?) Odysseen er, som alle veit, ein av hjørnesteinane i litteraturhistoria. Det er (truleg) nærare 3000 år gamalt, det skal vera skrive av Homer, og det finst ei lang, lang rekkje av omsetjingar. Arne Garborg sette det om til nynorsk, og dette var den fyrste norske omsetjinga. Boka kom ut i 1918. 

Det har òg vore filma fleire gonger. Denne nyaste filmen er like episk som ein kan venta det - filmen varar bortimot tre timar, og her er ikkje spart på konfekten. Her er store krigsscener, her er storslegne landskap, og det er òg solid skodespel. Eg var noko usikker på om filmen var noko for meg, men eg hadde fine timar i kinosalen.

Odyssevs, som er konge i Ithaka, har vore heimefrå i tjue år. I filmen vekslar mellom det han har opplevd, og det som skjer i Ithaka. Der går mange ut frå at han er død, og kona hans har mange friarar. Han er ein son som har rett til å arva trona, men han er sett på som ein pusling. 

På reisene sine opplever Odyssevs mykje. Filmen opnar med det kjende gjennombrotet i krigen om Troja, der Odyssevs og mennene hans kjem seg inn i byen ved å gøyma seg i ein trehest. Etter denne vinsten tek han ein omveg heim, og møter mellom anna sirener, monster og ei trollkone, i tillegg til at han må innom dødsriket Hades.

Det er fengande, og det er bra. Me veit jo (omtrent) kva som skal skje; me veit at Odyssevs overlever alt han er ute for og at han kjem til å koma heim for å ordna opp, men det er likevel ein høveleg spanande film.

Guffen tilrår. 

18. juli 2026

Untold: Chess Mates (2026)

Gode dokumentarfilmar bør fortelja ei god historie, men dei bør òg ha (minst) éi uventa vending. Slik er det absolutt her, og denne filmen fenga meg heile vegen. 

Den unge amerikanaren Hans Niemann vart eit nett-fenomen i sjakkverda. Han viste langt meir kjensler enn andre, og var òg ein habil spelar. Ikkje heilt i verdstoppen, men på eit nivå rett under. Han var best i nettsjakk, og noko mindre god i fysisk sjakk. Under ei turnering i USA rundspelte han Magnus Carlsen. Carlsen er ikkje den beste taparen i verda, men vanlegvis er han irritert på seg sjølv. Denne gongen retta han skytset mot Niemann: Carlsen trekte seg frå resten av turneringa, og la ut ei melding som gjekk langt i å skulda Niemann for juks. Niemann vedgjekk seinare at han hadde juksa i 30-40 spel i nettsjakk, men det var lenge sidan. 

Andre store sjakkspelarar støtta Carlsen, og Niemann vart i stor grad frosen ut. Heilt til den store nettstaden chess.com ville finna ut om Niemann faktisk hadde juksa. Dei har gode apparat for å fanga juksarar på nettstaden sin, og prøvde ut dei same metodane på dei fysiske spela til Niemann. Og det er her den gode vendinga kjem inn: Dei fann ikkje noko prov på juks. 

Her er nye intervju med Niemann, Carlsen, far til Carlsen, leiarane av chess.com, og storspelaren Hikaru Nakamura. Det er ikkje tvil om at Niemann er den minst sympatiske av desse, han er arrogant og litt for sjølvsikker, men samstundes er det hjå han sympatien vert liggjande. Han snakkar om at dei etablerte sjakkspelarane har så stor respekt for Carlsen at dei automatisk støtta han, og at dei difor laga ein felles front mot Niemann. Den fronten finst framleis, sjølv om han altså vart frikjent for juks.

Guffen tilrår. 

17. juli 2026

In Restless Dreams: The Music of Paul Simon (2023)

Ein lang, roleg og fin film. Det handlar dels om innspelinga av Seven Psalms, plata Paul Simon gav ut i 2023, og dels om heile karriera hans. Eller kanskje halve karriera hans - den kronologiske gjennomgangen sluttar vel med The Rhythm of the Saints, som kom i 1990. Filmen er ikkje kronologisk bygd opp, det vekslar mellom samtid og fortid. 

Han slo gjennom som den mest kreative delen av duoen Simon & Garfunkel. Han skreiv så godt som alle songane deira, medan Art Garfunkel var god på arrangering og harmonering. Dei to røystene deira stod godt til kvarandre, og etter at dei slo gjennom med den andre versjonen av "The Sound of Silence" i 1965 var dei store. Den siste LP-en deira, Bridge over Troubled Water, kom i 1970, og førte til at dei vart endå større. Men då var òg dei to barndomsvenene leie av kvarandre, og Simon oppløyste gruppa.

Karriera hans gjekk litt opp og ned fram til 1986, då den aldeles glimrande plata Graceland kom. Filmen er klar over at dette var eit storverk, og gjev mykje plass til innspelinga og konsertane etterpå. Og til kontroversane - for førti år sidan var det jo slik at land som praktiserte apartheid vart boikotta av kulturverda, og Simon fekk kritikk for at han reiste til Sør-Afrika for å spela inn musikk med musikarar derfrå. Han forsvarte seg på ein grei måte - han greidde ikkje å forstå at boikotten skulle gå utover dei undertrykte i Sør-Afrika.

Simon gjev heile tida eit godt inntrykk, både i dei gamle arkivopptaka og i dei nyare intervjua. Han var 82 år då Seven Psalms kom ut, men han var likevel heile tida på leit etter dei beste lydane, dei beste tekstane og dei beste songane. 

Guffen tilrår. 

29. juni 2026

Disclosure Day (2026)

Det er vel ikkje heilt min type film, dette, men det var eit heilt greitt avbrot frå familieferien. 

Det finst visst eit topphemmeleg firma i USA, som har samla inn materiale om dei mange besøka frå verdsrommet. Dei har mange filmar og foto av UFOar og romvesen, men dette har dei sett seg nøydd til å halda hemmeleg. Og, merkeleg nok - dette har dei greidd å halda hemmeleg. Heilt til ein av hovudpersonane i filmen har teke kopi av alle filmane, for å dela dette med heile verda. Firmaet sender ut sine beste menn for å stoppa dette, og mykje av filmen handlar om denne jakta, der varslaren, kjærasten hans, og ei som jobbar som fjernsynsmeteorolog på meir eller mindre truverdig vis greier å halda seg på frifot. Til slutt greier dei å koma inn i fjernsynsstudioet hennar, der dei får sendt filmane. 

Er det ein film eg kjem til å sjå fleire gonger? Nix. Var det heilt grei underhaldning? Ja.

Guffen tilrår.

24. juni 2026

Toy Story 5 (2026)

Eg hadde ikkje altfor høge forventningar til denne filmen. Toy Story 1 og Toy Story 3 er kjempefilmar som eg har sett fleire gonger, og Toy Story 2 er òg over middels. Toy Story 4 var derimot ein stor nedtur, og dei fyrste meldingane av denne filmen var òg lunkne. Men, gledeleg nok - dette er ein god film. 

Her er mykje å le av, og filmen har òg ein viktig bodskap: Alle skjermane og alt dette KI-greiene tek livet av den gode, gamle leiken. Eg er rett nok ikkje heilt overtydd om at barnefilmar bør ha altfor klare bodskapar, men når her fyrst skal vera ein bodskap, er jo dette fornuftig.

Bonnie, som overtok leikene etter Andy, er ei veldig forsiktig jente. Foreldra hennar vil helst ikkje at ho skal verta digital, men dei oppdagar fort at alle andre jenter er digitale, så Bonnie får ein skjerm, ho òg. Då bryr ho seg ikkje lengre om leikene sine, som sjølvsagt vert vonbrotne. Dei finn ut at dei må stoppa denne utviklinga, og - spoiler - det greier dei jo. 

Her er altså mykje å smila og le av. Det kunne godt vore meir samspel mellom dei to gamle hovudleikene, Woody og Buzz, men på den andre sida er det så mange Buzz-ar her at det er eit godt plaster på såret.

Guffen tilrår. 

Meir Toy Story på kulturguffebloggen
Toy Story 3 (2010)
Toy Story 4 (2019)

8. juni 2026

Kampen alle vann (2026)

Aurlandsdalen er ein fantastisk flott dal. Eg har vandra ned dalen to gonger - ein gong som ein del av ein tredagars tur frå Finse; ein gong frå Østerbø. Det er bratt, det er vått, det er vakkert. 

Aurlandsdalen kunne vorte øydelagd. I 1960-åra var det planar om å byggja ut heile vassdraget, og i dei fyrste planane skulle det gå både veg og kraftliner gjennom dalen. Takka vera nokre unge idealistar vart planane endra - vassdraget vart utbygt, men vegen og kraftlinene vart flytta. Dette var den fyrste store kampen om kraftutbygging i Noreg, og all honnør til dei to som kjempa hardast - Ørnulf Hodne og Svein Tornås.

Det er dei to som er dei verkelege heltane her. Filmen fortel òg om korleis utbygginga vart utført, og om korleis dette har vore med på å gjera den fattige kommunen Aurland til ein av dei ti rikaste i landet. Filmskaparane har intervjua mange av dei som var med i 1960-åra, men her er òg mange gamle filmklipp. Nokre av desse klippa viser korleis tilhøva var i Aurland i gamle dagar, og dei er flotte, men det er artigare å sjå klipp frå fjernsynsdebattar der dei (relativt) unge natur-aktivistane er i debatt med Aurlandsordføraren. Dei vil berga dalen; han tenkjer berre på pengar.

Og dei mange fina klippa frå Aurlandsdalen gav meg lyst til å gå turen (minst) éin gong til.

Guffen tilrår. 

19. mai 2026

Harry Dean Stanton. Partly Fiction (2012)

Harry Dean Stanton var ein av dei tøffaste skodespelarane. Han hadde få hovudroller, men han hadde eit fjes og ein stil som gjorde at eg alltid la merke til han. Denne filmen er vel eit slags portrett av han, laga fem år før han døydde. 

Filmen er grovt sett tredelt. Regissøren prøver å snakka med Stanton, utan at han opnar seg altfor mykje. Det er meir lyd i han når han snakkar med David Lynch, som brukte Stanton i nokre filmar - i The Straight Story er han med i eit par minutt heilt til slutt, men dei minutta er fabelaktige. Den tredje delen av filmen viser fram musikaren Stanton, der han framfører nokre halv-triste viser.

Det er ein fascinerande film. Stanton er nok klar over kor stor han er, men han framstår som rimeleg smålåten. Han fortel litt om privatlivet, på ein måte som får meg til å tru at dette er soger han har framført før. Han vart aldri gift og fekk aldri ungar, men var likevel ein ladies' man

Guffen tilrår. 

18. april 2026

Father Mother Sister Brother (2025)

I gamle dagar hadde den lokale kinoen lysingar i lokalavisa. Slik er det ikkje lengre. Dei reklamerer sikkert via sosiale media og slikt, men for dei av oss som gjev ein god ein i alt slikt, er det ikkje alltid lett å få vita kva filmar som går. Eg såg ei melding av denne filmen ein annan stad, og sjekka like godt nettsidene til kinoen. Eg var ikkje spesielt optimistisk, men eg hadde flaks: Filmen skulle visast same kveld.

Det er ein finfin film. Han er sett saman av tre episodar, der både tema og replikkar er i nær slekt. I den fyrste delen, Father, kjem ein son og ei dotter på besøk til faren, som bur for seg sjølv litt utanfor folkeskikken. I den andre delen, Mother, kjem to ulike døtrer på det årlege besøket sitt til mora. Og i den tredje, Sister Brother, møtest to sysken i Paris for å ta endeleg farvel med leilegheita til foreldra, som nyleg døydde i ei flyulukke.

Det handlar altså om kontakt på tvers av generasjonane. I alle tre episodane er kontakten mellom syskena varmare og nærare, enn kontakten mellom foreldre og born. Dei to syskena i Paris blar i papira etter foreldra, og merkar at dei ikkje veit så altfor mykje om dei. Det er kanskje slik det er, at foreldre ikkje viser alle korta sine. 

Skodespelet er jamt over godt, men aller best er Tom Waits. Han spelar faren i den fyrste filmen, og eg merka at eg kunne ha sett på han i timevis. 

Guffen tilrår.

16. april 2026

The Blair Witch Project (1999)

Sommaren 1999 var eg i den amerikanske midtvesten for å halda eit foredrag. Eg budde nokre dagar i Minneapolis, hjå ein journalist eg såvidt hadde møtt i Noreg nokre veker før, og det var seige dagar. Ein kveld foreslo ho at me skulle sjå denne filmen, som nett var lansert på kino og som alle snakka om. Eg var (og er) rimeleg lunken til skrekkfilmar, men eg vart med. Og det var heilt greitt - filmen er så pass original at han fungerer godt.

Filmen kler seg ut som noko anna enn han er: Det opnar med ein tekstplakat om at tre ungdommar forsvann då dei skulle laga ein dokumentar om ei heks ein stad i skogane i Maryland. Kameraa deira vart funne, står det vidare, og denne filmen er sett saman av det dei filma. Det opnar relativt greitt, dei intervjuar folk i nabobyen, før dei reiser ut i skogen. Der vert dei skremde, dei går seg vill, dei høyrer lydar utanfor teltet, dei kranglar, dei går tomme for mat, ein av dei forsvinn, og filmen sluttar med at dei to andre òg vert drepne.

Filmen skapar altså ein illusjon av at dette er originalopptak. For at det skal fungera må filminga vera amatørmessig, det må vera dårleg lyd og rar klipping, skodespelarane må ikkje vera sminak og styla, og så bortetter. Slik er det, og det er noko av det fine med filmen. Ei relativt harmonisk scene kan verta avbroten at me er midt inne i noko langt meir dramatisk. Inne i skogen er alt òg relativt klaustrofobisk, der dei ofte er inne i eit trongt telt, og der dei ofte ikkje ser kva som skjer inne i myrkret.

Guffen tilrår.

28. mars 2026

The Rise of the Red Hot Chili Peppers. Our Brother, Hillel (2026)

I dag vert gjerne Red Hot Chili Peppers omtalt som eitt av dei mest plagsame banda i verda, men slik har det ikkje alltid vore. Rundt 1990 vart dei enormt store, og nokre av platene frå dei åra toler (truleg) eit gjenhøyr godt. Det gjennombrotet kom etter at gitaristen Hillel Slovak døydde av ein overdose, og denne filmen handlar (i hovudsak) om tida fram til han døyr.

Det er ein fin film. Dei tre andre i bandet då, vokalisten Anthony Kiedis, bassisten Flea og trommeslagaren Jack Irons, fortel om tida før og etter bandet. Slovak, Kiedis og Flea vart eit trekløver midt i tenåra, og då var Slovak den einaste som spelte. Han var ein kreativ og god gitarist i Anthym, og då dei trong ein bassist foreslo han at Flea skulle verta med. Flea var musikalsk, men instrumentet hans var trompet, ikkje bass. Det gjekk likevel bra, etter kvart vart Kiedis med, og så vidare. Dei spelar inn plater, dei reiser på turne, og dei vert eit solid band. Men det vert altså for mykje dop.

Desse formative åra for eit band (og for folk) er ofte dei mest spanande å høyra om. Slik er det her òg, sjølv om det me får høyra sjølvsagt er farga av at dette hende for lenge sidan. Dei tre bandmedlemmene er ikkje dei einaste som snakkar - familie og vener og kjærastar kjem òg til orde. Intervjua med dei tre musikarane forsterkar det inntrykket eg har av dei: Irons er forsiktig og ikkje altfor snakkesalig; Kiedis er litt sjølvoppteken, der han sit med nyfarga hår og tettsitjande t-skjorte, medan Flea er den sympatiske, som fleire gonger bryt i gråt når han snakkar om Slovak.

Guffen tilrår. 

18. mars 2026

Louis Theroux: Inside the Manosphere (2026)

Theroux har laga mange dokumentarar. Han går ofte rett inn i merkelege eller kritiske underkulturarar, og prøver på eit litt keitete vis å få medlemmene til å opna seg opp. Han oppsøkjer gjerne situasjonar der han sjølv vert ukomfortabel, og slik er det absolutt her.

Filmen handlar om dei altfor maskuline påverkarane. Eg har (sjølvsagt) korkje sett eller høyrt dei snakka, men eg har i alle fall høyrt om to av dei det vert snakka om her, dei to Tate-brørne. Dei Theroux snakkar med er same ulla - dei har altfor store musklar, altfor høge tankar om seg sjølv, og er altfor glade i å presentera løgner og konspirasjonsteoriar som sanning. 

Det er ikkje spesielt behageleg å sjå på. To av dei han snakkar mest med seier begge at dei praktiserer "one-sided monogamy", som går ut på at han kan vera verdas største rundbrennar, medan kona/sambuaren ikkje kan vera det. Dei står og seier at det er slik menn og kvinner er, viss ei kvinne elskar ein mann høgt nok, finn ho seg i slike sidesprang. Kona står ved sida av og nikkar. Dei har òg ein altfor låg terskel for å bruka vald, eller å snakka om å bruka vald. Ikkje uventa heiar dei på Trump.

Det er ein heilt grei film. Theroux kunne gjerne ha pressa dei litt hardare, men dei gongene han vert meir kritisk enn dei har lyst til, får han gjerne nokre sekund stillheit før svaret kjem. Og han kunne godt ha pressa dei litt meir på kvifor dei har så forkvakla kvinnesyn.

Guffen tilrår.

26. februar 2026

The Silence of the Lambs (1991)

Eg husgar rimeleg godt kor mykje skryt denne filmen fekk då han kom. Alle skulle sjå han, og dei aller fleste vart imponerte - ein ting alle snakka om var skodespelet til Anthony Hopkins. Filmen fekk fleire Oscar, mellom anna for beste film. 

Det var difor noko uventa at filmen ikkje er noko å skryta av. Kanskje han er forelda, kanskje det er andre grunnar, men dette var ikkje spesielt spanande. Det var heller ikkje spesielt skremmande. Derimot var det klisjefylt, med fleire scener som me har sett mange gonger før. Nokre scener er direkte pinlege, som den då Clarice Starling er den einaste kvinna i eit rom fylt av politimenn, og der samtlege av mennene er akkurat like fordomsfulle som me skulle tru.

Starling, spelt av Jodie Foster, er nesten ferdig utdanna som FBI-agent. Ho vert sendt for å intervjua Hannibal Lecter, spelt av Hopkins. Dei to får eit slags krevjande forhold, der han etter kvart går med på å gje ho hint om kven den aktive seriemordaren Buffalo Bill eigentleg er. Starling finn Bill og drep han; Hopkins kjem seg ut av fengselet han sit i. 

Det heile er altså uventa seigt og keisamt. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. februar 2026

Springsteen: Deliver Me From Nowhere (2025)

Bruce Springsteen framstår som ein sympatisk kar. Han har gode meiningar, og han er ikkje redd for å ytra dei. Nyleg gav han ut singelen "Streets of Minneapolis", der han er ekstremt kritisk til fridomen Trump har gjeve ICE, og til korleis ICE oppfører seg.

Musikken hans er derimot langt, langt under middels. Han kan godt vera den største artisten eg aldri har høyrt eit heilt album av. Då eg for nokre år sidan las sjølvbiografien hans tenkte eg at kunne prøva igjen, men det var meir enn nok med ein halv song. Men, sidan han er sympatisk, og sidan eg lå som eit slakt på sofaen her om dagen, valde eg å gje filmen ein sjanse.

Det handlar om åra då han vart ei noko større stjerne. Filmen opnar med at turneen hans etter The River vert avslutta. Plata og turneen gjorde han meir populær enn nokosinne, og filmen handlar om den mentale knekken han då fekk. Han isolerer seg, han innleier eit halvhjarta forhold til ei kvinne han møter, og han spelar inn nokre akustiske songar på eit heimestudio. Han får ikkje til å skapa den same kjensla i eit skikkeleg studio og insisterer på at heimeopptaka skal gjevast ut. Plata kjem ut under namnet Nebraska, og sjølv om han nektar å vera med på promotering av plata, sel ho mykje og forsterkar statusen hans. 

Det er ein forbausande tannlaus film. Det er uoriginalt, det er klisjefullt, det er ingen spanande dialogar, det er eit skodespel på det jamne, og det er litt uklart kven filmen er laga for. Vil verkeleg dei som likar Springsteen ha ein så puslete film?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

18. februar 2026

Breakdown: 1975 (2025)

Dette er ein dokumentar som fortel litt amerikansk historie og litt filmhistorie. Det handlar mykje om korleis amerikanske filmar i og rundt 1975 kommenterte det som skjedde i samfunnet. Filmskaparane har intervjua skodespelarar, regissørar og andre som anten var aktive då, eller som ser tilbake på desse filmane. 

Eit av dei viktigaste poenga filmen vil få fram er at det amerikanske samfunnet lenge har vore på veg mot undergangen. Me snakkar gjerne om at Noreg er eit land med høg tillit til politikarar og andre mektige personar. Denne filmen meiner at det lenge var slik også i USA, men at det rundt 1975 vart opplagt at denne tilliten ikkje var fortent. Her er det litt Watergate, litt rasepolitikk, litt Vietnam, osb - store saker som prega det amerikanske samfunnet. 

Men det er òg eit viktig poeng at amerikansk film lenge har vore på veg mot undergangen. Filmen sluttar med at Haisommer vert ein kjempesuksess, og i åra etter vert det målet til Hollywood: Det som fanst av samfunnskritikk i filmar måtte vika for ei jakt på filmar som tente store, store pengar. 

Guffen tilrår. 

17. februar 2026

Top Secret! (1984)

Nja. Filmen er laga av dei same som laga Airplane og Naked Gun. Det er av og til lett å sjå, og av og til langt vanskelegare å forstå. Her er litt å le av, men det er òg litt for mange pinlege vitsar.

Filmen er ei lett blanding av mykje rart. Ei amerikansk popstjerne frå 1950-åra, Nick Rivers, vert sendt til ein kulturfestival i Aust-Tyskland. Det viser seg at Aust-Tyskland minner svært mykje om Nazi-Tyskland. Rivers vert innblanda i fridomskampen til motstandsrørsla, og greier (sjølvsagt) å løysa både eitt og hitt.

Nokre av vitsane i filmen er gode, og dei fleste av desse er visuelle. Det fungerer godt då Rivers kryp på magen mot nokre tyske uniformstøvlar, eller då det er stasjonen og ikkje toget som flyttar på seg, eller då telefonen i framgrunnen faktisk er like stor som han ser ut. Men det er langt fleire vitsar som er dårlege, og altfor mange av dei er litt halv-pikante. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

4. januar 2026

Cover-Up (2025)

Seymour Hersh er ei legende i amerikansk journalistikk. Han er nesten 90 år, men er framleis aktiv. Denne filmen handlar mest om saker han har skrive og reaksjonane det har skapt. Han fortel villig om det meste, med eit stort unntak: Han vil absolutt ikkje snakka om kva kjelder han har brukt (i dei tilfella der dei ikkje er kjende).

Den fyrste store saka hans var My Lai-massakren under Vietnam-krigen. Denne saka handla om korleis amerikanske soldatar i 1969 hadde massakrert minst 347 sivile vietnamesarar i landsbyen My Lai, og artiklane til Hersh var nok med på å auka skepsisen mot krigen. Seinare dekte han viktige saker som Watergate (der han ikkje var fyrst, men der mange av artiklane hans tok opp tema ingen andre hadde kome til), og nyare saker som torturen amerikanske soldatar dreiv med i Abu Graib-fengselet i Irak under Irak-krigen i åra etter tusenårsskiftet. Eit gjennomgåande tema var altså kritikk av den amerikanske regjeringa, eit tema som jo alltid er aktuelt, og han må ha vore rimeleg upopulær hjå dei med mest makt i USA. 

Akkurat det er filmen så vidt innom, men det er viktigare å presentera arbeidet til Hersh. Det vert gjort på ein finfin måte, og eg tenkte fleire gonger på at eg bør lesa noko av det han har skrive. Eg har kjent namnet hans lenge, men har altså ikkje lese bøker av han.

Guffen tilrår.