24. juni 2020

Ragnar Hovland: Vegen smal og porten trang (1981)

Dette er ei av dei fyrste bøkene til Hovland. Han debuterte i 1979, og denne kom to år seinare. Det står ikkje noko om det i boka, men minst éin av historiene var trykt andre stader før. Ein gong eg var på opplesing med Hovland sa han at "Strandvik Symfoniorkester" var den fyrste teksten han fekk på trykk, viss eg hugsar rett var det i Studvest.

Det er ein av mange svært, svært gode historier her. Me er oftast på Vestlandet, det er ofte bygdeungdomar det handlar om, og det er veldig mykje å le av her. Historiene er gode, språket er sprell levande, og Hovland strør om seg med høgst originale vendingar. "Ein mild sommarvind slentra inn frå fjorden med nevane i bukselommene" er eit greitt døme på det. Ein annan stad har forteljaren sonen hans heiter Petter - han ville eigentleg kalla han Åsmund, men mora ville kalla han Donald, og "så møttest vi på halvvegen".

Boka hadde ein litt trong fødsel. I Ler dei no, så har eg vunne fortel Hovland at boka fyrst vart refusert, før det kom ein ny redaktør til Samlaget. Han hadde tru på boka, boka vart utgitt, boka vart hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, og selde rundt 30 000 eksemplar. Inntektene frå boka tilsvara to årsløner for Hovland, som dermed kunne arbeida mindre som lærar og meir som forfattar.

To av historiene i boka vart seinare filmatisert, "Ei fullstendig oversikt over rockens historie i Fusa" (filmen heiter "Eddie Stargazer") og "Dei siste beatpoetane i Sunnhordland" ("Beatpoetane"). No er det ikkje slik at norske kortfilmar har eit altfor stort publikum, men fleire av historiene her kunne vore filma, og kunne ha vore med på å ført fleire inn i bøkene til Hovland. Her er han i alle fall i kjempeform.

Guffen tilrår.

Meir Hovland på kulturguffebloggen
Alltid fleire dagar (1979)
Sveve over vatna (1982)
Under snøen (1983)
Bussen til Peking (1984)
Professor Moreaus løyndom (1985)
Utanfor sesongen (1988)
Sjølvmord i skilpaddekafeen (1989)
Mercedes (1989)
Love Me Tender (1989)
Konspirasjonar (1990)
Paradis (1991)
Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd (1991)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Langs kvar ein veg (1992)
Over Bali og Hawaii (1992)
Eline og Julie tar ferja (1994)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Vegen til Navan (1995)
Dr. Munks testamente (1996)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Waterloo (1997)
Halve sanninga (1997)
Åleine i Alpane (1999)
Psst! Kubanske notat (2000)
Ei vinterreise (2001)
Norske gleder (2002)
1964 (2006)
Fredlaus (2006)
Dr. Munks popleksikon (2008)
Kunsten å komme heim (2011)
Stille natt (2011)
Helleve, Hovland, Kaldestad: Hadde eg berre ei elv så lang skulle føtene fly (2011)
Ragnar Hovland - 60 år i svevet (Bergen, 22.3.12)
Folgerø/Tokvam: Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012)
Frå Ragnar til alle (2013)
Om noko skulle skje (2016)
Litt betyr det no likevel (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar