9. oktober 2012

Som du ser meg (2012)

Dette er noko så uvanleg som ein god norsk film, ein film der det aller meste stemmer. Dei fire hovudpersonane i filmen er alle kvinner, og sjølv om dei ikkje kjenner kvarandre, kikar dei så vidt innom i liva til dei andre.

Grensene mellom røyndom og fiksjon er litt uklare i filmen (som sjølvsagt er fiksjon). Rammeforteljinga er at ein forfattar les inn si eiga bok på lydbok. Boka hennar har tre forteljingar, og filmen opnar med at forfattaren går forbi hovudpersonane i dei tre forteljingane på gata - dei tre bur i den same blokka. Også mot slutten av filmen ser ho ei av kvinnene ho skriv om.

Felles for dei fire kvinnene er at dei alle er i situasjonar der kommunikasjonen kunne vore betre. Det er veldig tydeleg i den fyrste forteljinga, der ein sjukepleiar kjem i konflikt med sjefen sin, og med sjukepleiarstudenten ho er rettleiar for. Men også i dei to andre forteljingane er det slik - ein drivande god omsetjar takkar ja til å omsetja bøker ho eigentleg ikkje likar, og ei kvinne som slit med økonomien takkar nei til ei raus gåve frå svigerinna si. Eit anna fellestrekk er at dei alle ikkje greier å stå for det dei meiner når dei møter nokon med litt meir autoritet. Ho siste kvinna har eigentleg tenkt å foreslå at slektningane kan kjøpa ein leilegheit som ho kan låna, slik at det ikkje verkar som bistand. Men før ho får sagt det, kjem svogeren hennar heim, og han foreslår at dei i staden kjøper ei hytte på fjellet, som alle kan bruka etter tur. Alle dei fire kvinnene som er til stades ser ut til å mislika denne ideen, men ingen av dei seier det dei meiner.

Filmen har eit glimrande manus. Me møter personar me trur på, personar me gjerne vil vita meir om. Det er ein film det går an å smila av, rett og slett fordi det er så bra. Filminga er god og original, karakterane som snakkar forsvinn gjerne bak opne skapdører eller dyner som flyttar på seg. Dialogane er gode, dei snakkar gjerne i munnen på kvarandre, og ein av dei få reine vitsane i manus vert fortalt på ein perfekt måte. I den siste forteljinga snakkar to syskenborn med kvarandre for fyrste gong på lenge, og ho eine spør kva ho andre driv med. Ho er kurator, viser det seg. Og kva gjer ein kurator? Han kuraterer. Akkurat. Og kva arbeider ho fyrste med? Ho arbeider på Norad. Og kva gjer ho der? Ho noraderer, seier ho, etterfulgt av eit lynraskt "neida", og litt latter.

Guffen tilrår.

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (2005) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar