30. desember 2021

Curb Your Enthusiasm, sesong 11 (2021)

Finst det mange seriar som held koken oppe gjennom 11 sesongar? Eg kjem ikkje på nokon, men eg er jo ikkje den som ser flest seriar. Det mest imponerande med dette er jo at dei ulike sesongane av Curb Your Enthusiasm i utgangspunktet er rimeleg like, men likevel er her meir enn nok å le av.

Kvar sesong har rett nok ei gjennomgåande historie, men det er ikkje alltid den som er det løgnaste. Denne sesongen opnar med at det vert funne ein drukna person i symjebassenget til Larry David. Han møter bror til den omkomne. Han fortel David at David har brote lova som seier at det skal vera eit gjerde rundt alle symjebasseng. Han seier vidare at han burde ha saksøkt David, men han vil heller inngå ei avtale med David: Han veit at David jobbar med ein ny fjernsynsserie, og viss dotter hans kan få ei rolle i den serien, skal han leggja vekk planane om eit søksmål. David går med på det, sjølv om det viser seg at dottera er ein aldeles hjelpelaus skodespelar. For David er løysinga grei: Han innleier eit forhold med ei av dei fem i byrådet, og arbeider hardt for å få ho til å fjerna lova om gjerde rundt bassenget.

Det seier seg sjølv korleis det går til slutt, men her er det jo vegen som er målet, og den vegen er altså fornøyeleg. Det dukkar opp situasjonar og hendingar som er fabelaktige, og David spelar rolla som seg sjølv betre og betre. Han slår som vanleg i alle retningar, og det gjer òg leigebuaren hans, Leon. 

Guffen tilrår. 

Meir Curb Your Enthusiasm på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2000)
Sesong 2 (2001)
Sesong 3 (2002)
Sesong 4 (2004)
Sesong 5 (2005)
Sesong 6 (2007)
Sesong 7 (2009)
Sesong 8 (2011)
Sesong 9 (2017)
Sesong 10 (2020)
Sesong 12 (2024)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar