6. september 2014

Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)

Charles R. Cross var redaktør for musikkavisa The Rocket, som kom ut i Seattle. Han var mellom anna redaktør tidleg i 90-åra, då Seattle i nokre år var den viktigaste musikkbyen i verda. For rundt ti år sidan skreiv han ein fin biografi om Kurt Cobain; no har han gjeve ut ei bok der han prøver å visa korleis Cobain framleis er viktig. Han kjem ikkje radt like godt frå dette - mykje av det han skriv er godt og originalt, andre gonger er det opplagte fraser han kjem med.

Utgangspunktet er greitt. I april 1994, same dag som det vart stadfesta at Cobain hadde teke livet sitt, fekk Cross ein telefon frå Larry King i CNN. Det fyrste King sa var at samtalen vart sendt live, altså utan at Cross fekk tid til å førebu seg. Mange av spørsmåla viste at King ikkje visste noko om Cobain, men han stilte likevel eitt spørsmål Cross har tenkt mykje på i dei tjue åra som har gått: "Why did Kurt Cobain matter?"

Cross går gjennom ulike område og leitar etter spor etter Cobain. Nokre av desse er så opplagte at det grensar mot det pinlege. Er det spor etter Cobain og Nirvana i musikk som er spelt inn etter 1994? Sjølvsagt. Det ville vore utenkjeleg at eit så stort band ikkje inspirerte andre, eller fekk reine kopiar. Det same gjeld for motar, sjølv om den typiske grungebuksa, ei avklipt dongeribukse, var eit plagg Cobain aldri gjekk i.

Meir interessant vert det når han snakkar om Cobain som intervjuobjekt. Cobain var lunken til å verta intervju, og han ville ikkje vera talsmann for ein heil generasjon, slik mange utpeikte han til, men han brukte likevel intervjua godt. Han snakka lite om musikken og seg sjølv, men meir om alt det urettvise han såg rundt seg. Han må ha påverka mange gjennom det han sa. Det er også interessant å lesa om kva følgjer dopmisbruket til Cobain, og sjølvmordet hans, fekk. Det har vore skrive om alle som tok livet sitt på same måte som Cobain; Cross snakkar med ekspertar på feltet, som seier at talet på sjølvmord faktisk gjekk ned dei neste månadene, både i heimstaten hans, Washington, men òg i dei yngre aldersgruppene over heile USA. Og mange musikarar greidde å slutta med dei sterkaste stoffa etter at Cobain drap seg; sjølvmordet hans verka altså som ein vekkar for mange.

Guffen tilrår.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt and Courtney (1998)
Everett True: Nirvana (2007)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Foo Fighters. Back and Forth (2011)
Cobain. Montage of Heck (2015)
Nick Soulsby (red.): Cobain on Cobain (2016)
Danny Goldberg: Serving the Servant (2019)
Dave Grohl: The Storyteller (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar